”Der du finn siger, finn du Zjukov”
-
Ein av dei største krigarane frå 2. verdskrigen er utan tvil Georgij Konstantinovitsj Zjukov
(1. desember 1896 – 18. juni 1974), av fattig bondeslekt frå Kalugaområdet (sør for Smolensk).
Som andre harhausar med ikkje heilt plettfri vandel er han ein omdiskutert person. Ein skal ikkje her i detalj koma inn på alle hans sigrar under borgarkrigen og andre verdskrigen, men ein vil peika på at det vart som eit slags ståande uttrykk i den Raude hæren at der du finn siger, finn du Zjukov. I den norske utgåva av Wikipedia vert det typisk nok lagt vekt på diskrepansane, mindre på den militære leiaren. Forfattaren skriv:
Problema til Zjukov starta for alvor då han ikkje såg ut til å ville tone ned dei viktige bidraga sine i krigssigeren til Sovjetunionen. For med tida ønskte Stalin å verte framstilt som hovudarkitekten bak triumfen; han ville ikkje dele æra med nokon andre, uansett rettmessig krav. Han kom derfor til å sjå på Zjukov med sterk mistru.
Av Olav H. Aarrestad
-
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus