Sovjetisk krigsinnsats
-
I samband med 65-års høgtidinga av slutten på siste verdskrigen er Aftenpostens Moskva-korrespondent ute med vanleg antisovjetisme.
Av Olav H. Aarrestad
I artikkelen Seiersrus i Stalins skygge (8.5,) hevdar ho at Stalin tok liv av tjue millionar menneske. Krigen tok 22 millionar, altså ikkje stort meir enn Stalin. Slike tal er så høge at ein måtte kunna lesa dei av på oppgåver over folketalet. På Wikipedia finn ein desse (offisielle) tala over folketalet i Sovjetunioen frå 1928 til 1989::
1928 : 150 000 000
1940 : 194 000 000
1950 : 180 000 000
1960 : 214 000 000
1970 : 242 000 000
1979 : 264 000 000
1989 : 286 000 000
Krigens herjingar (1941-45) kan ein tydeleg lesa av; mellom 1940 og -50 har folketalet gått ned med 16 millionar, nærare studiar syner at det først og fremst gjeld menn i stridsdugande alder.
”Utreinskingsåra”, 1934-38. då Stalin etter vestlege historikarars meining (sic) myrda 20 millionar, fell innanfor tidsromet 1928-40. Då auka folketalet med 44 millionar, innpå 30 % folkeauke på 12 år. Legg ein til dei 20 som altså Stalin skulle ha drepi, kjem ein opp i eigentleg auke på 64 millionar! Kva slags fødemaskiner måtte ikkje sovjetiske mødrer ha vori når dei i tillegg skulle ha kompensert for naturleg avgang ? Dei tjue millionar utrydda er pære vås!
-
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus