I gamle dagar var kvitt pulver
både godt og nyttig.
Mjølet var ei velsigning,
og mor brukte melis på kringla
når det var fest i huset.
I fjøset døydde flugene som fluger
med DDT,
- men det var visst ikkje bra.

Aller likast var Ata skurepulver.
Folk som jobba
i skogen og fabrikken
vart skitne og ufjelge,
og arbeidsplassane likeså.
Den gongen heitte det blåtøy,
ikkje stonewashed denim.
Husmora betalte reinhaldet
med grove fingrar.
Men ho skulle likevel ikkje
løfte stettglas i caféen.

Kvitt pulver? Rør deg ikkje!
Set vaskebøtta frå deg!
Opp mot veggen
og strekk ut armane!
Hugs at du har
ein annan hudfarge!
Ikkje kvitt pulver frå deg!

Men eg har framleis litt
Ata skurepulver i skåpet.

Lappeskomaker'n

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering