Osloroman frå dei harde trettiåra

Osloroman frå dei harde trettiåra


  Bodøværingen Knut Moe  (1909-2006) var ferdig utdana agronom frå Landbrukshøgskulen på Ås kring 1930. I 1934 kom han med romanen  Vi overflødige (Gyldendal), som skildrar dei umoglege tilhøva på arbidsmarknaden for unge akademikarar i dei verste kriseåra. 


  Etter eksamen har den namnlause hovudpersonen gått eit år utan arbeid i heimbyen. Han held  ikkje ut lenger med å vera "en stakkars gutt som ikke får noget at gjøre". No får det brista eller bæra, og han legg ut på den lange reisa til Oslo. Først med båt til Trondheim, derifrå med tog.  Mannen vis-à-vis er i slutten av trettiåra. Under heile togreisa les han i ein tysk grammatikk for gymnaset: Truleg ein fortvila freistnad på å koma inn på arbeidsmarknaden på ein eller annan måte. 
Dårleg økonomi tvingar vår helt til å søkja opp gamle studiekameratar og å dela hybel med ein som er minst like ille ute som han sjølv. I førstninga er det visse optimistiske tonar og ein studentikos atmosfære, men etter kvart som dei lid det eine nederlaget etter det andre, får romanen tragiske dimensjonar. Den svelten og nauda som vert skildra, byrjar nærma seg det ein kan lesa om i Hamsuns Sult jamvel om personane i Vi overflødige aldri heilt slepper taket på røyndomen. Mykje av det Moe skildrar i romanen, er nok sjølvopplevt, men han har den rette diktariske distanse og drag av ironi og humor. Dei er trass alt unge og har mykje livskraft. 


 

 

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2019 - Republisering