Luftforsvaret i aksjon i Moskva
Luftforsvaret i aksjon i Moskva

Boka Moskva 1941 av Rodric Brathwaite (Norsk utgåve på Damm, 2007) er interessant lesnad. Forfattaren, tidlegare britisk ambassadør i Sovjetunionen og Russland, 1988-1992, er det ein kunne kalla ein Russlandsven. At han tykkjer gjævt om russaranes evne til å stå imot, halda ut over tid og kjempa tappert, og ikkje minst evna deira til å organisera (og improvisera) forsvar når det verkeleg røyner på, kan lesast både på og mellom linene.


Olav H Aarrestad
Hovudtesen til Brathwaite er at kampane om Moskva er underkommuniserte. I omfang og tapstal overgår dei det meste, og dessutan representerte dei det første omslaget i 2. verdskrigen. Det viste seg at den ”uovervinnelige” Wehrmacht kunne slåast og drivast til retrett. Han har kunna intervjua mange som budde i Moskva i den kritiske tidbolken og også tidlegare frontsoldatar, og til saman vert det teikna eit nyansert og mangesidig bilete med vanlege menneske i sentrum. Vi fylgjer dei på evakueringstog og fram til opphaldsstaden, og vi lever med dei som blei verande i byen av di dei hadde ei oppgåve å utføra. Serskilt imponert er han over at kulturlivet i stor mon gjekk sin gang. Jamvel for dei som søkte tilflukt på metrostasjonane, vart det skipa til bibliotek og underhaldning – og dei borna som var att, fekk ei leikeavdeling. Etter kvart kravde publikum at framsyninga på dei teatra som fungerte, skulle halda fram også når flyalarmen gjekk.
Når alt kjem til alt, er også biletet han teiknar av Stalin, nyansert, men sjølvsagt finn ein mange klisjear –og ein ny påstand: Fleire gonger skal Stalin ha vorti rasande. Det er nytt, alle andre vitnemål tyder på at Stalin aldri mista likevekta og at han høyrde på generalane når dei var samde. Var dei det ikkje, tok han avgjerda. Det vart blant anna haldi fram av marskalk Rokossovskij, som forresten er ein av Brathwaites store heltar. Forfattaren avsannar elles indirekte at Stalin vart sett ut av balanse då åtaket på Sovjetunionen kom den 21.juni 1941. Det var hektisk verksemd på Stalins kontor frå første stund –natt og dag. Brathwaite gjev også mange prov på at Stalin og sovjetarane lenge hadde førebudd seg på eit tysk åtak. Haken var berre at det kom langt tidlegare enn rekna med. Få trudde Hitler ville vera så forrykt at han opna ein front i aust før han hadde gjort seg ferdig med England i vest. Ein får òg det inntrykket at forfattaren meiner det var viktig at Stalin valde å bli i Moskva og ikkje evakuera saman med andre høgare partileiarar, funksjonærar, det diplomatiske korpset og tusenvis av kvinner og born. . I den samanhangen avsannar han ein myte om at dei som bygde ein bunkers som Stalin eventuelt skulle bruka i Kujbysjev (i dag Samara), vart avretta for at ingen skulle vita om kvar byggverket inneheldt. Ein ingeniør som hadde ansvaret for bygginga, lo godt då Brathwaite intervjua han mange år etterpå.


Braitwhaite meiner at det var rett av Stalin å tvinga igjennom at revolusjonsparaden 7. november 1941skulle gå sin gang jamvel om soldatane måtte dra rett ut til fronten frå den Raude plassen . Det fekk stor psykologisk verknad og auka kampviljen, og Stalin hadde vergudane på si side. Det var så dårleg ver at tyskarane ikkje kunne sleppa ei einaste bombe over paraden. I tillegg til Stalin vert også Kagonivitsj og ein mann som Kosygin framheva i samband med forsvaret av byen, men frst og fremst gjeld hyllinga ein kan lesa i boka, den jamne moskovitt og dei tapre soldatane.


Det svake med boka er at trass i ei imponerande kjeldetilvising gjer forfattaren same feilen som ei rad andre britiske populærhistorikarar når dei skriv om Sovjetunionen, Montefiore og Beevor ikkje minst. Mange av tilvisingane som liksom skal vera dokumentasjon, går berre til andre populærhistoriske verk skrivne av like lite veldokumenterte folk, og ikkje til primærkjelder.


Brathwaite tykkjer det er underleg at byen Moskva ikkje fekk krigsheltstatus før i 1965, altså lenge etter Leningrad og Stalingrad. Men faktum er at lidingane folk i Moskva gjekk igjennom, ikkje kan samanliknast med det dei to andre byane vart utsette for. Tyskarane nådde aldri Moskva, og bombeskadane var små –relativt sett (ca. 2 % av bygningsmassen) . Verkeleg svolt var det heller aldri tale om


Operasjonsplanen for invasjonen av Sovjet, (Barbarossa) var basert på blitzkrig. Framrykkinga gjekk snøgt til Smolensk, som det tok to månader å innta (10. juli til 10. september). Etter dette vart tyskarane nøydde til å konsolidera fronten ved Leningrad og Kiev, som vart teken på femti dagar (avslutta 25. september med visstnok 452 700 sovjetiske soldatar i tysk fangenskap). Hitler var svært oppteken av å få tak i olja i Kaukasus og ved det Kaspiske havet og kol frå Ukraina. Spesielt general Guderian vart rasande over at det siste støtet mot Moskva vart utsett av di Kiev skulle takast først.. Som Napoleons inntog i Moskva hadde synt, så braut ikkje landet saman om Moskva vart teken. Den sovjetiske sigeren i slaget om Moskva var fyrst og fremst ein psykologisk siger. Det avgjerande vendepunktet var og blei Stalingrad.


Aksemaktene heldt fram mot Moskva den 30. september 1941 under kodenavnet Operasjon Tyfon. Framrykkinga vart i første omgang stoppa om lag 120 kilometer fra hovedstaden. I førstninga av desember stod dei tyske styrkane 30 kilometer frå Kreml, men nærare kom dei ikkje. Den 5. desember vart dei tyske styrkane utsett for ein motoffensiv med utkvilte sovjetiske styrkar frå Sibir, godt rusta for vinterkrig. Den sovjetiske agenten Rikard Sorge hadde tidlegare meldt frå Tokyo at Japan ikkje kom til å gå til krig mot Sovjetunionen i det fjerne aust, og det gjorde det mogleg å overføra store og friske troppestyrkar til Moskvafronten. Det hadde nok mykje å seia for resultatet. I januar 1942 hadde dei tyske styrkane vorti pressa tilbake 100 til 250 kilometer. I tillegg til å skulda på Hitler, har tyske generalar i ettertid skulda på veret. Vinteren 1941-42 var kald, men tyske og sovjetiske observasjonar sprikar sterkt. General Zjukov melde om jamn, men moderat kulde på -7 til -10 °C i november. Det høver med offisielle observasjonar frå vertenesta i Moskva. Det vart kaldare i desember, men tyskarane må ha overdrivi. Hærsjef Beck hadde alt den 30.novemer meldt til Berlin om minus 45 gradar (tal frå Moskva syner minus 10,6). I propagandaen sin hevda nazistane at tilbakeslaget kom av den ekstreme kulda, medan sovjetarane meinte at årsaka var eigen motstand og at tyskarane ikkje hadde budd seg for russisk vinter. Kampane var blodige. Nokre vestlege ”historikarar” reknar med russiske tap på 900000 drepne og såra- truleg i meste laget. Offisielle Wehrmacht-tal for eigne syner 34757 drepne, 128 716 såra og 9721 sakna. Andre uoffisielle oversyn gjev høgare tal.
Som avslutning på boka blir to eldre Moskvakvinner siterte. Den eine seier: -Tilhøva var utruleg dårlege, men det var aldri nokon som klaga , vi var alle i same båt. Vi trudde på sigeren, vi trudde på kvarandre .Vi var aldri bitre og vi kjende aldri den einsemda som ein kan oppleva i dag.
Ei anna skreiv i 1991 då Sovjetunionen rasa saman kring henne: -Eg misunner dei som forlet dette livet i tide utan å ha mist trua, utan å ha vorti desillusjonerte. 















RSS-mating for kommentarer Kommentarer

Ny kommeentar

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 2018 - Republisering

Nettløsning ANS NyFritid Media