Han Jens og han Basse
-
(Tilnærma hallingmål, Mel. Olympia-signalet 1952)
Han Thorbjørn Basse og´n Jensemann
dai va so vituge kara
at båe vill´ styre Norigs land.
”Eg e best”, sa´n Jens.
”Nai, eg e betre”, sa´n Bass.
„Sigji du det“, sa´n Jens te´o Basse.
So drog dei båe til Oslo by
trjå haile daga til ende,
so dai kunde teste sitt gode ry.
”Eg trur dai ly´r”, sa´n Jens.
”Eg trur dai spyr”, sa´n Bass.
”Sigji du det”, sa´n Jens te´o Basse.
So kom dai inn i ain fjerrsyns-boks
trjå haile daga til ende,
der nøkle egla, og båe slogs.
”Tek du den”, sa´n Jens.
”Nei, tak att”, sa´n Bass.
”Sigji du det”, sa´n Jens te´o Basse.
Då vart han Basse so ille ved
trjå haile daga til ende,
og fjerrsynsfolkji mått´ halde fred.
”Det va gøtt”, sa´n Jens.
”Eg vart trøytt”, sa´n Bass.
”Sigji du det”, sa´n Jens te´o Basse.
Han Bass han koka ain rjomegraut
trjå haile daga til ende,
so femten skribenta i smøret flaut.
”Dai vart haite”, sa´n Jens.
”Dai vart svaitte”, sa´n Bass.
”Sigji du det”, sa´n Jens te han Basse.
Han Jens sette øltunna uppå bord
trjå haile daga til ende.
So drakk dai fjerrsynet ned og nord.
”E´n Olsen dau”, sa´n Jens.
„Som ei sild“, sa´n Bass.
”Sigji du det”, sa´n Jens te´o Basse.
So gjekk dai båe langs verdas gang
trjå haile daga til ende.
Der sto han verste med kjaften i gang.
”Ska me denge´n”, sa´n Jens.
”Nei, me ska renge´n”, sa´n Bass.
”Sigji du det”, sa´n Jens te´o Basse.
Han Bass slo klo´ne i verstens skinn
trjå haile daga til ende,
og rengde det ut som før va inn.
”Tvi, de va gørr”, sa´n Jens.
”Og litt snørr”, sa´n Bass.
”Sigji du det”, sa´n Jens te´o Basse.
Lappeskomaker'n -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus