Termo-barbarisk meny
USA steiker folk
med sine termo-bomber
i Afghanistan.
Muslimar og hinduar
steiker kvarandre
i indiske landsbyar.
Normalt reknar vi
kannibalisme
som toppen av barbari.
Men kannibalane
drep først fienden,
og steiker etterpå.
Deretter et dei eit måltid
med mange seremoniar
som tar lang tid.
Ein rekk ikkje å drepe
så mange da.
Dessutan kan appetitten
vere ei naturleg hindring.
Kanskje bør vi innføre
ein ny konvensjon :
”§6: Menneske som er
steikt levande,
skal fortærast på staden
innan 24 timar.
Kniv og gaffel
er obligatorisk utrusting”.
Marsjstøvel-maker'n