Danene og Nordvegen
Danene og Nordvegen

NORDEN KRING ÅR 800


Eit slavesamfunn?


Frå langt tilbake i europeisk, asiatisk og afrikansk soge var trælhaldet knytt til krigsbyte. I førstninga drap ein vel som regel slagne fiendar, men etter kvart kunne dei velja å verta ”levande døde” –dvs slave. Sigeherren hadde gjevi han livet og hadde såleis full råderett over ein krigsfange som han sjølv kunne bruka eller selja vidare. Hellas og Roma vart bygde på arbeidskrafta til slavar. Ein fri mann gjorde knappast manuelt arbeid. Det vart overlati til slavane som også dreiv handverk og i stor mon handel. Karl Marx karakteriserer då også epoken som slavesamfunn før føydalismen tok over, Det tidlege nomadesamfunnet som bygde på jakt og fiske, var nok meir egalitært. Ved fast busetting var vilkåra i Nord-Europa, ikkje minst i Noreg, skrinnare enn sørover i Europa slik at storgods à la dei romerske ikkje kunne veksa fram. Eigaren tok sjølv aktivt del i drifta og hadde som oftast ikkje råd til å skaffa seg framand arbeidskraft. Men trælar har det også vori i Norden. Når det gjeld talet på dei, vil ein ikkje gissa ein gong. I eit opprit frå Trøndelag er det tale om ein gard med 12 kyr, to hestar og tre trælar. Om dette var gjengs og om 12 kyr måtte reknast til ein storgard, er ikkje godt å vita.


Om trælhaldet kom med vikingtida pga utanlandsk innverknad, veit ein heller ikkje. Det er ei kjensgjerning at dei rikaste landnåmsmennene på Island hadde trælar med seg frå Noreg.. Vikingane var involverte i slavehandel på ferdene sine nett som norske sjøfolk i dansk teneste mellom 1670 og 1802 -, og tok nok ein del heim –om det no var plyndringsbyte eller resultat av handelsverksemd. På same tid risikerte vikingane sjølve å verta tekne som slavar, ikkje minst i Mellomhavsområdet. Ein av dei få trælane som er namngjevne i soga, er Tormod Kark, yndlingstrælen til Håkon Jarl (Dei skulle ha vaksi opp i lag) .Det meste om denne Tormod kan vera oppspinn, også fornamnet, men er det rett, skulle det tyda på at det dreier seg om ein norskætta træl. Det heiter seg at innfødingar ikkje kunne søkkja ned i trældom, men der galdt visst unntak for gjeldsslavar, i ordet si opphavlege tyding. Ein kan såleis undra på om trælane stort sett representerte framande folkeelement. Om der er eit tydeleg og eigenleg skilje mellom tenarar og trælar på ein stor gard, veit ein heller ikkje..Overgangen til husmannssystemet kan ein vel sjå på som ein slutt på og samstundes som ei forlenging av tenar- og trælhaldet. Ein kan igjen berre gissa, men ein vil tru det ikkje er solid grunnlag for å hevda at samfunna i Norden, jamvel i vikingtida, bygde på og var avhengige av slavar.


Vikingtida
Vikingtida er eit tidsrom i nordeuropeisk soge som strekkjer frå ca.790 v.t. (vår tidsrekning). til om lag år 1066. Ein har berre utanlandske samtidige kjelder om den første delen av denne 300-årige tidbolken. Vikingferdene blir av nokre forklart med ”overfolking” i kystområda, andre hevdar at det byrja som hemntokt mot Karl den store og stenginga hans av handelsvegar ved underkuing av frisarane og andre frender (jfr nedslaktinga av saksarar 792-93). Karls harde tvangskristning kan òg ha spela inn., I ettertid har nasjonalistiske kjensler også påverka oppfatninga av vikingtida, og ei mannjamning mellom danskar og nordmenn om Gange-Rolv, fransk Rollon, var norsk eller dansk, sluttar visst aldri. Dei som tok del i tokt og busetting sørover i det vestlege Europa, kom nok stort sett frå dei danske øyane og Jylland, men islettet av menn langs nordvegen, var monaleg. Franskmennene hadde lenge inga oppfatning av skilje mellom danskar og nordmenn, for dei dreidde det seg om menn frå nord: Normannarar. Folk frå den svenske austkysten var nok hovudmengda av dei som drog austover og grunnla Gardariket (med hovudstaden Holmgard: Novgorod). Namnet Russland set mange i samband med det svenske landskapet Roslagen (opphavleg Roden).I alle fall har det gjevi det finske (Ruotsi) og det estiske namnet på Sverige, som for Mälarområdet sin del i tidlegare tider var kjend som Svíþjóð (framleis islandsk namn på Sverige). Sveafolket, sveastammen, har sidan gjevi namn til heile Sverige.


Skatt og stat
I samband med Vikingtida er det liten grunn til å tala om verkelege statsskipnader i Norden. Der fanst korkje tydelege og vakta landegrenser, ein sentraladministrasjon, ein fast hær eller eit etablert skatteinnkrevingssytem Ein kan seia at det typiske for vikingrike var at dei var utan faste grenser og at det var tale om kongemakt meir enn kongerike. For undersåttane var nasjonaliteten til overherren/kongen uinteressant, han var stort sett framand for dei: Det viktigaste var at dei var skattepliktige – jamvel om skatten vart kravd inn lite regelbundi.. Rett nok vert Harald Blåtann rekna som den første verkelege kongen i Danmark, men heller ikkje han kan ein seia fylte vilkåra fullt ut for å vera det han sjølv hevda: Konge over heile Danmark og Norveg. Det dreidde seg framleis om den fremste blant hovdingar på eit landområde der dei alle var avhengige av det landeigedomane deira kasta av seg jamvel om dei kunne tyna eigne undergjevne eller plyndra framande for å bøta på inntektene. Meir reglebunden skatteinnkreving var det kyrkja (katolsk) som fekk gleda av.. Etter at vestromarriket gjekk i oppløysing , var skattane og avgiftene til kyrkja stort sett den einaste skatten som vart kravd inn frå sentralt hald. Tiende vart innført mest på same tid som kristendomen. På Island kom ordninga såleis i 1096/97 då Alltinget vedtok innføringa, og det skulle ha vori samrøystes. Tiende på Island vart litt annleis enn elles i det katolske Europa. På Island galdt fyrst og fremst 10% skatt på eigedom, medan hovudsak andre stader var skatt på avling eller vareproduksjon (handverk). I tillegg til skattinnkome auka Kyrkja rikdomane sine ved at mange gav store gåver, også jordegods –ofte i von om å tryggja seg ein plass i paradis, skulle ein tru.. Kyrkja vart ein stor landeigar og kom i konkurranse med kongemakta då denne voks fram. Då reformasjonen vart innførd i Norden, førde det til stor kongeleg konfiskering av kyrkjegods.


Stat, keisar- og kongemakt
Dei fleste innanfor det ein kallar Romarriket, hadde ei klar meining om at dei vart styrde av ein keisar frå år 100 og frametter. Nemninga har som kjent utgangspunkt i namnet Cæsar, som også har gjevi tsar på russisk. Romarriket var i høgste grad multietnisk og multispråkleg jamvel om latin tente som bindelekk. Når det så gjeld framvoksteren av mindre og etnisk/språkleg homogene rike, har det i mange fall dreidd seg om utviding frå stormannsrike til nasjon. Det er nok å peika på Isle de France og Moskva, som vart grunnlaget for staten Frankrike og staten Russland. I Sverige var det Svitjod- området som vart utgangspunktet for det svenske riket I Noreg fanst korkje dei topografiske eller økonomiske vilkåra for ei slik utvikling, ikkje minst av di Oslo var delvis avstengd frå omlandet i nord (Gjelleråsen) og sør (Eikaberg), og Viken på mange måtar frå gamalt høyrde til daneveldet.


Etter Falk & Torp skal konge (nor. konungr) tyda son av stormann. I det ordet ligg også ei oppfatning av glidande overgang frå stormann til herre over eit land. Dronning har samanhang med drott som igjen tyder herre over ein krigarskare (Falk & Torp). Det franske roi, av lat. rex (styrar) er først dokumentert i Rolandskvadet (1060) og gjeld då Karl den store. På minst eit språk gjekk det med namnet hans som med Cæsar (keisar); i russisk er korolj av Karl det same som konge i germanske språk. Karl den store (Carolus Magnus) vart krona som ein arvtakar til romarriket og tok då tittelen empereur etter det latinske imperator. I nærliggjande område bygde mykje av statsdaninga på impulsar frå Karl, ikkje minst når det gjeld den katolske kyrkja sin dominerande plass
Danene som herrefolk?


I verket The origin of the scandinavian languages and Nations (900 sider) hevda Håkon Melberg (|911-1990, lærar ved Halden realskole og gymnas, sidan kalla avd. Christian August nokre år) at kring første hundreåret i v.t. (vår tidsrekning) kom det ei folkegruppe frå området nord for Svartehavet  til Sør-Skandinavia. Etter nærkontakt med Romarriket hadde dei med seg våpen- og krigsteknikk som var overlegne det som fanst på den tida i Skandinavia. Med Melbergs ord (frå engelsk, s 898): ”Danestammen svinga tentaklane mot nord før år 200, dvs frå starten på det som blir kalla romersk jernalder i skandinavisk arkeologi. Ekspansjonen nordover tiltok i styrke og omfang under styret til Halvdan Høge-og-gamle i andre halvdel av 400-talet. Det var på den tida grannane åt danene sette kursen mot Britannia, austgotane under Teodorik tok Italia og frankarane strøymde inn i Gallia. Dei etterfølgjande Skjoldungkongane følgde opp danifiseringspolitikken i Norden, til høgdepunktet vart nådt mot slutten av 500-talet med etablering av eit pan-skandinavisk og baltisk rike, med herredøme over fjerne koloniar og satellittstatar. I det riket er opphavet til nasjonane Norge og Sverige: Eit dansk Stor-Sverige, med kjerneområde i Gõta-Sverige, og eit dansk Nordveg, som rakk nord til Troms.


Danene skal såleis ha lagt under seg dei folka som budde i Skandinavia, og språket deira tok over for dei som blei talte i Skandinavia (ikkje indoeuropeiske?) .Eit tvilsamt prov for dette kan vera at til dømes Snorre så seint som på 1200-talet tala om det språket han sjølv bruka, som dansk tunge.


Korleis det enn måtte vera, så lenge sjøen var viktigaste ferdselsåra , hadde det folket som rådde på dei danske øyane og Jylland, alle føresetnader for å ekspandera langs Sveriges vestkyst og på norskekysten heilt opp til Troms og naturleg nok få ei maktstilling i det nordiske området. Danene hadde dessutan nært samband frå Jylland til meir avanserte kulturar lenger sør i Europa (frankarane etc.) Kring år 800 ligg Norden enno i eit halvmørker, om folketalet kan ein berre gissa. Det ein veit, er at det ein i dag kallar Danmark, Sverige nord til Lappland, store delar av finskekysten og Noreg til og med Sør-Troms vår folkesett av nordgermanarar som alle framleis tala eit sams språk vidareutvikla frå urnordisk, som ein har visse minningar om på runesteinar og via låneord i finsk. Det er først på 12-1300-talet at det Snorre kalla dansk tunga (nemninga norrønt er også brukt), at dialektar byrja skilja seg tydeleg ut og skriftspråket kløyvde seg i austnordisk og vestnordisk, slik at ein kan tala om svensk og dansk og norsk i forma ”mellomnorsk”, som aldri vart eit skriftmål, men som alt hadde kløyvt seg i ulike dialektar, igjen samla av Ivar Aasen under nemninga landsmål/nynorsk. I det kollektive medvit var det lenge inga oppfatning av skilje mellom danskar, nordmenn og svenskar, men det har nok vori oppfatningar om ulike stammer innanfor dette store området.
Jordanes, truleg biskop i Kroton , dagens Crotone i Kalabria, og som hadde gotiske anar, skreiv på 500-talet De origine actibusque Getarum –(om gotaranes opphav og bedrifter).Han nemner heile 25 ulike stammer i det han kallar Skandinavia, som den gongen var eit høvdingsamfunn med gotar, svear og daner som dei største stammefolka, Fram til år 800 hadde nok den strukturen ikkje endra seg avgjerande, og danene var framleis dei dominerande.
Eit viktig område for daneveldet var Viken der dei blant anna skal ha grunnlagt Oslo.. Dersom opphavet til namnet Noreg er vegen mot nord, slik ein kan tru det er vorti teki vare på i tysk, engelsk og fransk: Norwegen, Norway, la Norvège, dreidde det seg for danene om ei kyststrekkje innanfor eige område. Det finst også andre forklaringar på Noreg/Norge: Nokre knyter det til ordet nor som ein finn i dialektar og som tyder smalt eller trongt sund. Nils Halvorsen Tønnes (norsk student) tolka det slik i 1847: «strøget (vegr) med de trange Fjorde og innsjøer (nórar), Sund-Landet». Ein kan sjå denne tolkinga, ikkje minst når det gjeld vegr, som ein freistnad på å gje ei etymologisk underbygging for at Noreg tidleg var eit (eige) land og ikkje berre oppfatta som ei kyststrekkje. På Tønnes’ tid var ikkje Noreg lenger ein del av Danmark , og det var mykje om å gjera å markera det spesifikt norske i personalunionen med Sverige på vegen fram mot oppgjeret i 1905. Dei einaste utanlandske namna på Noreg som kan vekkja tolkingsproblem, se til å vera An lorua på irsk og Nirribhidh på skotsk-gælisk.


Kva med ”rikssamlaren” Harald Hårfagre?
Nokre av dei største og megtigaste hovdingane på denne kyststripa, Nordvegen, var danske vasallar. Ein kan syna til frankiske annalar for året 813, der det står at danekongen var i Vestfold for å tukta undersåttane sine. Ein har ikkje sikre kjelder på Halvdan Svartes tilhøve til Viken og på kvar han heldt til. Budde han på Ringerike eller Hadeland , kunne han framleis vera dansk vasall, men med lause band til danekongen. Han kan ha hatt kontroll over ferdselsvegen vestover til Sogn og funni ei hovdingdotter til son sin der, slik at Harald Hårfagre først og fremst skapte eit vestlandsrike, inklusive den vestlegaste delen av Opplanda. Snorre som hadde sett seg føre å skriva ein krønike om den norske kongeslekta, trong ein startkonge, og valet fall på son av Halvdan svarte. I stil med dei fleste andre krøniker om kongeslekter og land, byrjar Snorre med trojanarkrigen. Odin (dvs Aeneas) siglar frå Troja og via Odense hamnar han i Uppsala der han vert opphavsmann til den mytiske ynglingætta som Harald sjølvsagt må stamma frå. Om dette skriv wikipedia: At Snorre har knytt Hårfagreætte til Sverige heller enn til Danmark, kan ha politiske årsaker. Namna i den nedste delen av ættlina, særskild namnet Halvdan som kjem att tre gonger (sist i Halvdan svarte), tyder på dansk tilknyting. Halvdan var eit vanleg namn i Skjoldungeætta. Namnet Gudrød (far til Halvdan Svarte), svarar til det danske Godfred, namnet på den første kjende kongen i Hedeby.


Halvdan skal tyda halvt danske, men det verkar merkeleg når den danske urkongen har fått namnet Halvdan den gamle. Islendingen Jón Ólafsson úr Grunnavík (1705-1759) fekk det til at Halvdan var ei samandraging av Hjörálfur dugandi, men denne tolkinga skal ikkje vera sætande. Om kvar Harald Halvdansson, kalla den Hårfagre (Haraldr Lufa) heldt til, er det ulike forteljingar: Fagerskinna fortel at hovudgarden hans var Gaular medan han var konge i Sogn. I Haraldskvadet har diktaren valt Ulstein, truleg på Mosterøy. Snorre og Egilssoga let han styra riket sitt frå gardane Aleksstad ved Bergen , Seim i Nordhordland og Fitjar på Stord. Samlingsverket skal Harald ha fullført i året 872 i slaget ved Hafrsfjord. At der har vori eit slag er truleg, men årstalet stridest dei lærde om. No legg ein det nærare år 900 – og dei stridest også om verknadene av det. Etter Haralds død finn ein sønene hans som vasallar av danekongen Harald Blåtann (fødd ca. 930, kan henda i Jelling på Jylland .Dødsdagen vert tradisjonelt rekna å vera 1.11. 987). Han kunne med stor rett lata rita på den største Jellingsteinen: Kong Harald baud gjera dette minnesmerket etter Gorm, far sin, og etter Thyra, mor si, den Harald som hadde lagt under seg heile Danmark og Noreg og som kristna danene.


Det er såleis underleg at Harald Blåtann ikkje også er komen med i den norske kongerekkja. Nemninga Noruiak kan framleis tolkast som Nordveg. Heile (ala) står framføre Danmark (Tanmaurk), slik at ein kan lesa: herre over heile Danmark og Nordvegen. . Om det ein kunne kalla den første verkelege danske kongen, er Harald Blåtann, daterer framvoksteren av ein dansk stat seg til ca.100 år etter Karl den stores levetid. Harald sette i gang bygginga av festningsverk (Trelleborgar) på fem strategiske stader: Trelleborg på Sjælland, Nonnebakken på Fyn, Fyrkat sentralt på Jylland, Aggersborg i nærleiken av Limfjorden og Trelleborg i nærleiken av byen med same namn i Skåne. Alle dei fem festningane hadde same forma: Sirklar med fire opningar og med langhus i kvadratiske mønster. Harald Blåtann let også byggja ei bru ved Ravnige –fem meter brei og seksti meter lang. Ikkje nok med at Harald Blåtann hadde utvida riket sitt frå Jellinge-området til heile Danmark, han var også aktiv utanlands. (wikipedia:)


Så tidleg som i åra 941-942 kom Harald Blåtann til Normandie med ein flåte på 60 skip. Han okkuperte Cherbourg (Truleg frå norrønt; kjarr (sump) og borg) og skal etter kvart ha okkupert la Basse-Normandie I åra 945 og 946 var Harald Blåtann på nytt i Normandie for å stø normannarane. Det var viking-jarlen «Bernard den danske» (Bernard le Danois) som hadde bedi om hjelp til å verja hertugdømet mot åtak frå den franske kongen Ludvig IV og hertug Hugh den store. Innan 947 greidde dei, saman med normanniske og andre norrøne styrkar, å driva kong Ludvig ut av Rouen og ta att Normandie. Til namnet le Danois ( eig.Dacigena Bernardus) som krønikeskrivaren Dudon de Saint-Quentin (mellom 960 og 1043) hadde gjevi han, kan tyda på at han i motsetnad til dei andre normanniske stormennene, ikkje var fødd i Normandie, men hadde komi som vaksen frå Danmark. Han vert rekna som stamfar til dei to anglonormanniske slektene Beaumont et Hartcourt.


I Fagrskinna står det at «Kong Harald Gormsson herja i Vendland (dagens Polen) og let gjera ei stor borg på ein stad som heiter Jom, og ho er sidan kalla Jomsborg. Han sette ein hovding til å styra og for sjølv heim til Danmark. Andre kjelder hevdar at Harald vart såra og døydde i Vendland. Harald Blåtann skal ha gått over til kristendomen, og han er kanonisert av den katolske kyrkja som Harald den heilage med 1. november som minnedag.
Om det Noreg som Harald Hårfagre samla, berre var eit vestlandsrike, kunne han nok i ein viss mon hevda sjølvstende andsynes danekongen, men òg på kyststripa vest- og nord-over frå Viken hadde danene mange støttepunkt.. Erling Skjalgsson på Sola. levde truleg mellom 965 og1028. Han blir omtalt som herse og lendemann, men aldri som jarl. Det er få kjelder om han og ingen samtidige. Ei er Historia de Antiquitate Regum Norwagiensium av Theodoricus monachus, ein benediktinarmunk i Nidarholm kloster sist på1100-talet. Fornamnet hans kan ha vori Tjodrek eller Tor. Han bygde i stor mon på islandske kjelder. Skal ein tru Heimskringla , fór E. Skjalgsson til England for å møta kong Knut. I 1027 eller 1028 var det eit slag –uvisst kvar - mellom E. Skjalgsson og Olav II der E. Skjalgsson skulle ha falli. At Hårek fråTjøtta (ca.965 -1036), etter Snorre stormann på Helgeland, skulle ha leida den danskallierte bondehæren mot Olav II Haraldsson på Stiklestad, skulle tyda på eit varig samband med danekongen. Det verkar såleis som stormenn langs Nordvegen såg på danekongen som sin overherre.. I slaget på Stiklestad var det ikkje klare nasjonale frontar. Mot Olav II stod mange bønder, ikkje minst frå Trøndelagen, i hæren hans var det mange svenskar, som trønderane omtalte som austmenn. På si side kalla dei som etter kvart vart islendingar, nordmenn for austmenn, Det skulle tyda på at noka oppfatning av ulike nasjonar ikkje fanst. I røynda var det meir ein kamp om makt innanfor eit ikkje godt definert landområde. Ladejarlane i Trøndelag var tvillaust jarlar under danekongen. Dansk overherredøme varer på sett og vis fram til 1035 då Svein Knutsson vart jaga eller eventuelt drog til Danmark for å søkja meir støtte av menn og våpen. Der døydde han ikkje lenge etterpå,. truleg berre 19 år gamal. Han og mora hadde styrt området på vegner av Knut den megtige, herre over Nordsjøriket som omfatta England der han heldt til , og Danmark (med store delar av dagens Sverige) og Noreg.
Var det Sverre som grunnla riket?


Om ein i det heile skal tala om ein grunnleggjar av staten Noreg, må ein sjå på usurpatoren Sverre (påstått Sigurdsson) , 1172-1202, som nærare til den æra enn Harald Hårfagre. Han kunne uhindra ta del i den indre maktstriden (borgarkrigstida) av di det nærast rådde anarki i Danmark. Eit teikn på at han hadde nådd fram til ein posisjon som suveren, var at han døydde på sotteseng i uvanleg høg alder (femti år) .Først med sonesonen Håkon IV Håkonsson (mora var frilla Inga frå Varteig), krona i 1247 av kardinal Vilhelm av Sabina i Bjørgvin, vert det slutt på borgarkrigstida. Han synte ekspansive tendensar (jfr. det såkalla Noregsveldet), og døyr typisk nok på Orkenøyane (på sotteseng, 46 år gamal) Sambandet med Danmark var ikkje broti, sonen Magnus VI (Lagabøte) vart ”formælt” med Ingeborg, dotter av Erik Plogpenning, meir eller mindre konge av Danmark. Magnus har fått æra av å ha innført landsgyldige lover som ein av dei første i Europa. Det er ei sanning med modifikasjonar. Kvart av lagtinga (Gulating, Frostating, Eidsivating og Borgarting) fekk si utgåve, men innhaldet var nokså likt og bygde i hovudsak på tidlegare lagtingslover. I tillegg vart det utarbeidt ei serskilt bylov. Håkon V Magnusson gjorde Oslo til kongssete då han tok over makta etter bror sin utan å ha nokon omfattande sentraladministrasjon på Akershus slott. Mykje ligg til rettes for nasjonsbygging. Til hinder for dette var den rådande mentaliteten. Makta var ikkje så mykje knytt til eit kollektivt medvit om å tilhøyra eitt folk, men til eigarinteresser. Kongen var like mykje fyrste som konge og så difor på landområde som sin private eigedom Heile land og landområde kunne fylgja med i medgift uansett kvar dei låg. Landområde i det ikkje heilt eksisterande Sverige eller i Danmark kunne vera like bra som eige arveland.. Og giftarmål vart gjorde i ung alder for å tryggja og helst utvida maktområdet eventuelt pleia samband med andre kongefamiliar. Håkon V døyr i 1319 påTunsberghus, 49 år gamal, og let etter seg dottera Ingeborg som alt var gift (11 år gamal i 1312) med Erik Magnusson av Södermanland. Sonen Magnus Eriksson (også kalla Smek av Den heilage Birgitta av di ho skulda han for å vera homoseksuell) arvar såleis så vel Noreg som Sverige der stormenn framleis har det meste av makta. Han klarer ikkje halda på kontrollen korkje i Sverige eller Noreg, og med sonen Håkon sitt giftarmål trør Danmark igjen inn på arenaen.Valdemar Atterdag har atterreist kongsmakta i landet, og den viljesterke dottera hans Margrete (formælt med Håkon i 1363 då ho var ti år gamal og han tjue) vert mor til Olav Håkonsson som på sett og vis er arving til alle tre rika (faren døydde i 1380) . På vegner av sonen som snart døyr (16 år gamal), innleier Margrete Kalmarunionen som skulle gjera Noreg til ein del av Danmark fram til 1814. For staten Noreg var det berre embryo att. I Oslo som i stor mon hadde teki over som residensby, budde det knapt 2000 menneske, og det at rikgseglet vart oppbevart på Akershus festning, kunne knapt gjera Oslo til faktisk rikshovudstad. Lagabøtes landslov var heller ikkje nok til å demma opp for danskekonganes lovverk, ein hær fanst ikkje og skatteinnkreving var ikkje sentralisert. Nokon sentraladministrasjon var det nokså meiningslaust å tala om. København vert den naturlege hovudstaden for det dansk-norske riket.


Talemålet skil lag i Norden og utviklar seg i ein viss mon etter nasjonale grenser, men ikkje langs Kjølen. Der er det lenge umogleg å skilja mellom svensk og norsk. Dansk skriftmål vert innført i Noreg , og jamvel om dialektane skil seg kraftig frå normaldansk, gjer nok det danske skriftmålet at dei som bur i Noreg, seint utviklar ei kollektiv nasjonalkjensle –dessutan var mange av dei rådande menn innflytta danskar og tyskarar. Heimskringla av Snorre hadde mykje å seia for norsk identitet, men ho vart først kjend i midten av 1600-talet gjennom omsettinga til Peder Claussøn Friis: Norske Kongers Chronica (1633) og vart folkelesnad mykje seinare takk vere Jacob All i 1838-39 med Norske Kongers Sagaer. Heimskringla er knytt til meir eller mindre regjerande kongar og skapar eit biletet av eit eksisterande kongerike heilt frå Harald Hårfagres dagar, slik at mange hadde vandt for å tenkja seg ei styreform utan ein konge på toppen


Igjen planar om nordisk union?
Eit interessant intermezzo fekk ein i 1807-08 då idear om ein nordisk eller i minsto norsk-svensk union ulma og nok låg i tankane hos den norske grev Heman Wedel-Jarlsberg og dei svenske adelsmennene Georg Adlersparre, von Platen og K. H. Posse m.fl. som arbeidde for at den dansk-tyske prinsen Christian August skulle verta svensk (-norsk) konge. Han adde tittelen prins av Slesvig-Holsten-Sønderborg-Augustenborg, vart fødd 1768, byrja som tjueåring i den danske hær og vart alt i 1790 generalmajor, men gjekk 1797 i austerriksk krigsteneste og deltok i kampar mot Napoleons franskmenn. Han kom tilbake til Danmark og vart utnemnd til kommanderande general for det Søndenfjeldske Norge med tilhald på Fredriksten festning i Halden (Den gongen Fredrikshald). Etter freden (juli 1807) i Tilsit (i dag Sovjetsk i Kaliningrad-enklaven) slutta Russland seg til den franske fastlandsblokaden som også Danmark deltok i. Engelskmennene bombarderte København, øydela den dansk flåten og blokkerte sjøsambandet mellom Danmark og Noreg. Russland kom i krig med det engelskvenlege Sverige og tok Finland. Danmark forplikta seg til å gå til krig mot Sverige for å styrka fastlandsblokaden. At engelskmennene hadde kutta av sambandet Noreg-Danmark, gjorde at ei de facto regjering vart skipa i Noreg med prins Christian August som sjef. Han leidde også krigen mot Sverige som først og fremst gjekk føre seg i dei svensk-norske grensetraktene. 7.12. 1808 vart det slutta ein formell avtale om våpenkvile. I Sverige ville storadelen avsetja kong Gustav IV Adolf som dei meinte hadde ansvaret for ein øydeleggjande tofrontskrig. Christian August hadde tidleg fått vita om slike planar, og då general Adlersparre toga mot Stocholm (13. 3.1809) med styrkar frå Vârmland, skal Christian August ha lova han ikkje å utnytta stoda og bryta våpenkvila med mindre den danske kongen, Fredrik VI, gav ordre om det. Gustav IV vart avsett , og onkelen, som var 61 år og utan mannleg arving, vart vald til konge 6.juni 1809. Det trongst ein kronprins. .Den elskverdige og fleksible Christian August var fremste kandidat, det visste han via Wedel-Jarlsberg og Adlersparre. Sjølv drøymde han om eit trestatssamband under Fredrik VI., Men i første omgang kunne han jo verta konge av Sverige og eventuelt også av Noreg. I det ”hemliga utskottet” i Riksdagen dreiv Adlersparre gjennom valet av Ch. August, og den 15-18. juli godtok bondestanden og dei andre stendene det. Ch. August ville ikkje motsetja seg den danske kongens vilje, og først då formell fred vart slutta 10.12 1809, sa han definitivt ja takk. I førsten av januar 1810 kom han til Sverige, vart adoptert av kongen og fekk namnet Karl August. Under ein militær eksersis den 28.mai 1810 fekk han hjerneslag og fall om på hesten. Det gjorde slutt på alle hans draumar om eit nordisk samband under ein konge. Det heile vart altså berre ein parentes, men likevel eit teikn på at Norden som ei eining framleis kunne setjast opp mot nasjonalisme i kvart land. Den var endå ikkje vidare sterk. Ein kan såleis spørja seg om kor langt oppfatninga av Noreg som eit eige rike var nådd i 1814.


1814
Fredrik VI som hadde vori på den ”galne sida” i Napoleonskrigane, godtok Kielerfreden og avståinga av Noreg til Sverige I eit opi brev til det norske folket gjorde han dette kjent og løyste norske undersåttar og embetsmenn frå truskapseiden til han. Statthaldar og arveprins Christian Fredrik la sine eigne planar. Han ville utnytta mothugen mot svensk overherredøme og ta leiinga for ein aksjon for eit uavhengig Noreg med han sjølv som konge. På lang sikt ville han skipa opp att unionen med Danmark – når han sjølv overtok som dansk konge. Dei viktigaste kreftene bak Eidsvollsverket var danskætta og ynskte nok først og fremst å tryggja Noreg for den danske arveprinsen. Av dei 112 medlemene av riksforsamlinga var det 57 embetsmenn, 37 (stor)bønder, 33 militære, 13 kjøpmenn og 5 bruks- og godseigarar. Hadde dei nordlege fylka komi med, hadde ein vel også hatt nokre væreigarar. Største eksportnæringa var fiske (tørrfisk, sild og klippfisk), dinest fylgde tømmereksport. Sysselsetting gav også mølle- og gruvedrift, handverk , ølbrygging og brennvinsproduksjon. Eigedomslause/ prroletarane; dvs. dei som skaffa folk og land noko å leva av ved slitet sitt, var såleis ikkje representerte på Eidsvoll. Ein kan seia at eit folk på ca. 900 000 hovud vart svært skeivt gjenspegla i riksforsamlingssalen på Eidsvoll verk. Allmenn røysterett for menn (over 25 år) kom ikkje før i 1898 (Kvinner kunne delta i kommuneval i 1901 og fekk allmenn røysterett i 1913). Bonderepresentantane på Eidsvoll, ein slags målberarar for det kollektive medvitet i Noreg, var hugheilt med på å velja Kristian Fredrik til ”norsk” konge og må ha vori klare over at det på sikt ville tyda fornying av unionen med Danmark. Berre eit lite mindretal på Riksforsamlinga på Eidsvoll gjekk imot desse planane, men Grunnlova gav ein viss garanti for at Noreg i ein ny dansk-norsk union ville få meir likeverdige vilkår. Bernadotte som sumaren 1814 vende tilbake til Sverige frå sigerrike kampar mot Napoleon, valde å setja makt bak kravet om oppfylling av Kielertraktaten, og kamphandlingane byrja den 26. juli med eit snøgt svensk marineåtak mot dei norske kanonbåtane ved Hvaler. Norsk tilbaketrekking førde til at det som måtte kunna kallast norsk marine, seinare ikkje tok del i kamphandlingar. I det heile minner ”krigen” i 1814 om den tyske hærtakinga av Noreg 126 år seinare. Også for landhæren gjekk det frå tilbaketrekking til tilbaketrekking. Kronprins Karl Johan inntok snøgt Fredrikstad og la hovudkvarteret sitt der. Ei oppmuntring for norsk side var sigeren ved Matrand i Eidsberg den 5. august då svenskane vart tvinga til retrett. Ein reknar med ca 50 falne på kvar side.


Christian Fredrik hadde hovudkvarteret sitt i Rakkestad og dit kom svenskane snøgt. Alt 9.august fekk Bernadotte eit brev om våpenkvile og tingingar frå Ch. Fredriks nye hovudkvarter i Spydeberg. Mossekonvensjonen fylgde. Noreg fekk i hovudsak halda på grunnlova av 17. mai. Landet måtte oppgje sjølvstendet som var proklamert i § 1, men heldt fram som sjølvstendig rike etter § 1 i den nye grunnlova. Nordmenn flest totte krigen var flaue greier. Dette gjekk ut over Christian Frederik og over den norske generalen og statsministeren Haxthausen som blei skulda for forræderi. Christian Fredrikm oppgav den norske kongetittelen og drog i november attende til Danmark, der han måtte gå stort sett gjerandlaus i 25 år før han kunne overta som dansk konge (Christian VIII, 1839-1848) utan å setja djupe spor etter seg i Danmark.


Utan dansk nederlag på Napoleons side, utan Sveriges tap av Finland til Russland og utan Jean-Baptiste Bernadotte ville ein ikkje ha fått nokon 17.mai å gjera stas på. Noreg ville ha haldi fram med å vera ”dansk”.


1905 og republikanarane
I røynda kom Grunnlova til å tena som eit bolverk mot for sterk svensk dominans etter personalunionen som Bernadotte fekk i stand, og ho vart eit grunnlag for lausrivinga frå Sverige i 1905. I unionstida hadde Noreg opplevd ei rivande utvikling så vel når det galdt næringsliv som folketal. Kulturelt skilde landet seg tydeleg ut frå Sverige, ikkje minst når det galdt skriftmålet (framleis dansk jamvel om landsmålet/nynorsk hadde nådd fram til formell likestilling). Ei lausriving frå Sverige låg i korta. Folkeavrøystinga om oppløysing av unionen gav 99,95% for. Berre 184 våga røysta imot. Sume av dei som vart mistenkte for å ha røysta nei, fekk kjenna folkevreiden (vindaugo knuste ol.) Jamvel om måten avrøystinga vart avvikla på, langt frå svara til det ein krev av eit demokratisk val, gav ho tydeleg uttrykk for folkemeininga.


Etter press gjekk regjeringa motviljug med på avrøysting i november om prins Carl av Danmark skulle takast til norsk konge. I røynda vart det ei avrøysting om statsform, der republikanarane sume stader hevda seg overraskande godt. Også denne gongen var presset stort, regjeringa sa ho ville gå av og landet ville verta kasta ut i ein konstitusjonell krise om folket ikkje stemte som riksstyret og leidande menn ville. Tidlegare republikanarar som Bjørnson og Nansen gjekk inn for prins Carl. Ein viktig kvalifikasjon for blant anna skipsreiarkrinsar var at han var verson til den engelske kongen Valdeltakinga var på rundt 75 prosent. Nesten 260 000 støtta prins Carls kandidatur, mens noko over 69 000 (21%) røysta mot. Ein merkar seg Telemark med 41% for republikk (i Øvre Telemark over 50%), Vest-Agder med 40,4 % (republikanarane Jørgen Løvland og Gunnar Knudsen var respektivt frå Agder og Telemark). I Hardanger stod republikanarane svært sterkt, og i Nord-Trøndelag røysta 36,7% mot prins Carl og såleis for republikk. Igjen kom altså ein dansk prins på den norske trona. Han skal ha ivra for norsk engasjement på britisk side under 1. verdskrigen, men som konstitusjonell monark fekk han ikkje større innverknad på den politikken som vart førd.


Konklusjon
På sett og vis kan ein hevda at Noreg berre har vori heilt sjølvstendig i to tidsrom: 1172-1319 og 1905-1940. Frå 9.april 1940 fylgde fem år med tysk okkupasjon og etter 8. mai 1945 nokre veker med alliert okkupasjon (D. Eisenhower representert ved ein britisk offiser). Tida etter er det vanskeleg å karakterisera som fullt sjølvstendig, sambandet til USA og Storbritannia var for sterkt etter krigen. Det førde til norsk medlemskap i NATO i 1949, fylgd av tilkyting til EU gjennom EØS som bind landet på mange måtar og gjer fullt sjølvstende til ein illusjon. I prinsippet er folket framleis suverent, men det ser ikkje ut som fleirtalet er huga på ekte sjølvstende. Før vart Noreg i lange tider styrt frå København, i dag har Bruxelles i stor mon teki over. Der er hovudkvarteret så vel for EU som for NATO.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering