Osloroman frå dei harde trettiåra
-
-
Osloroman frå dei harde trettiåra
Bodøværingen Knut Moe (1909-2006) var ferdig utdana agronom frå Landbrukshøgskulen på Ås kring 1930. I 1934 kom han med romanen Vi overflødige (Gyldendal), som skildrar dei umoglege tilhøva på arbidsmarknaden for unge akademikarar i dei verste kriseåra.
Etter eksamen har den namnlause hovudpersonen gått eit år utan arbeid i heimbyen. Han held ikkje ut lenger med å vera "en stakkars gutt som ikke får noget at gjøre". No får det brista eller bæra, og han legg ut på den lange reisa til Oslo. Først med båt til Trondheim, derifrå med tog. Mannen vis-à-vis er i slutten av trettiåra. Under heile togreisa les han i ein tysk grammatikk for gymnaset: Truleg ein fortvila freistnad på å koma inn på arbeidsmarknaden på ein eller annan måte.
Dårleg økonomi tvingar vår helt til å søkja opp gamle studiekameratar og å dela hybel med ein som er minst like ille ute som han sjølv. I førstninga er det visse optimistiske tonar og ein studentikos atmosfære, men etter kvart som dei lid det eine nederlaget etter det andre, får romanen tragiske dimensjonar. Den svelten og nauda som vert skildra, byrjar nærma seg det ein kan lesa om i Hamsuns Sult jamvel om personane i Vi overflødige aldri heilt slepper taket på røyndomen. Mykje av det Moe skildrar i romanen, er nok sjølvopplevt, men han har den rette diktariske distanse og drag av ironi og humor. Dei er trass alt unge og har mykje livskraft.
-
Kameraten Petter tek til takke med ein jobb som gardsgut med kontantløn på tretti kroner månaden plus fri sjukekasse. Mor hans er enke, og sjølv har han opparbeidd seg ei gjeld som han skal betala renter og avdrag på med 145 kroner. Gardsgutløna gjer at han kjem ut med minus 115 kroner månaden i den tida han er i arbeid.
Penger, penger, skriker åtselgribbene - bankene. Penger, penger - gribben hugger klørne i byttet og klemmer til så stakkaren ikke får røre sig. I slikt kvelertak sitter Petter, og han har ingen chanse til å komme løs foreløbig. Gjeld må betales-. Er han heldig, meget heldigere enn mig, så kan han komme sig løs når han er en 45-50 år. Da kan han gifte seg også. Værsågod.
Når det endeleg ser ut til å ljosna; dei to har fått arbeid på ein fabrikk, reiser dei fagorganiserte arbeidarane der bust; akademikarar får ikkje koma å ta jobbane våre, og det er tilbake i armoda. Gjeldsslaven Petter har ikkje noko val, han må bli i Osloområdet og leva frå hand til munn. Hovudpersonen tek penna fatt og skriv heim til foreldra: Han vender heim att og kjem såleis til å vera attende der boka starta. Og no dukkar namnet Knut opp som underskrift på brevet. Det sjølvbiografiske vert endå tydelegare.
Tittelen på boka går på den samfunnsklassa av yngre akademikarar som vart kasta ut i arbeidsløyse uansett kor fine papir dei hadde. Ho er såleis ikkje eit innlegg i samfunnsdebatten frå ein kommunistisk ståstad. Krisa vert nærast sett på som tilfeldig, og romanen er tileigna "alle store og innflytelsesrike menn" i ei slags tru på at dei styrande kan ordna opp og få samfunnet på skinner att. For forfattaren ordna det seg. Han vart med tida fylkesagronom i Nordland, var med og skipa Nordnorsk forfattarlag, skriev fleire romanar/bøker og hadde eit rikt og langt liv etter at verdskrisa var over. Om ho no var det. Økonomar har peika på at etter at naudsarbeid fekk arbeidslivet og produksjon i gang att, overtok krigsindustrien som økonomisk drivkraft. Den kraftige opprustinga i alle store land gjorde verda budd på ein krig - og verdskrigen kom berre fem år etter at krisa liksom skulle ha vorti overvunnen. Slike makroøkonomiske synsmåtar er romanen fri for, han må først og fremst lesast som ei velskriven skildring av ei tid då ein brukande sykkel var betre attest for å få innpass i arbeidslivet enn flotte eksamenspapir.