friheten

avisa med Nyhetene bak Nyhetene - 77. årgang

NTB scanpix
NTB scanpix

For 100 år sidan fant Februarrevolusjonen i Russland sted, feira i dag av antikommunistane i vesten som den demokratiske revolusjonen bolsjevikane undertrykte nokre månader seinare.

Men var det ein folkerevolusjon?

Da tsaren ble styrta, kven var dei som tok over den politiske makta frå han?

Det var ikkje folket.

 

Det var dei same gamle makthavarane som tsaren brukte og nokon få andre som syndebukkar og såtte seg sjølv som dei "nye" herskande elitar. Det inkluderte mesteparten av aristokratiet og dei industrieigarane.

 

Når dei rike og mektige oppfatta at heile systemet kunne kollapse og dei saman med det, hoppa dei over på revolusjonens side (leidd av soldatane i mytteri), der klarte dei å sikre ei borgarleg regjering som kunne operere i kontinuitet med den førre. Når revolusjonen hadde truga deira interessa, "bytta dei flagg" og sette seg i spissen til massebevegelsen – i staden for å kjempe mot den openbart – for så å gi inntrykk at ein revolusjon var i gryinga, mens i verkelegheita skulle det haldast fram som før. Ikkje så fjern frå det som Gerhardsen og hans USA inspirterte sosialdemokratar gjorde etter krigen. Ikkje merkeleg at før tsarens abdikasjon var dei allierte Storbritannia og Frankrike imponerande kjappe til å anerkjenna kuppmakarane.

 

Men det var ein komplisering: desse kuppmakarane var 9 tidlegare parlamentsmedlemmar som konstituerte seg som ein provisorisk Dumakomité, mens samtidig ein annan institusjon var konkurrerande for makta: Petrograds Sovjet (Råd) av soldatrepresentantar. Intensjonen for elita var å halde unna Rådet frå makta, og sikre at ingenting betydeleg ville endre seg, bortsett frå nokon formelle saker eller nokre politiske rettighetar, som var ein innrømming til arbeidarane og soldatane som hadde gjort revolusjonen mogleg, men som ikkje ville endre samfunnsforholda mellom dei rike og massane av fattige, arbeidande folk.

 

Faktisk heldt den nye regjeringa berre fram med krigen og med den same utbyttinga av hardtarbeidande folk. Ein ekte revolusjon var ikkje blitt til. Det måtte ventes åtte månader til, før den dialektiske prosessen blei fullført.


SOSIALISME OG KOMMUNISME

SOSIALISME OG KOMMUNISME

Etter den industrielle revolusjon vokste arbeiderklassen sterkt. Dette gjorde den også til en samfunnskraft. Og klassen organiserte seg etter hvert....















RSS-mating for kommentarer Kommentarer

Ny kommeentar

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

 

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard
Redaktør: Terje Bjørlo
Vevredaktør: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgivar: Norges Kommunistiske Parti
Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 2017 - Republisering

Nettløsning ANS NyFritid Media

FRIHETEN
Friheten er ei norsk månadsavis, med ei lang historie, ho blir redigert av ein frivulleg redaksjon og er basert på frivullegheit. Difor treng me og bidrag, både økonomisk, innhaldsmessig og andre oppgåver. Støtt oss!

Avisa vert utgitt av Noregs Kommunistiske Parti, og er den enaste avisa som vart etablert illegalt under 2. verdenskrig som fortsatt utgis.
Avisa skriv ikkje om det du finn i alle andre avisar, og det er nok derfor me opplevar auke i både tingarar og laussal.
Avisa, ho er systemkritisk og analytisk, djuptgåande og skriv om alle emner. Avisa kjem to gonger i månaden, vil du tinga ho?

Harald Øystein
,
ansvarleg redaktør