Del 1: Den ublodige Oktoberrevolusjonen
-
Revolusjonsmonumentet i Havana på Cuba -
Julidagane 1917 i Petrograd vert lite omtalte og jamt forvrengde av vestlege historikarar. Grunnen er at det er eit mørkt kapittel i det parlamentariske demokratiet si soge; russiske demokratar, nett som tyske sosialdemokratar litt seinare (1919), fekk mange liv på samvetet.
Av Olav H. Aarrestad
Den provisoriske regjeringa (hærminister og seinare statsminister; Kerenskij) som hadde fått makta etter februarrevolusjonen, heldt fram med krigen (1. verdskrig) og gjekk jamvel til offensiv. Den 18. juni (gamal tidsrekning) byrja eit dårleg førebudd åtak mot austerrikarane. Resultatet var katastrofalt; på 18 dagar fall 60 000 russiske soldatar og offiserar. Fronten var i oppløysing, mange soldatar drog heim. Over alt var det misnøye med regimet. 3. (16.) juli byrja demonstrasjonar av væpna soldatar og arbeidarar i Petrograd med krav om fred og om all makt til Iverksettingskomitéen i det allrussiske arbeidar- og soldatarsovjetet. Men der hadde mensjevikar og såkalla venstresosialistar fleirtal, og dei gjekk inn for samarbeid med den prosvisoriske regjeringa. Oppreisten hadde inga leiing, fylgde ingen strategi. Bolsjevikane som sjølvsagt av historieforfalskarane vert skulda for å ha stått bak, hadde meint tida ikkje var mogen, men kjende seg tvinga til å gå på demonstrasjonstoget då det var i gang, men dei fekk aldri kontrollen over det. Regjeringa valde å knusa demonstrasjonsbylgja i blod. På kvelden 4. juli vart det opna eld mot demonstrantane. Om lag 4000 vart drepne eller såra.
Vegen fram
Etter hendingane i juli 1917 vart bolsjevikpartiet igjen gjort illegalt, og leiarane måtte gå under jorda, elles vart dei arresterte. Pravda skifta igjen namn og vart prenta på eit anna prenteverk.
Kursen mot væpna revolusjon vart vedteken av bolsjevikane i førstninga av august på VI. kongress, som vart halden i løynd utan Lenin til stades. Han oppheldt seg på trygg stad, først ved den kunstige innsjøen Razliv, sidan i Finland. På kongressen som vart organisert og leidda av Sverdlov og Stalin, var punkt 9 i resolusjonen om den politiske stoda, formulert slik: Det vil såleis vera oppgåva til desse revolusjonære klassene å spenna alle krefter for å ta statsmakta i eigne hender og i sameining med det revolusjonære proletariatet i dei utvikla land å stilla seg i fredens teneste og for ei sosialistiske omskiping av samfunnet.
-
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus