Tvilsam krigshelt
-
Av Olav H. Aarrestad
I Frankrike har ein murstein av ein bestseljar, Jan Karski av Yannick Haenel, vekt stor åtgaum, og forfattaren fekk jamvel Prix Interallié for 2009. Skal ein tru prisvinnaren, var det inga grense korkje for nazistisk eller sovjetisk vondske i Polen under krigen.
Spørsmålet er berre om Karski er det pålitande augnevitnet vestlege historikarar vil ha det til, Haenel tek i alle høve alt Karski skreiv og sa han hadde vori med på , for god fisk. Sant å seia verkar denne agenten for den polske eksilregjernga i London og seinare borgar av Sambandsstatane (Ss) først og fremst som ein som visste å laga "informasjon" til nytte for eit serskilt føremål på line med Conquest, Orwell, Koestler og andre antikommunistiske påverknadsagentar.
Jan Kozielewski (fødd i 1914 i Lodz), seinare Karski, voks opp i eit jødisk miljø, men skal visstnok ikkje sjølv ha tilhøyrt det mosaiske trusamfunn. Etter nokre år med studiar vart han knytta til den polske utanrikstenesta (Tyskland, Sveits og Storbritannia). Frå 1939 ska l han ha arbeidt i det polske utanriksdepartementet.
Merkeleg nok vart han mobilisert etter krigsutbrotet; i dei fleste land blir diplomatar i stillinga i slike høve, kan henda var 25-åringen berre "koffertberar". I alle høve vert han arrestert i Aust-Polen av sovjetiske styrkar som ikkje møtte motstand, Karskis krigarkarriere er difor heller skral. Men det er no helten står fram; sovjetarane hadde sjølvsagt til hensikt å avretta alle polske offiserar, Karski klarer å få tak i ein vanleg soldatuniform og løyna sin grad.
-
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus