Café latte i Gryllefjord?
-
Fiskeriminister Gregussen
vil ha fleire kaffebarar i fiskeværa.
Da vil ungdommen bli der,
flåten vil styrkast
og fileten bli skoren.
Da vil også turistane flokkast
på kaiene og i restaurantane,
og den multikulturelle Norskekysten
få ein ny vår.
Men eg kjenner folk som var turistar
og drog til Gryllefjord
fordi dei var glade i fisk.
I spenning seig dei ned ved restaurantbordet
for å velja i mak mellom sei, auar og torsk.
Men nei.
Dei kunne ikkje få
verken seimølje, røykafisk eller steikauar.
Traileren frå Tromsø kom ikkje.
Men vi har både biffsnadder og pizza,
og espresso til desserten.
Dei kjem aldri tilbake til Gryllefjord,
trass i Arvid og Tove Karoline.
Men mest på grunn av Gregussen.
Sjøstøvelmaker`n -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus