Veresjtsjagin: Krigens apoteose (1871)
Veresjtsjagin: Krigens apoteose (1871)

Dagens Noreg er kulturelt sett avstengd mot størstedelen av utanverda med unntak for den agloamerikanske innverknaden, som for svært mange er den viktigaste og mest levande del av norsk ”kultur”.


Olav H. Aarrestad.


Utan protestar er engelsk vorti definert som eit av dei tre basisfaga i norsk skule, og vi er tilbake i ei kulturell isolering som kan minna om dansketida då dei fleste impulsar utanifrå kom via København og dansk kultur, som rett nok var prega av latinsk, tysk og fransk påverknad. Først i unionen med Sverige kom landet i levande, direkte kontakt med kulturland som Frankrike, Tyskland og Italia. Denne kontinentale orienteringa var i jamn vokster slik professor Johs A-Dale viser i boka Littertur og lesing omkring 1890 (Det Norske Samlaget, 1974), og først etter etter 2. verdskrigen vert igjen skoddene sette for, då det som den russiske forfattaren Ehrenburg kalla eit jarnteppe av papir, med serskilt tildekking mot det store landet i aust, sokk ned over landet og ikkje har løfta seg sidan.


Bakgrunnen
Tida 1872-1914 var ein god og framgangsrik tid for Europa, men fullt så idyllisk som Stephan Zweig skildrar 1890-åra i boka Die Welt von Gestern (Verda av i går) var nok åra ikkje. Ein kunne firtt reisa kring i Europa utan pass, men i prakis galdt det berre folk med god råd som han sjølv. Krig var det ikkje slutt på, men det var noko ein stort sett dreiv med i koloniane og oversjøiske område. Krig låg alltid på lur og antikrigsstemningar kom til uttrykk på mange hald, ikkje minst hjå den russiske målaren som føstfekk eit namn i Vest-Europa, nemleg Vasiljevitsj Veresjtsjagin (russisk: Василий Василиевич Верещагин; fødd 1842, død i torpedering under den japansk-russiske krig).Han vitja jamvel Kristiania i 1901 i von om å få fredsprisen då han fyrste gong skulle delast ut. Veresjtsjagin skildra kirigens redslar med brei pensel.


Tyskland og Frankrike
I 1890-åra kunne den kultiverte norske (og skandinaviske) ,borgarskapen lesa tysk og fransk litteratur i original og jamvel om ein polemikar som Nils Kjær stendig klaga over norsk provinsialisme, pietisme og forbodsmentalitet, var kulturformidlinga omfattande. Så trongt kunne det ikkje lenger kjennast i landet, for mange av kunstnarane og forfattarane som hadde slått seg ned i Italia (Roma),Tyskland (Düsseldorf, Dresden, Leipzig München Berlin) og Frankrike (Paris) på årsbasis, var vende heim og fann seg til rettes i det norske miljøet kring 1890. Tyske diktarar som Goethe og Heine vart framleis dyrka, men først og fremst var det når det galdt Tyskland, filosofar, ikkje minst Nietzsche, som stimulerte tankelivet, og for ein framveksande sosialisme vart Marx (og Engels) stendig viktigare. Som ein kuriositet kan ein dessutan nemna at noko så fjernt som Buddhismen i desse åra fann gjenklang hjå norske forfattarar meir enn innverknad frå angloamerikansk kultur. Ingen kunstnar eller forfattar fann på å villa reisa til England for impulsar. Der var tydeleg nok inkje å henta. Frankrike tok meir og meir over som målarkunstens sentrum, men også på det litterære planet var landet dominerande, først gjennom naturalistar som Zola, men også etter kvart gjennom den rådande dekandente og symbolistiske retninga. I Skandinavia var tre franskskrivande forfattarar på moten etter Zola og Maupassant, nemleg Huysman, Paul Bourget og Maeterlinck (belgiar, nobelpris i 1911). For ettertida tok heilt andre over (Verlaine, Rimbaud, Romain Rolland, Verhaeren)


Russisk litteratur
Svært interessant når det gjeld 1890-åra, er gjennomslaget for russisk litteratur også i Noreg. Formidlinga kom via Tyskland og Frankrike, og omsettingane vart gjorde etter tyske og franske utgåver Heile fire russarar var i den litterære vinden – noko forseinka. Døropnaren Turgenev som levde store delar av livet i Frankrike, var alt død : i 1883. Dostojevskij døydde to år før. Tolstoj levde framleis, men var på veg inn i alderdomen. Det var det han hadde skrivi før 90-åra som no nådde fram til folk. Tolstoj levde vidare først og fremst som moralist og religiøs tenkjar - med stor innverknad på nordiske forfattarar som Garborg. Det er først og fremst som unike forteljarar og opphavsmenn til den såkalla psykologiske romanen desse tre russarane fekk eit stort namn. Psykologisk roman er lite dekkjande i den mon det går på egosentrisk introspeksjon og får ein til å tenkja på psykologi og betrevitande psykologar. Dei store russarane synte at menneskesinnet er ei heil verd i seg sjølv og at det nettopp ikkje kan forklarast ut ifrå skjema og Freud. Dei store russarars innverknad på m.a. Hamsun er ikkje til å kimsa av.
Fjerde mann i laget, er i dag stor mon gløymt, men det kan vera av interesse å trekkja han fram her:
Vsevolod Garsjin (1855-1888, sjølvmord) hadde eit nervøst og depressivt sinn. og han var serleg oppteken av det vonde i verda og av sosial urettvise. Forteljingane hans vart omsette til norsk, og for ein gongs skuld frå originalspråket. av ein K. Fosse som i 1892-94 sette om så å seia alt Garsjin hadde skrivi.. Grasjin knyter seg nær opptil det mange oppfatta som dekadentlitteratur, og utgåvene på norsk kom såleis rett i tida. Om Garsjin bør det elles nemnast at den kjende russiske målaren Repin bruka han som modell, bl.a. dei to kjende målårstykka : Uventa gjest (retur frå fangenskap Sibir) og Ivan den trugande og sonen hans den 16. 11. 1581.
Dette siste målårstykket som heng I Tretjakovgalleriet I Moskva, vart forresten skamfert av ein 35-årig mann med ei metallstong den 25. mai i år. Mannen ville øydeleggja biletet av di han meinte det ikkje er sant at Ivan IV drap sonen sin. Om dette stridest framleis russiske historikarar.


Russisk innverknad på den opplyste allmenta har aldri vori så stor I Noreg som i 1890-åra og utetter. I samband med revolusjonen nådde russisk samtidskultur berre den sosialistiske delen av folka I Norden, i borgarskapen sette folk si ære i ikkje å ha lesi ein einaste sovjetforfattar –dei interesserte seg einast for dissidentane og Gorki - inntil han tok stilling for sovjetstyret. I si vankunne har dei vedteki at den store russiske litteraturen slutta med Tsjekhov som fekk sitt gjennombrot i Noreg etter 1890-åra, naturleg nok av di han skreiv sine mest kjende stykke kring hundreårskiftet. Det er som å seia at norsk litteratur slutta med Ibsen.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering

Joomlas feilsøkingskonsoll

Økt

Profileringinformasjon

Minneforbruk

Database-spørringer