Thor Heyerdahl
Du let oss få sjå
fortida og kulturane
bada i solgudens lys.
Gjennom din tidsspegel
såg vi det første morgongry
over menneskehendenes verk
Nå er det så få av oss
som framleis formar
med våre nakne hender.
Hendene har så lett for
å trykke på knappar.
Du var ikkje uniform.
Du var fredens mann,
og søkte mangfaldet
samanhengen, harmonien.
Sola gløder framleis
over revet ved Touamotou.
Målet er i sikte.
Den store fuglen
lyfter vengane.
Vi hører historia
fare forbi.
Hammaren får ligge
ei stund.
Lappeskomaker'n