Demonstrasjon i april i Montenegro mot innmelding i alliansen												REUTERS/Stringer
Demonstrasjon i april i Montenegro mot innmelding i alliansen REUTERS/Stringer

(10 - 2017) Etter snart 70 år med NATO er verda ikkje vorten tryggare for nokon. Korkje i krutttønna det fjerne Austen (Korea), i Nord-Afrika eller aller minst Midausten der NATO stendig blir trekt inn direkte eller indirekte via Sambandsstatanes engasjement som krigarsk ”verdspoliti”.


Olav H Aarrestad
I NATO-retorikken heiter det at NATO har trygga freden i Europa, men det held ikkje vatn. NATO var engasjert i bombinga av Jugoslavia. Ho starta under alliansens operasjon ”Samla kraft” og vara frå 24 mars til 10. juni 1999. 35 000 flygingar vart utførde med deltaking av 1000 fly og stridshelikopter som sleppte 79000 tonn med bomber (derav 156 konteinarar med 37440 klasebomber) . 2500 menneske vart drepne, stort sett serbarar – blant dei 400 born. Dei materielle øydelegginga skal ha komi opp i tilsvarande 29,6 milliardar dollar. Opplysningane om døde sivile og materielle skader kjem frå serbisk side, NATO vil nok redusera tala kraftig utan at dei vert sannare for det og i alle fall ikkje kunna avkrefta påstandar om at NATO driv krigarsk skadeverk utan sjølv å ha vorti utsett for åtak.
Tilbake står NATO med påstanden om at alliansen har skapt fred mellom erkefiendane Tyskland og Frankrike. Som om det etter 1945 skulle ha vori fåre for ein ny slik krig! Hadde alliansen hatt til opgåve å skapa forsoning mellom dei ein gong allierte Sovjet-Unionen/Russland og Sambandsstatane, hadde alliansen hatt ei meiningsfylt oppgåve, men på det punktet har det vori tvert om. NATO har auka spaninga i Europa, i det siste med utplassering av soldatar og offensivt krigsmateriell, blant anna hypermoderne stridsvogner, i dei baltiske landa og i Noreg (jfr amerikanske soldatar å Vernes) og oppsetting av rakettskjold i Polen der det også skal dreie seg om hundrevis av NATO-soldatar. Rakettskjoldet vert påstått ikkje å vera retta mot Russland, men mot Iran – tru det den som vil.
Ordet rakettskjold føyer seg elles stygt inn i NATO tildekkingsretorikk. Det dreier seg om rakettbatteri slik at skjold vert ein metafor like urimeleg som å kalla ein mitraljøse for eit skjold. Og NATO har meir finurleg retorikk på lur. No vert det tala om to-prosentsmålet som om det skulle dreia seg om noko positivt på line med klimafolkets to-gradars mål. I røynda er det tale om at kvart medlemsland i NATO skal bruka minst 2% av statsbudsjettet på det NATO kallar forsvar. I minsto har ein på tysk side sagt at dette er heilt urealistisk, men vår NATO-regjering går inn for å nå dette målet så snøgt som råd.
I den franske presidentvalkampen var det fleire av dei 11 kandidatane som gjekk inn for utmelding av NATO – ikkje berre venstresidas Mélenchon – som fekk over 19% av røystene. Ein av dei med mindre oppslutnad hevda at utmelding av NATO var ei enkel sak. Det var berre å senda eit brev til den amerikanske forsvarsministeren. Om denne påstanden er sann, veit eg ikkje, men i så fall er utmeldingsprosedyren typisk for NATOs funksjon; NATO er ein reidskap for USA, berre ein lekk i ulike måtar å føra krig på:
1. Ved sjølvstendige operasjonar, jfr bombinga av den militære flyplassen i Syria nyss og ”Alle bombers mor” mot eit områdemål i Afghanistan.
2. Koalisjonar av mange statar – sumetid over seksti, då inklusive alle NATO-land pluss ”nøytrale” land som Sverige –jfr Irak og Syria.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Finnmark som øvelsesfelt for NATO

(Hans Petter Hansen - nr 5 - 2001) Det er nesten ikke til a tro. I en situasjon der det er avslort at USA/NATO har brukt folkerettsstridige ...


IM NATO ”NICHTS NEUES”

(Harald Øystein Reppesgaard - nr 24 - 2010)Natoalliansen har hatt toppmøte må vite. I Lisboa fra 19. – 21. november for å feire sin egen ...


Natos ... «suksess» ... i Libya

Natos suksess i Libya

(4)NETTSTEDET «VOLTAIRE NETWORK» (31.01.13) måler NATOs suksess i Libya med følgende offisielle tall:

I Libya under «regimet til Muammar...

NATOs lese-og skriveopplæring

■	NATO driver opplæring: «Gjenta: De-mo-kra-ti!»

■ Sosialisert produksjon, utdanning, helse, og grunnleggende vekt på menneskets sosiale utvikling er kommunismens vei. NATO og USA bruker hvert år...



USA-NATO er aggressor

USA-NATO er aggressor

Under dekke av å forsvare Øst-Europa mot «russisk aggresjon», rullet 100 Abrams-tanks og pansret personellkjøretøy (Bradley) inn i Latvia i mars.

I...


Nazi- og NATO-offiser Heusinger

Nazi- og NATO-offiser Heusinger

Adolf Heusinger (1897-1982) var tysk nazioffiser under 2. verdenskrig. Han ble generalinspektør i vesttyske Bundeswehr etter krigen og senere leder i...

NATO truer freden i Europa

Ved å følge «Wolfowitz-doktrinen», USAs gjeldende «forsvarsdoktrine», risikerer Stoltenberg og NATO å ende opp med en «begrenset atomkrig» mot Russland - for å stanse «russisk aggresjon».

■ Hvem sa: Vi må beskytte Europa mot russisk aggresjon? Vi merker oss at USA-NATO opptrer på samme måte som nazistene før 2. verdenskrig. Obama og...











Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering