Tiblisi i XIX, utsikt fra Metekhiplatået mot « Rike »-gaten under 1893-flommen																											Foto: Georgias statsarkiv
Tiblisi i XIX, utsikt fra Metekhiplatået mot « Rike »-gaten under 1893-flommen Foto: Georgias statsarkiv

Byen Tbilisi er hovudstad i den sør-kaukasiske (transkaukasiske) republikken Georgia. Stundom ser ein ogso namnet Grusia bruka um dette landet t.d. i polsk og russisk språk og ogso i eldre dansk-norsk, Grusien.
Arne Horge
I Tbilisi vart det i 2006 etter mynster frå Estland og Latvia opna eit museum som syner det sovjetiske styret som for Georgia sin part vara frå 1921 til 1991. Og muséet skyt like godt roti si attende til 1801 då Tsar-Russland eigna åt seg kongedømet Kartli-Kakheti som femnde um mykje av Georgia so som det no er.
Sju mil vest for Tbilisi i byen Gori vert det synt fram ei onnor forteljing frå nyare georgisk soge. Muséet tek fyre seg Josef Stalin (1878 – 1953) som var einerådig leidar i Sovjetsamveldet frå 1924 til han døydde. Allereide i 1913, fire år fyre den russiske umveltingi, tok han namnet Stalin (Stålmannen) og sa seg med det laus frå georgisk namneskikk. Han vart fødd og voks upp i Gori, og då heitte han Josef Dzjugashvili. Dei fyrste bolkane i livet hans er sjølvsagt dei minst kjende, ungdomstidi i Georgia og Aserbajdsjan, og i tidleg vaksen alder den revolusjonære verksemdi for bolsjevikane i Sør-Kaukasia. Bolsjevikane var fleirtalsmennene i det russiske sosialistpartiet, og dei bytte etter kvart namn til Det russiske kommunistparti.
Okkupasjonsmuséet i hovudstaden går ut frå trufast heimleg motstand mot russarane radt frå 1801 og gjenom den russiske revolusjonen i 1917 og til Sovjetsamveldet løyste seg upp i 1991. Det samstavar ikkje med røyndi. Tsarmakti var fyrestundes beden um å anektere Kartli-Kakheti på grunn av indre strid i kongedømet, og under revolusjonen var det ingen parti i Georgia som vilde løyse bandi til Russland, kravet var indre sjølvstyre.
Ogso Stalin-muséet i Gori tek beinstevegar. Stalin og bolsjevikane var ikkje den sterkaste revolusjonære krafti i Georgia fram mot 1917. I 1892 hadde det vorte skipa eit georgisk sosialistparti som vilde måte i hop det beste av russisk og alleuropeisk sosialisme til å høve inn i det georgiske samfunnet. Dei georgiske sosialistane ynskte ein open og breid partiskipnad, ulikt bolsjevismen, dei vilde ikkje taka eigedomsretten til jordi frå bønder og mindre landeigarar, ulikt bolsjevismen, og dei vilde i motsetnad til bolsjevikane løyse nasjonalitetsspursmålet etter mynster av austromarxismen, og med det sjå ein grunnleggjande skilnad på stat og nasjon. Sosialisten, politikaren og tenkjaren Otto Bauer (1881 – 1938) frå Austerrike var ein av hovudmennene attum austromarxismen.
Valet mot slutten av 1917 gav fleirtal åt det sosialistiske partiet i Georgia, men planen um indre sjølvstyre for eit samla Sør-Kaukasia stranda, og den 26. mai 1918 lyste Georgia seg sjølstendig med velvilje frå Russland. Den velviljen vara ikkje lengje. Skrekken tok Stalin då dei raude i Finland tapte i borgarkrigen mot dei kvite høgrekreftene, noko liknande måtte ikkje hende i Georgia eller i andre utkantar av det gamle tsar-imperiet, meinte han. Difor let Stalin og ein noko tvilande Lenin russiske herstyrkar marsjere inn i Tbilisi. Det var den 25. februar 1921, og med det var det georgiske millomspelet til endes. Av større umbøter som no kom burt var ei umfatande jordlov for å tryggje bøndene, eit ordna lokalt sjølvstyre og ei grunnlov som skulde binde i hop folkeleg sosialisme og sant demokrati.
Minnet um det georgiske millomspelet er klemt syrgjeleg i hop millom det nasjonalistiske musét i Tbilisi og Stalin-muséet i Gori. Stalin-muséet vart ikkje opna fyrr enn etter Stalin var daud, for i hans levetid var det strengt forbode frå 1929 på noko vis å syne til kvar han høyrde heime. Stalin skulde stå over alle sovjetrepublikkane og vera ei samlande kraft, men no, som i dei fleste andre byar, er den store statuen hans ved rådhuset i heimbyen teken ned, og han står att liten og åleine i uskuldskvit kalkstein framfyre barndomsheimen sin.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

georgia


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering