Om tabuord og fetisjismespråk
-
Ein ser ofte ein tendens til å ideologisera språket. Det er ikkje lenger eit kollektivt vi som utviklar det, i staden kjem det konstruerte nyord nærast med direktiv ovanifrå.
Ein må faktisk ta til Stalin for å gå i rette med denne tendensen. I ”Marxismen og språkvitskaplege spørsmål” peikar han på at språket ikkje høyrer til den ideologiske overbygginga i eit samfunn (suprastrukturen), det har ikkje oppstått som gjenspegling av infrastrukturen i eit gjevi samfunn, men av heile utviklinga av samfunnet og infrastrukturanes soge gjennom århundra. Det russiske språket vart ikkje eit nytt språk med den rusiske revolusjonen. Nasjonalspråket vert ikkje skapt av ei einskild klasse i samfunnet, men av samfunnet som heilskap, av alle samfunnsklasser gjennom hundretals generasjonars strev. Eit nasjonalspråk som vert eit språk for ei serskilt klasse eller vert ideologisk styrt, fell ned til å verta ein sjargon eller sosiolekt.
Nasjonalspråket inneheld alt, speglar att mangfaldet i verda, like brukande for ein fascist som ein demokrat og kommunist. Språket i seg sjølv er ein reidskap som ligg der til bruk for alle, det er brukaren som avgjer korleis det skal brukast.
Ein har sett mange tendensar til ordfetisjisme i nyare tid: forsvinn ordet, forsvinn også fenomenet. Men dette er rein overtru, ein endrar ikkje røyndomen med nye ord: Søppelkøyraren får ikkje eit mindre strevsamt arbeid om han vert døypt om til renovasjonsansvarleg.
Desse språk-fetisjistane gjer også brot på språkstrukturen for å kunna driva ideologisk påverknad, utan å blunka kan dei skriva: En tamil – hun. I norsk er det skilnad på grammatikalsk og reelt kjøn: Katten – han, løva – ho, skiltvakta – ho, på svensk er jamvel människan – hon. Skal ein i lilkestillinga sitt namn byrja skriva farsmål og broderskip? Og kvifor skal det få lov til å heita brotsmann på nynorsk?
Av Olav H. Aarestad
-
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus