Mohammed var ikkje blod-dopa
Kona fekk vear,
så Mohammed og faren
starta jordmorskyss til Nablus.
Jordmorskyss i Norge
er ofte kopla til vitsing.
Ikkje slik i Palestina.
Mohammed og faren vart skotne
av israelske SS-klonar,
og kona Maysoun vart såra.
”I smerte skal du føde dine barn”.
I sanning vart det slik.
Barnet fekk namnet Fida
som betyr ”offer”.
Imens diskuterte Norge
bloddoping i OL.
Hadde Mohammed fått
olympisk legeinnsats
ville han kanskje levd i dag.
Israel har visstnok
eitt olympisk poeng.
Men Maysoun har ingen mann.
Fida har verken far
eller bestefar.
Og Norge har inga ære.
Beklager, Simostranda!
Vi er politisk dopa.
Berre Maysoun og Fida
kan hente medaljane heim til oss,
dersom vi bøyer kne
og er audmjuke.
Lappeskomaker'n