Vi kan hjelpe Hegnar
-
Byfolk har mest pengar
og bruker mest,
melder Nationen.
Likevel seier forskarane
at dei trivst dårlegare
enn andre folkegrupper.
Landsfolk er fattigare,
og trivst betre,
trass i sjikane
frå Hegnar og VG.
Men ikkje alle byfolk
har mange pengar.
Kanskje dei trivst betre
enn dei rike?
I så fall vil kutt i sjukelønna
og landbrukssubsidiane,
slik Høgre og Hegnar vil,
skape større lykke
i by og land.
Men den ulykkelege Hegnar
blir pådytta stadig
nye milliardar.
Nokon må hjelpe han.
Bøndene kan,
men får ikkje lov.
Kanskje eg kan vere så fri
å foreslå ein klekkeleg
donasjon til Friheten?
Lappeskomaker'n -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus