Fra da Jørn Andersen selv var spiller, 12. august 1978: Fotball privat landskamp Norge - Sverige 0-0, Ullevaal Stadion. Jørn Andersen i aksjon. NTB arkivfoto Morten Hvaal / SCANPIX
Fra da Jørn Andersen selv var spiller, 12. august 1978: Fotball privat landskamp Norge - Sverige 0-0, Ullevaal Stadion. Jørn Andersen i aksjon. NTB arkivfoto Morten Hvaal / SCANPIX

Da han i 2016 vart trenar i landslaget i Nord-Korea, høyrde vi mykje om at han kom til å bi brukt i propaganda føremål av regimet.
NRK sendte ein dokumentar frå opphaldet 19. mars. Dokumentaren tek for seg perioden frå han fekk samband med landets fotballforbund, til han takka ja og utover hausten 2017. Han hadde da vore trenar for landslaget i halvannan år, og det fotballtekniske sto i fokus i perioden. Laget vann i perioden mot både Fillipoinene, Hongkong, Guam, Kina, Malaysia, men tapte mot Japan, Sør-Korea, Libanaon og det vart og nokre uavgjort. Laget har kvalifisert seg for å vere med i Asialeikene i 2019 med 2-0 mot Hongkong i slutten av mars.


Jørn har tidlegare vore fotballspelar i fleire ulike lag både i Noreg og i ei rekke i Tyskland. Han var seinare trenar for mellomanna Mainz, der han vart pressa ut etter eit tap. Han var i dokumentaren redd for det same når Nord-Korea tapte mot Libanon på bortebane, men vart overraska over at dei støtta han, og at han fekk ny kontrakt etter 5-0 tapet.
Andersen verkar å vere nøgd med livet i folkerepublikken, og fortel at han ikkje fokuserer på overvakinga, at nokon følgjer med og så vidare. Hans fokus legg på oppgåva si, og livet sitt. I motsetning til mange vestlege reportasjar frå Korea, fortel han om kor fritt han kan bevege seg, og fasilitetane med landet.


«– Jeg er veldig glad for at jeg takket ja. Det har vært vanskelig og interessant, og et fint steg for meg i min trenerkarriere. Og det har vært mange gratulasjoner og klapp på skuldra etter kampen, sier han til VG.»
Dokumentarregien spør kritiske spørsmål fleire gonger og dreg sjølvstendige konklusjonar. Jørn uttrykk at han ikkje har særlege problem, mens det skildrast av dokumentarskaparen at det er «vanskeleg» og så vidare. At det nokre gonger er annleis i andre kulturar, og lukka land ska ikkje puttast under ein stol, men at dokumentarregien er av ei anna oppfatning enn hovudpersonen er klart.
Eg er ikkje interessert i fotball, men denne dokumentaren er eit fint innsyn i koreansk kultur og å oppleve landet på ein litt meir objektiv måte, enn via sanksjonar og truslar i den eine og andre retninga. Den er anbefalt å sjå på nettfjernsyn for interesserte i Korea.


På spørsmål frå VG om kva han trur han vil svare om han får spørsmål frå Nord-Korea om ein ny runde som trenar svarar han dette;
«– Jeg skal ikke her og nå si at jeg vil svare «nei» hvis det skjer, men jeg tror ikke det gjør det.»
Det kom fram i dokumentaren at dei ikkje var kjende med at trenaren hadde blitt brukt til propaganda, men hadde fått gjere det han skulle. I dokumentaren vart det framforhandla ny kontrakt om forlenga trening av landslaget, og Andersen ska følgjeleg ha rundt fire millionar i året for dette, og bor på ei svitte i hotell Kyoro i hovudstaden Pyongyang. Han seier sjølv at han kunne nok fått høgre lønn andre stader, men at det var givande å arbeide med landslaget og støttespelarane i DR Korea.
Han har merka sanksjonane, og at dei går ut over både folk og fotball, som mellomanna fører til at Fifa ikkje betalar ut noko til landet, og det vart problem når dei skulle spele mot Malaysia etter det mykje omtala åtaket på broren til Kim Jong-Un i landet i 2016.
Andersen er truleg med vinninga mot Hongkong i mars ferdig i Nord-Korea, og seier sjølv at han kan dra med samvitet i behald, og har oppfylt dei krava som var satt.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering