Den norske transportsituasjonen
-
Sogn og Fjordane har fått lite midlar til veg. Verdiskapinga i Vågsøy, Bremanger og Flora kommune er blant den sterkaste i verda, men vegstandard og reisetid er blant dei dårlegaste. Her frå Haukå-tunellen mellom Svelgen og Florø/Førde som er stengt i samband med renovering då den rett og slett var så trafkkfarleg at Vegvesenet måtte stenge vegen i 3 veker. Det er sett inn ferje, sidan Bremanger er totalt isolert utan denne vegen. Dette aukar reisetida frå Bremanger kommune frå vel ein time til nesten 4 timar - om ein skal fram til f.eks. Sentralsjukehuset i Førde. Vegstrekninga Måløy til Forø er 39 km, og det tek om lag 3 timar å kome seg frå Måløy til Florø, sjølv når vegen er åpen. Dette står i sterk kontrakt til normal ferdsel og hindrar vidare vekst og utvikling i dette verdiskapande distriktet. (Foto -
I perioden 1967-79 sat eg i Statistisk sentralbyrå og laga samferdslestatistikk som dekte om lag alle transportsektorar. Eg vart då interessert i samanhengane mellom busetnadsstruktur og infrastrukturutvikling. Med utgangspunkt i SSB sine busetnadskart basert på folketeljinga i 1970 kom eg fram til at over 80 % av folket i landet budde mindre enn 10 km frå sjøen og tilsvarande budde om lag 80 % av folket nærmast i gangavstand frå 15.000 km riksveg.
Busetnadsstrukturen var nokså lik over heile landet. Der folk budde der budde dei nokså tett og nær opp til hovudvegar og sjøterminalar. Dette var eit svært gunstig utgangspunkt for å byggje ut eit effektivt transportapparat som produserte effektivt og billeg i alle deler av landet. Dette gunstige utgangspunktet for utvikling av eit effektiv norsk transportapparat har vore lite systematisk utnytta i norsk samferdselplanlegging.
Av Idar Mo
-
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus