Ære
-
Eg les i avisa om ære.
Ein asiatisk mann
har drepe dottera
for æras skuld.
Før i tida skulle
Vestens menn
drepe rivalen i duell
av samme grunn.
Alle land
ærar sine krigarar
anten dei drep eller døyr.
Æra slit kroppane sund,
sprettar bukane
og stikk ut auga.
Å lappe i hop
gir inga ære.
Mest lykkeleg er eg
som ærelaus mann.
For eit lite barn,
ei døyande mor
og ein vakker blom
spør aldri om æra.
Lappeskomaker'n -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus