Frå da flyktningar kom i hopetal over Storskog i 2015	, i same område som no opplev « jamming »																										REUTERS/Fyodor Porokhin
Frå da flyktningar kom i hopetal over Storskog i 2015 , i same område som no opplev « jamming » REUTERS/Fyodor Porokhin

Medan saka mot Frode Berg går sin gang i Moskva – Russarane meiner den pensjonerte grenseinspektøren har betalt ein russisk statsborgar 3000 euro for opplysningar denne skal ha skaffa om den russiske Nordflåten etter oppdrag frå norsk etterrøkingsteneste – dukkar ei ny sak opp:

Den 15. februar melde NRK på nettsida – utan å nemna det i sendingane - at norsk etterrøking i fleire år skal ha freista rekruttera norske tilsette ved fabrikken til Ølen Betong i Murmansk. To av desse skal ha vorti arresterte av russisk politi og viste ut av landet.. Direktøren Atle Berg hevdar at det som skal ha vori folk frå PST, freista å verva eller kontakta tilsette ved ti ulike høve. Han må no driva Murmanskavdelinga frå Noreg av di han er utestengd frå Russland i ti år. Den andre utestenginga gjeld ein tilsett som fleire gonger skal ha vorti kontakta av agentar for PST og pressa til å gje informasjon. Ølen Betong har gått til sak mot staten, ikkje minst av di selskapet meiner det har tapt 150 millionar kroner på bl.a. den sviktande tilliten selskapet har fått i Russland. Advokaten til selskapet, Per M. Ristvedt, hadde gjevi statsadvokaten frist til klokka 12, fredag 15.2. -Vi fekk eit svar som gjekk ut på at staten meinte det ikkje låg føre noko ansvar. Då har vi ikkje noko anna val enn å gå til søksmål, seier adokat Ristvedt. Til NTB skriv regjeringsadvokat Fredrik Sejersted : – Etter statens syn er det ikke grunnlag for noe slikt erstatningsansvar, verken rettslig eller faktisk. Det eksisterer ikke noe objektivt erstatningsansvar for eventuelle tap som noen måtte lide som følge av at norske myndigheter og tjenester utfører sitt samfunnsoppdrag og sine pålagte oppgaver innenfor de rammer som gjelder for virksomheten.. Og vidare skriv han: … at det – så langt staten kan se – ikke er forhold som tilsier at tjenestene i denne saken har opptrådt uaktsomt eller kritikkverdig på en måte som skulle utløse erstatningsansvar. … det er fast praksis at norske myndigheter ikke kommenterer enkeltsaker som gjelder virksomheten og arbeidsmetodene til Politiets sikkerhetstjeneste (PST) og Etterretningstjenesten (E-tjenesten). Ølen Betong har klaga saka inn for Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-utvalget). Om dette skriv regjeringsadvokaten: – Så vidt staten kan forstå, har man altså valgt et parallellspor, der det samtidig både klages til EOS-utvalget og sendes varsel om søksmål for domstolene. Etter statens syn fremstår dette som lite hensiktsmessig. En mer naturlig prosess vil være å avvente EOS-utvalgets vurdering, som uansett utfall vil gjøre det lettere å ta saken videre på en korrekt måte, heter det i brevet fra regjeringsadvokaten. Det offisielle Noreg har enno ikkje definert Russland som ein fiendestat. Då er det underleg at regjeringsadvokaten ser på verving av agentar ved norske næringsverksemder som er etablerte i Russland, som noko som er innanfor det samfunnsoppdraget og dei pålagde oppgåvene i dei rammene som gjeld for verksemda til PST og E-tenesta. Argumentet vil alltid vera at ”russarane driv med det same mot oss”. Anten kan denne aktiviteten ikkje vera vidare stor eller så er norsk kontraspionasje svært så uprofesjonell – like uprofesjonell som agentvervinga, for så vidt ein veit, har ikkje ein einaste russisk agent vorti teken dei siste åra, då ser ein fullstendig bort frå komikken kring den ”agenten” som ”spionerte” i Stortingsalen.


Det at Noreg er eit NATO-land, gjer Nord-Noreg til eit rottereir for spionverksemd. Når det gjeld Nato og Noreg, dreier det seg om overvakingsfly og radar og om meir eller mindre truskuldige nordmenn à la Frode Berg. Ein kan jo spørja seg om ikkje NATO/USA er dei eigenlege oppdragsgjevarane for norsk agentverksemd. Det finst nok ikkje vidare tette skott mellom PST/E-tenesta og Pentagon. E-tenesta ser det i alle fall som si oppgåve å målbera Pentagons syn på verda. I ei orientering til media som sette overskrifta


E-tjenesten: – Etterretning fra Russland og Kina største trussel kom leiaren Morten Haga Lunde med denne påstanden: – Samtidig ser vi at det jobbes med å spre falske nyheter, og at fremveksten av nettaviser skapt for å påvirke vestlige samfunn er stor. Dette er insinuasjonar som ein hardt arbeidande statstilsett ikkje burde koma med utan handfaste prov. Meiner han t.d. at Steigan og Midt i Fleisen er i lomma på Russland? Det som plagar han, er nok at det finst avvikande meiningar i den norske allmenta og at det er skadeleg for Demokratiet slik NATO etc. vil ha det. Ein kan sakna kritikk av sume sider ved Putins Russland, blant anna lefling med oligarkar og den ortodokse kyrkja, men Russlandskritikk er det nok av andre som driv, slik at korkje Friheten eller dei to nettsidene treng ta seg av det for balansens skuld. Det einaste konkrete Haga Lunde hadde å fara med, var forstyrring av GPS-signalar ved den norsk- russiske grensa. Russland har så langt ikkje vedgått ansvar for hendingane, og nektar for at dei siste episodane kom av militær aktivitet. Saka har vorti teken opp gjennom så vel diplomatiske og militære kanalar, og ikkje minst av ei nettavis som kallar seg Barents (independent) Observer med base i Kirkenes

 

Les mer i Friheten

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

russland


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering