Museumsforlaget. Fagbok/dokumentarbok, på 136 sider. Skrevet av Torgeir Bryge Ødegården, sivilingeniør i teknisk fysikk frå NTNU, med praktisk-pedagogisk utdanning frå Universitetet i Oslo. Han arbeider no på Equinors prosessanlegg til havs.
Museumsforlaget. Fagbok/dokumentarbok, på 136 sider. Skrevet av Torgeir Bryge Ødegården, sivilingeniør i teknisk fysikk frå NTNU, med praktisk-pedagogisk utdanning frå Universitetet i Oslo. Han arbeider no på Equinors prosessanlegg til havs.

Boka går gjennom emna renovasjon; vatn og avløp; elektrisitet; trådlaus kommunikasjon. Han har god innsikt i emna, og skriv lett og forståeleg. Den ber preg av å være eit læremedie i disse emna, som inngår i det vi kan kalle infrastruktur. Det er interessante tilbakeblikk, med korleis vi historisk levde utan avfall, berre ressursar, og gjekk over til forbrukarens tidsalder.


Vi får interessante innblikk i korleis systema mange i dag tar for gitt fungerer, korleis vatnet vert transportert inn, kloakken og avfallet ut og bort. Samstundes merka mange det katastrofale da renovasjonssystemet i Oslo braut saman i 2017, som hang i stor grad saman med anbodsprosessar, underprising og konkurranse. Boka er ein slags hyllest til alt dette usynlege som vi tar for gitt, og innhald mange illustrasjonar og bilete (fargar) frå både fortid og nåtid. Den raude tråden kan sjå ut som manglar i boka, sjølv om den er informativ, gir den få gode løysningsalternativ for det ho ser på som utfordrande. Ho er nok ikkje meint som noko «løysningsverk» i utgangspunktet, men det ville løfta boka og aktualisert ho.


Norsk infrastruktur er kanskje mest egna som ein del av samfunnsfag i skulen, for opplysningsarbeidets del. Historisk interessant, korleis vi utvikla oss frå lite eller ingen søppel, til å grave ned søpla utan å ha for mykje tankar rundt det, til at vi sorterer. Likevel er det fortsett mange stader i distrikts Noreg folk som grev ned søpla, stader der det ikkje er mogleg å sortere særleg bra, produkt i butikken som har unødvendig søppel og uresirkulerbart søppel. Vi er jo kjent med at mykje restavfall går til Sverige for forbrenning. I boka er vi med til Statnetts anlegg på Heimdal for fjernvarme, men det er ikkje sagt at det er avfall frå Midt-Noreg som går dit, for det er avhengig av konkurransen, altså prisen på avfallet, ein bumerang som slår oss i bakhovudet rett som det er. Så lenge prisen bestemmer, og vi skal ha ein slik pris, så vil ikkje den delen av søpla som vi ikkje får resirkulert, som mellom anna skyldast uresirkulerbart avfall, kjøyrast lengre fordi dei får betre betalt. Hadde prisen vore høgare ein anna stad i verda, kunne den og vorte transportert dit.

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2019 - Republisering