Hagens kjærleiks-forhør
-
Hagen vil forhøre innvandrarar
om dei er glade i kvarandre.
Er dei ikkje det - så ut!
Men kva da med folk
som ikkje er glade i Norge?
Bør vi ikkje forhøre Hagen
om han er glad i Lurøy,
Lom og andre utkantar?
Norge er langt og kaldt - det
meste er nord, og det
meste lønner seg ikkje
- i følgje Hagen.
Han har gitt uttrykk for
at han trivst best i Spania.
La han derfor sleppe
å bu her i landet
minst sju månader i året.
Så når han er ferdig
med partieigarskapet -
la han bli spanjol.
Dersom han angrar seg og
prøver å komme inn att i landet,
set vi han i asylmottak
i Sandvika.
Da vil han ha det som plommen i egget,
i følgje han sjøl.
Lappeskomaker'n -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus