Skip to main content
Ny nettavis 2025-2026

Vi har over tid hatt utfordringer med vår nettavis, og har arbeidet for å få denne brukbar igjen. Like før jul 2025 havarerte dagens, slik at den som har vært under arbeid en tid for å erstatte den gamle ble tatt i bruk før den er ferdig.

Innhold på den nye nettavisa

Alt gammelt innhold er blitt med over - men vi sliter med feil under publisering av nytt. Satser på at dette er i orden på andre sida av årsskiftet. Per nå er avisa mulig å bestille og lese digitalt (PDF).

Logge inn som abonnent

Har du hatt konto hos Friheten før kreves det at du nå oppretter en ny. Dette gjør du under menyvalget Les eAvis. Her fyller du også inn detaljene vi trenger om du skal ha nytt papirabonnement - men har du det fra før inngår nettabonnent som før, du bare velger at du har dette og fyller inn abonnementsnr som står på avisa.

Regjeringens nye digitaliseringsminister Nikolai Astrup (H) på sitt nye kontor etter nøkkeloverrekkelsen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet tirsdag. 									Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Det kunne vi lese i ein rapport nyleg frå Bearingpoint. Dei slår fast at offentleg sektor heng att digitalt. Best i klassa er Norsk Tipping, verst Politiet, og dei er ikkje ein gong konkurranseutsatt.


Rapporten går nøye gjennom ulike områdar innanfor private selskaps digitale profil, og felleseige etatars. I samandraget av rapporten skriv dei at om vi skal tru Politiets utsegner, ynskjer dei å yte gode digitale tenester til befolkninga, men at dei ikkje synast dei har lukkast i å møte brukarane digitalt på ein god måte. Det heile er lagt opp til resultatjubel og skrekk, som slike undersøkingar ofte kan være om ein studerer sjølve rapporten, den er på 88 sider, og Friheten har gått gjennom den.


Digital mot analog har vi hatt i ein del år no, og det er som teknologioptimistar som skal løyse verdsproblema med ny og ikkje-oppfunne meisterverk, det er ofte stor jubel og framsnakken av det digitale. Det er slik at noko kan være bra såkalla analogt, og noko digitalt. Det er ikkje anten eller.


Strategi og planlagt utvikling
At strategi er viktig er ikkje nytt, og det slår redaktørsida fast i rapporten. Rapporten tek tak i seks dimensjonar av dei ulike føretaka; digital marknadsføring, digital produktoppleving, netthandel, kundebehandling, mobiloppleving og bruk av sosiale media. Min augeblikkelege tanke er at det kanskje vil være vanskeleg å bedømme mange selskap på disse kategoriane, ikkje alle har vel behov for netthandel, som Skatteetaten eller Politiet. «Bot til sals»
Innan marknadsføring har dei vurdert ulike marknadsføringsmåtar, som betalt per klikk, krysslenkjer, annonsar i media mv. Vinmonopolet gjer det naturleg nok dårleg i denne kategorien, med forbodet mot å reklamere for alkohol. Telefoniselskapet Telenor vinn, og vart og sjette beste i Europa på marknadsføring.


Ny regjering
Med den nye regjeringa har me og fått ein eiga digitaliseringsminister, Nikolai Astrup. Klart er det viktig å samordne organisasjonar, planar og system for ein heilheiter bruk som gjer at kvar etat blir den beste i sitt slag. Spørsmålet er berre om det er privatisering og konkurranseutsetting som er løysninga, for slikt har vi sett for eksempel i Storbritannia med privat behandling av byggjesaker og heilprivate jernbanespor som har hatt samanbrot på grunn av at vedlikehaldet vart stoppa.


Som leiar i polyteknisk foreining sa i Dagsnytt 18 den 22. januar, vi treng ikkje målingar som viser digital dilleevne blant forbrukarane på kvar sin mobiltelefon. Det er ikkje det som bringar samfunnet vidare. Likevel får slike målingar stadig stor plass.


Digital produktoppleving. Vurderingane er lagt på produktkommentarar, detaljert produktinformasjon, samanlikning av produkt, kampanjar på nettsida og integrasjon mot sosiale media. I denne kategorien vann Komplett, for å ha ein god nettbutikk. Nettbutikken opplyser ikkje lengre kva ein betaler i meirverdiavgift, noko som er pålagt, med mindre du er komme videre frå «handlevogna» og fyller ut kortinformasjonen.


Netthandel er noko mange etter kvart kjøper produkt frå, og produkt-tilgjengelegheit, «klikk og kjøp», direkteprat med kundebehandlar, hurtig-leveranse er viktige områdar skal vi tru rapporten, og dei er vektlagt. Ei undersøking frå PostNord, «utfordraren» i postkonkurransen, viser at 4 av 10 nordmenn handlar månadleg frå utlandet, og 34 % av det er frå Kina, og vi er dei i Norden som handlar aller mest på nett. PostNord er derimot heldig, det er ikkje dei som «taper» på Kina-posten, men nettopp Posten. Slike konkurransefortrinn gjer seg godt. Det er nemleg slik at utanlands sendingar ofte kjem til Noreg utan at det er så mykje restporto att, og det gjer at Posten fordeler dette glatt utover alt det andre. Det er Posten som tar voluma av slike sendingar frå utlandet.

 

Les mer i Friheten 

Comments RSS feed Comments

Add New Comment
Tilgangsnivå for dette innholdet.

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia | BuyAndRead | NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Nett:

Kontakt avisa eller redaksjonen Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby Telefon ansvarlig redaktør:

ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.) Kopirett © Friheten 1997-2026 - Republisering

Cron Job Starts