Aksjonen   "La bygdene leve, Jens!"

(Nr 25 - 2010) Aksjonen "La bygdene leve, Jens!" er opptatt av framtida for Bygde-Norge. Aksjonen er tverrpolitisk, og breidt samansett både når det gjeld tilhald i organisasjonar, yrke og interesser.

Av Inge Staldvik

Det skjer dessverre fråflytting og forgubbing i delar av landet, ikkje minst i grissgrendte strok. Aksjonen meiner dette skuldast m.a. ein statleg politikk som råkar distrikta hardt, og dagens rovdyrpolitikk gjer tilhøva verre for både beitenæringane og innbyggjarane.

Rovdyra er i ferd med å ta livskrafta frå reindrifta og den samiske kulturen. Rovdyra øydelegg beitenæringane og den berekraftige matproduksjonen basert på utmarksressursar i mange område. Livskvaliteten til folket har vorte svekka pga stor konsentrasjon av rovdyr i visse distrikt.

Aksjonen arrangerer ein demonstrasjon utanfor Stortinget fredag den 17. desember frå kl 1000 til kl 1200. Demonstrasjonen blir avslutta med å levera eit krav til stortingspresidenten om endringar i rovdyrpolitikken.

Vi vonar Friheten òg er opptatt av dette saksfeltet, og håpar difor at de finn høve til å dekkja denne tilskipinga. Heile aksjonsgruppa står sjølvsagt til rådvelde om det skulle vera spørsmål og/eller innspel.

Med ønske om eit godt samarbeid for betre livskvalitet på bygda, for aksjonen "La bygdene leve, Jens!"

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering