Biletet er truleg frå Buenos Aires
Biletet er truleg frå Buenos Aires

Det finst to amerikanske verdsdelar, Nord- og Sør-Amerika. Grensa går over Panamaeidet slik at Mellom-Amerika høyrer til i nord. Dei karibiske øyane reknar ein stort sett til Nord-Amerika jamvel om nokre av dei ligg utanfor kysten av Sør-Amerika, som Aruba og Trinidad og Tobago..

Problemet med adjektivet amerikansk som logisk sett burde gå på ibuarar i så vel Nord- som Sør-Amerika, er at det ikkje finst noko adjektiv på norsk for det ein til vanleg kallar USA, men som også har norske nemningar; Sambandsstatane/ De forente stater.. I denne artikkelen går amerikansk på båe dei to verdsdelane, og ein vil gjera framlegg om bruk av adjektivet usansk for det som spesifikt gjeld USA.

Fattigdom og utilfredstillande kosthald finn ein i større eller mindre grad i heile Amerika, irekna USA. Ein skal vera varleg med statistiske påstandar; det dreier seg ofte om ikkje svært godt dokumenterte overslag som ofte vert overdrivne for den gode saka si skuld. Det kan også gjelda SN-organ, først og fremst Klimapanelet, men også ONUAA på spansk, FAO på engelsk; Organisasjonen for mat og landbruk. Men tala derifrå gjev ein peikepinn: I 2017 skal 39,3 millionar menneske i Latin-Amerika (Haiti ikkje rekna med) ha vori underernærte. Det var ein auke på 400 000 frå året før. Nitten land figurerer på ei liste med frå 19,8 til 2,5% av ibuarane klassifiserte som underernærte. Øvst ligg Bolivia, men utviklinga der er positiv. Gjennom generasjonar har indianarane på Andesplatået hatt utilfredstillande ernæring, og det har gjevi seg utslag i svært låg gjennomsnittleg kroppshøgd og låg levealder.. Gjennomsnittleg levealder i Bolivia har auka frå ca. 50 i 1970 til 69 år i 2018. Etter Bolivia fylgjer Nicaragua, Guatemala og Honduras. Tek ein Haiti med, kjem nok det landet føre dei. Ikkje i noko av desse landa er ei monaleg positiv utvikling å spora. Det er tvillaust fattigdom og underernæring som har ført til at tusenvis av folk frå Honduras har vandra i store flokkar mot grensa til USA i von om ein betre lagnad. Brasil står på lista (2,5%- det gjev 5 millionar menneske), men ikkje Argentina.

Argentina
Argentina er eit serskilt tilfelle. Landet er storprodusent og eksportør av matvarer. Det blir hevda at produksjonen kan fø 440 millionar menneske - folketalet i landet er på 44 millionar. Argentina er nummer tre i verda når det gjeld produksjon av soya, lauk, sitronar og honning, nummer fire av kjøt, mais og pærer, på femteplass når det gjeld eple og på sjuande for korn og olivenolje. Årsaka til fattigdom og dårleg eller for lite ernæring heng såleis saman med svært skeiv fordeling av goda. Ein reknar at 13 millionar er fattige, og arbeidsløysa er høg. Langs trafikkerte vegar der som i andre store latinamerikanske land finn ein hordar av gutar som kastar seg over bilar i kø for å pussa ruter eller selja eit eller anna. Det er måten dei har funni for å døyva svolten.

Den marknadsliberale presidenten Mauricio Macri har fø presidentvalet i år sett seg  nøydd til å innføra maksimumsprisar på basismatvarer som i Venezuela, men ”ekspertar” har rekna ut at ein fattig argentinsk familie må bruka  8800 peso meir i månaden enn det basis-korga kostar for å kunna eta sunt. Tala på underernærte varierer frå 1 til 3 millionar.

Venezuela
Venezuela kunne også ha vori eit stort jordbruksland, men då oljealderen sette inn –lenge før Chavez –vart jordbruket forsømt, og landet baserte seg på omfattande import av matvarer. I motsetnad til Noreg vart det ikkje bygt opp eit oljefond til bruk i skrinnare tider. Dessutan med ein oljeproduksjon knapt på høgd med den norske og eit folketal innpå seks gonger større, ville eit slikt fond ikkje ha gjevi same effekt. Venezuela har ikkje komi seg or krisa som fylgde etter perioden med sterkt fallande oljeprisar, og den usanske boikotten gjev det no endå vanskelegare for landet. Tal for fattigdom og underernæring er usikre og blir nok overdrivne av Maduro-fiendslege media, men problema er reelle. Av uavhengige organ får landet ros for å gjera mykje for å bøta på problema (utdeling av matpakker til låg pris, pengeoverføringar og andre sosiale tiltak), men mykje står att å gjera. Det ser ut som regjeringa no satsar meir på stimulans av jordbruket, og Maduro har serskilt retta ans på planting av mais, som berre vert hausta ein gong i året. Klimaet i Venezuela gjer at det er mogleg med fleire årlege innhaustingar for andre planteslag. Mais-produksjonen skal ha falli, men då er ikkje små einingar til heimebruk rekna med. Kva matauk har å seia for den generelle ernæringsstoda, har ein lite kjennedom om. For venezuelarane er det nok bittert at landet tidlegare var på topp når det gjeld levestandard i Amerika. Dei fattigaste i landet har likevel truleg ikkje fått det verre enn dei hadde det i dei gode tidene. Regjeringa har framleis sterk støtte blant desse laga i folket – det syner mobiliseringsevna ved demonstrasjonar til støtte for ”Den bolivarianske revolusjonen”.

Colombia
Colombia eit viktig landsbruksland, og produksjonen er aukande –og det ikkje berre av kokain. Problema er dei same som i Argentina; urettvis fordeling av goda og svakt statleg engasjement. Skal ein tru FAO, gjekk talet på underernærte framleis ned i 2017, men ein rekna med at 6,5% endå leid av underernæring (3,2 millionar). El Instituto Nacional de Salud i Colombia rapporterer tilfelle av død blant born under tre år pga svolt, og det talet har ikkje gått ned, men auka litt. I 2018 vart det meldt om 149 tilfelle. Pga store mengder fordrivne under borgarkrigen og framleis urolege tilhøve kan ein stilla spørsmål ved om instituttet har nok tilgang til å få fullstendig oversyn. Landet er framleis prega av vald og politiske drap. Det vert blant anna rapportert om innpå 400 drap på kommunalt tilsette i 2018. og kritiske journalistar er serskilt utsette. .

Sambandsstatane
I USA finst det framleis mange fattige, og landet er eit eklatant døme på urettvis fordeling av goda. Direkte svolt vert nok i stor mon avhjelpt av friviljuge, private organisasjonar, men problemet med huslause er skrikande stort. Alkoholisme, narkotikamisbruk og vald er endemiske vonde som statsmakta ikkje ser ut til å engasjera seg i på annan måte enn med maktbruk. Ein reknar med at 16 millionar born lever i reell fattigdom jamvel om matvarestoda deira ikkje er så prekær som i den tredje verda.
I engelsktalande område som Jamaica og Belize aukar fattigdomen.

Villas miseria
Eit kjenneteikn ved amerikanske land er opphoping av fattige i såkalla villas miseria (argentinsk uttrykk) eller favelas (Brasil). Ein villa miseria er eit viltveksande rønneområde utan regulert elektrisitets- eller vasstilknyting. Berre i Venezuela finn ein omfattande sosial bustadbygging, verkar det som.

Konklusjon
Amerika har ei kolonial fortid – det er vel berre USA som heilt har rista henne av seg og sjølv er vorten ei imperialistisk stormakt. Handelsvegane går framleis frå innlandet ut mot eksporthamner, og samhandelen i Sør-Amerika og i det latinske Nord-Amerika er liten. Berre ein av Brasils ti største handelspartnarar ligg i Sør-Amerika (in casu Argentina). Økonomien i desse landa er i stor mon komplementær. Venezuela kunne til dømes få avsetnad for olje i Argentina og Colombia og motta landbruksprodukt derifrå. Men eit slikt samarbeid let venta på seg. Løysinga er nok ein sosialistisk økonomi, men til det krevst ein sosial revolusjon over heile verdsdelen. Dette blir sjølvsagt aktivt motarbeidt av USA som snøgt boikottar alle land der slike tendensar kjem for dagen.

Eller som dei seier det i Mexico: Så nær USA og så langt frå Gud. Dei burde kan heller seia:… så langt frå ein sosialrealistisk økonomi og sosial rettvise. Dei fattige borna i Amerika har inga ljos framtid i sikte.

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2019 - Republisering