Tyrkisk film om gringobrotsverk

(Nr 10 - 2006) Le Monde (3.3.) kan fortelja om filmen
Irak, ulvanes dal. Den har gjort stormsuksess i
heimlandet Tyrkia og går no sin sigersgong i det
tyrkiske miljøet i Tyskland og Frankrike.


Av Olav H. Aarrestad

Båe stader vert han synt utanfor dei vanlege distribusjonskanalane. Dit slepp han ikkje inn. Og
sjølvsagt vil han aldri verta vist i Noreg der gringoane sit med bukta og båe endane når det
gjeld den kommersielle filmdistribusjonen. Vi har ei kjensle av å slå oss sjølv på munnen når vi no
vil dra filmen fram som prov for gringoanes umenneskelege og kriminelle framferd i Irak, men
utgangspunktet er reelt nok. Ein tyrkisk offiser kjem seg ikkje over at han saman med ti av
mennene sine vart arrestert av gringoane og ført frå Sulemanymaniye til Irak (i 2003) med ein mørk
sekk trekt over hovudet og mishandla før saka vart ”oppklart” og dei vart sleppte fri.

Filmen spinn vidare på dette. Den tyrkiske offiseren vil ha hemn, ikkje minst gjeld det den
amerikanske sadistiske offiseren i ”irakisk” (for ikkje å seia ”amerikansk”) Kurdistan som i si tid
stod for bortføringa, og i beste rambostil vert hemnaksjonen gjennomførd.

Tyrkiske tilskuarar er vortne oppglødde over å sjå ein film der gringoane for ein gongs skuld ikkje
vinn. ”Irakiske” kurdarar får òg passet sitt påskrive, dei er gringolakeiar utan integritet. Jamvel om
gringooffiseren nyttar born som levande skjold, lukkast det å få has på han, men først har den
tyrkiske offiseren eit opphald i Abu Ghraib-fengslet der ein opplever dokumentert
gringo-mishandling av fangar (jamvel Lynndie England er ein rollefigur).

Spørsmålet er kor lenge filmen får gå på franske ghettokinoar. Styremaktene har berre gjevi
mellombels løyve til framsyning innafor ramma av filmklubbordningar. Vi har eit fromt ynskje om
å få sjå filmen her til lands, men må nok lata den draumen fara. Ein får nøya seg med Idol
(på engelsk) i staden.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

tyrkisk

film


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering