friheten

avisa med Nyhetene bak Nyhetene - 77. årgang

Laurent Gbagbo, tidligare president i Elfenbenskysten. Frikjend av ein domstol i landet 28. mars 2017 for krigsforbrytelser og forbrytelser mot menneskeheten etter anklager om maktmissbruk etter anklagar om drap på tusener. Foto: AP Photo / Rebecca Blackwell, File
Laurent Gbagbo, tidligare president i Elfenbenskysten. Frikjend av ein domstol i landet 28. mars 2017 for krigsforbrytelser og forbrytelser mot menneskeheten etter anklager om maktmissbruk etter anklagar om drap på tusener. Foto: AP Photo / Rebecca Blackwell, File

(15 - 2017) 

Folk flest trur visst det finst ein fast etablert folkerett som gjeld for alle land.
Olav H. Aarrestad
I røynda dreier det seg om lause trådar som dei som pukkar på Folkeretten med stor F, kan hengja seg opp i: Genèvekonvensjonen, Den internasjonale Voldgiftsdomstolen i Haag og Den Internasjonale domstolen som også er plassert i Haag for at strålar frå den verkelege Haagdomstolen skal kunna skina på han.


La Cour pénale internationale
Denne siste domstolen, Cour pénale internationale (CPI), ein permanent, internasjonal domstol skipa for å straffa einskildindivid for ”krigsbrotsverk, brotsverk mot menneskeætta og folkemord”, er eit godt prov på at den einaste rett som råder land imellom, er den sterkastes rett. CPI dømer aldri i saker som gjeld stormaktene, EU-medlemer eller land som Israel. Etter at domstolen meir eller mindre har gjort seg ferdig med serbiske leiarar, har han kasta seg over Afrika. Kasta seg over er kan henda ikkje rette uttrykket, for det kunne få ein til å tru at domstolen er snøgg i snuen. Det er han slett ikkje. Tiltalte kan sitja i årevis før saka kjem i gang. Domarane er oppnemde for ni år i gongen og tek seg god tid. Ein er ikkje sikker på om dei i det heile treng å bu i Haag og kor mange arbeidstimar dei har i året – for ei fyrsteleg løn.
CPI vart skipa gjennom det såkalla Statut de Rome den 17.07. 1998, men vart ikkje operativ før den 1.7. 2002 etter at 60 land hadde ratifisert avtalen. Pr i dag har 124 av SNs 193 medlemsland gjort dette. 21 av signaturmaktene har ikkje ratifisert. Domstolen kan ikkje døma i ”brotsverk” som vart utførde før 1.7. 2002. Ein skulle tru han heller ikkje kunne døma personar frå land som ikkje har ratifisert avtalen som Sudan, men dreier det seg om ein svakt stat, gjer han det gjerne. Det er såleis Afrika som har måtta betala for denne internasjonale rettvisa. Utanom serbarar, og eit par kroatar for syns skuld, er 16 afrikanske leiarar frå Uganda, Den demokratiske republikken Congo, Den sentralafrikanske republikken, Sudan (Darfour), Kenya, Libya og la Côte d’Ivoire vortne freista dregne for domstolen. Av desse seksten er to døde (ein av dei er Khadaffi), sju er på flukt eller held seg i heimlandet (presidenten i Sudan).
Tilfellet Gbagbo
Dømet Laurent Koudou Gbagbo (fødd i 1945) og president i La Côte d’Ivoire frå 2000-2010 er symptomatisk. Han har seti i fengsel i Nederland sidan 2011 jamvel om heimlandet ikkje ratifiserte før i 2012. Saka mot han kom først i gong i fjor og vil truleg vara i tre år.
Som marxist vil ein hevda at den eigenlege grunnen til uroa som førde til innblanding frå Frankrike og afrikanske statar si side var økonomiske nedgangstider. Prisen på hovudeksportartikkelen kakao hadde falli stygt og haldi seg låg gjennom lengre tid. Ein blømande økonomi som serleg prega den økonomiske hovudstaden Abidjan (Sidan 1983 har Yamoussoukro vori poltisk og administrativ hovudstad) hadde fått kraftige tilbakeslag, og problema voks over hovudet på styremaktene.
Gbagbo hadde ei fortid som velutdana historikar og sakprosaforfattar før han gjekk inn i politikken, først som leiar av fagsamskipnaden for vitskapsmenn og akademikarar i sterk opposisjon til den faktiske diktatoren Félix Houphouët-Boigny som sat ved makta i 33 år fram til sin død. Gbabgo vann urolege presidentval i 2000, men fekk sterk støtte i nasjonalforsamlinga etter parlamentsvala litt seinare.
Som president ynskte Gbagbo å gjennomføra eit sosialt program med jamnare fordeling av rikdomar og inntekt. Blant anna innførde han gratis grunnskule for alle. Denne politikken kalla réfondation var sterkt farga av sosialisme, nasjonalisme og antikolonialisme. Det siste førde til eit spent tilhøve til Frankrike som nok truleg rørde i mudra vatn då den økonomiske krisa og misnøya melde seg. Det kom dessutan til store motsetnader (delvis etniske) mellom nord og sør, og med ujamne mellomrom til borgakrigsliknande tilhøve. Nytt presidentval vart stendig utsett. Etter mykje press vart val gjennomført i 2010. Den såkalla uavhengige valkommisjonen og « verdssamfunnet » erklærte « nords » kandidat som sigerherre, medan Grunnlovsrådet gav sigeren til Gbagbo. No bryt borgarkrigen ut for alvor. Den 11. Januar 2011 etter ti dagar med kampar i Abidjan bombar franske spesialstyrkar presidentpalasset, og styrkane til opposisjonskandidaten Alassane Ouattara arresterer Laurent Gbagbo og kona hans, sikkert med god hjelp frå fransk Force Licorne og ONUCI (Opérations des Nations Unies en Côte d’Ivoire). Gbagbo vert så overført til den famøse CPI- domstolen i Haag. Han er no 72 år gamal. Ein får vona han overlever den traurige og langsame rettargongen og ikkje endar som Milosevic. Sumt kan elles tyda på at det finst eit visst vet i domarlauget. Ein av fire domarar, belgiske Christine Van Den Wyngaert, meiner at problemet med anonyme vitneprov der « vitna » fortel det dei har høyrt andre seia, er stendig oppdukkande i det omfangsrike åklageskriftet. Ein får ei nyttig påminning om korleis prosessane mot no dømde serbarar gjekk føre seg.

Stikkord

folkerett


RSS-mating for kommentarer Kommentarer

Ny kommeentar

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

 

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard
Redaktør: Terje Bjørlo
Vevredaktør: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgivar: Norges Kommunistiske Parti
Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 2017 - Republisering

Nettløsning ANS NyFritid Media

FRIHETEN
Friheten er ei norsk månadsavis, med ei lang historie, ho blir redigert av ein frivulleg redaksjon og er basert på frivullegheit. Difor treng me og bidrag, både økonomisk, innhaldsmessig og andre oppgåver. Støtt oss!

Avisa vert utgitt av Noregs Kommunistiske Parti, og er den enaste avisa som vart etablert illegalt under 2. verdenskrig som fortsatt utgis.
Avisa skriv ikkje om det du finn i alle andre avisar, og det er nok derfor me opplevar auke i både tingarar og laussal.
Avisa, ho er systemkritisk og analytisk, djuptgåande og skriv om alle emner. Avisa kjem to gonger i månaden, vil du tinga ho?

Harald Øystein
,
ansvarleg redaktør