Hovudstaden Pyongyang i Nord-Korea med 3,3 mill. Innbyggere. Byen vart utslettet under Koreakrigen, og er en av få byar i verda som er planlagt og bygd deretter, for å få passe kapasiteter på transport, nok grøntarealer etc. Høgblokkene består av leiligheter på 100m2 til alle. Beboerne betale ikkje husleige, men for straum.																										Foto: Friheten
Hovudstaden Pyongyang i Nord-Korea med 3,3 mill. Innbyggere. Byen vart utslettet under Koreakrigen, og er en av få byar i verda som er planlagt og bygd deretter, for å få passe kapasiteter på transport, nok grøntarealer etc. Høgblokkene består av leiligheter på 100m2 til alle. Beboerne betale ikkje husleige, men for straum. Foto: Friheten

Vi finn ulike opplevingar av Nord-Korea, i tre aktuelle bøker: Kåre Bluitgens «Jeg vil gerne klippes ligesom Kim Jong-Un», Terje Albregtsens «Fasciststaten Nord-Korea», og Morten Traaviks nyutkomne «Forræderens guide til Nord-Korea».
Dei har ulik tilnærming til å forstå landet i nord. Korleis kan ein på gjennomreise i eitt og same land, sitte igjen med så ulike opplevingar? Albregtsen meiner Nord-Korea nærast er helvete på jord. Bluitgen har ei heilt anna framstilling av eit land, ein kultur, ein krig, og etterkrigsåras åk som tilbakeviser mykje av Vestens mediedekning av landet. Morten Traavik si bok tek avstand frå skrekkhistoriene til avhopparane, Kåre Bluitgens bok er på i overkant av 750 sider, dansk, utgitt 2016, bilete, fargar, Terje Albregtsens bok er på 260 sider, utgitt 2018. Morten Traavik er på 328 sider utgitt 2018.


Jeg vil gerne klippes ligesom Kim Jong-Un
Nord-Koreanaranes eineståande innsats for å byggja landet og for å halde det saman etter den brutale Koreakrigen synast væra gløymd. Ufattelege mengder gift vart sprøyta over befolkninga, og Pyongyang fekk fleire bomber i gåve frå amerikanarane enn det som vart slept under heile andre verdskrig! Held ein saman under slike tilhøve, har ein eit samfunn med vilje og solidaritet som ikkje kan knusast. Eit samfunn for alle og ikkje til for berre den einskilde.


Bluitgen si bok startar med historia, som er ein god måte å sette seg inn i noko på. Han skriv mykje og viser til kjelder. Vi kan sette oss grundig inn i grunnleggjaren av landet, Dangun, Hun- og Ryd-dynastiet. Forfattaren har brukt ein månad i landet, og var open ovanfor myndigheitene med motiva for å skriva ei bok. Han fekk ta bilete, men ikkje bilete der hovudet på den store leiar ikkje var heilt med. Han tek oss med til landets monument, museum, nasjonalgalleri, beskriv ulike storverk.


Bluitgen skriv om helsestellet, utdanningssektoren, dei sosiale velferdsordningane med meir, som gjeld alle. Ikkje minst den kampen folket har ført mot klimakatastrofar, og hungersnauda på 1990-tallet, som er overvunne. Dette til tross for USA og Vesten sin boikott.


Mot slutten skriv Kåre Bluitgen om flyktningar og avhopparar. Det er stor medieinteresse for slike saker, og han skriv at dei kan bli betalt med alt frå 500 amerikanske dollar for intervju. Jo meir grotesk, jo meir dollar til avhopparen. Dei kring 1500 som har fått status som avhopparar av kvart år, dei siste tjue åra, er få i talet i høve til heile befolkninga i landet(25 millionar). Boka er interessant, lang, djup og informerande. Som eit leksikon på Korea.


Fasciststaten Nord-Korea
Starten på historia til Albregtsen startar frå før avreisa i Noreg. Han kjøper reise i eit byrå og er ikkje open med målet sitt, at han skal skrive bok. Han har ein spekulativ inngang mot heile emnet. Han ser seg ofte over skuldra og tenkjer at det «kanskje er torturfengsel» bak ulike bygg og fasadar. Ein type konspirasjonsteori som er typisk for boka.


Det som forundrar og som gjer lesinga usamanhengande, er at han i starten skriv om at Korea var eit reisemål, og at det var ikkje vanlege levemåtar i Korea. Korea var også omtala som det mest lukka landet i verda. Alt i fortid.
Kva er ein vanleg levemåte? Kva levemåte har verdas befolkning i snitt? Kva med Vestens? Det kjem vi attende til, men her går det lett fram at fordommane er store. Vidare er det uklår bruk av var, akkurat som at Korea er noko anna no, når han er heime, utan at eg vel å gruble vidare i det.


Tidsrekninga, Nord-Korea er i år i Juche 107, medan vi er i Kristi 2018. Dette er følgje forfattaren å rekne som noko suspekt og at dei vil óg på denne måten skilje seg ut frå alle andre land, som om det var målet. Sanninga er at dei i ein periode, valde å ha anna tidsrekning enn Japan, på grunn av tidlegare kolonitid, og ikkje for å vere ulik alle andre. I 2018 valde dei, for å vise folket i Sør-Korea felleskap ved å bli med i same tidssone.


Vidare ber Albregtsen tydeleg preg av å vere bekymra for kva som venta han i Korea: «Skulle vi bli utsett for å bli kroppsvisitert? Skulle vi få ransaka bagasje, beslaglagt eigedelar, inndratt mobiltelefonar eller konfiskert bøker? Skulle vi bli deportert ut av landet eller internert i fangeleir for å ha krenka landets lover?» Den paranoide haldninga til det nordkoreanske samfunnet var eit dårleg utgangspunkt for å forstå og å lære landet å kjenna.


Da han kom til Pyongyang, beskriv han med rette dei elendige vegforholda, flyplassens storleik, og kvalitetar. Eg meiner at forfattaren synsar for mykje og veit for lite om konkrete forhold. Eit lite eksempel: Han skriv at flyplassen tilsynelatande ser ny ut, Bluitgen beskriv han i detaljar som er konkrete og objektive. Flyplassen vart oppgradert i 2011 og det vart etablert midlertidige fasilitetar sør for den daverande terminalen. Så vart terminalen riven, og bygd på ny, med nytt kontrolltårn, fordi terminalen i 2011 var for liten for trafikken. Flyplassen Sunan har i dag to rullebanar, og to terminalar, ein for innanlands- og ein for utanlandstrafikk.


Albregtsens sterkaste prov for «fascismen» i landet var lina på blanketten for innreisevisumet. Ein skulle skrive rasetilhøyrsle. Det var handfast prov på rasismen. Han ser bort i frå at det var meint nasjonaltilhøyrigheit som sto i forklaringa. Han har sett leirar for tvangsarbeid på landsbygda frå buss-setet fordi arbeidarane på åkrane hadde like klede. Ja til og med forkledde soldatar kunne væra i blant dem. I tillegg visste han namnet på denne «verste» leiren. Var han i «leiren»? Snakka han med arbeidarane? Han snakkar uhemma om en «privilegert klasse» av di det er ulike levemåtar i Pyongyang og på landet. Den fattigdom han meiner å ha opplevd har han ikkje sett ved sjølvsyn. At det finnes ei privilegert gruppe er ikkje det same som klasse. Privat eigendomsrett til produksjonsmidlar finst ikkje.


Fascismen er ei politisk retning og rørsle som først voks fram i Italia rett etter første verdskrigen, under leiing av Benito Mussolini. Det oppstod fascistiske rørsler i mange land. Ein av dei mest kjende variantane er Hitler-fascismen, eller nazismen, i Tyskland. I mellomkrigstida var fascismen overalt ei nydanning som med militariserte rørsler splitta dei tradisjonelle konservative partia; særleg dei unge vart tiltrekte av fascismen. På denne tida nådde fascismen også høgdepunktet sitt. Det vart danna fascistiske parti i ei rekkje land, med klar gjensidig etterlikning mellom dei, og i fleire land fekk desse partia tilstrekkeleg tilslutning til å gje dei innverknad.


Albregtsens «analyse» av Nord- Korea ender med at det en «fasciststat» til glede for landets fiendar som USA. Fascismen er fyrst og fremst definert som ein kapitalistisk og imperialistisk stat, med diskriminering og forakt for minoritetar eller rasisme, undertrykking av arbeidarklassen og bønder og antikommunisme. Nord Korea er ein autoritær stat, men i Bluitgens bok finnes ingen av fascismens kjenneteikn.


Forrærdarens guide til Nord-Korea
Kunstnaren Morten Traavik har og skrevet ein heilt anna bok enn Albregtsen om same land. Han besøkte og oppheld seg i landet 19 gongar og skriv at landet aldeles ikkje er «lukka» og tek avstand frå avhopparens skrekkhistorier.


«Avhopparar er sannhetsvitne»
– Jeg er stolt av det vi ha fått til, og jeg er fortsett tilgjengelig dersom det skulle bli slik at forholdene normaliserer seg. De som har kritisert oss gjennom alle år, har ikke fått rett. Deres form for kontakt har ikke brakt partene en centimeter nærmere hverandre, så vidt jeg kan se, sa Traavik til VG etter at han i 2017 satte kulturutvekslingsprosjekta på vent.


FN-sambandet og media
Det er mykje som tydar på at FN-sambandet propaganderer eit syn på Nord-Korea som er fordomsfullt, og eg fann det på sin plass å kommentere det og i denne samanhengen. Det kan vise noko av årsaka til synet vi har, og har fått. Dei skriv om Nord-Korea og fattigdommen: «Store deler av befolkningen lever i fattigdom, og Nord-Korea har blitt et av Asias fattigaste land. På 2010-tallet har økonomien blitt hard rammet av de internasjonale sanksjonene mot landet.»


Da er det vel på sin plass å minne om at sanksjonar alltid gjer det verre for vanleg folk. I statistikken som FN har står det at 100 prosent av unge kan lese og skrive, at 99,7 prosent har tilgang til reint vatn og 41,6 prosent er underernært. Med ein bornedødelegheit på 15 av 1000, som er lågt med tanke på den utrulege «fattigdomen» i landet. Mange fleire burde ha døydd av underernæring og svolt dersom skremselsbileta var verkelege. Standardsvaret frå Vestens propaganda er at «regimet» har juksa med statistikken.


FN-sambandets artikkel om Nord-Korea har nokre interessante avsnitt: «Det er blant annet dødsstraff for å flykte ut av landet. Siden landet er så lukket, er det berre folk som har flyktet som kan fortelle hvordan menneskene lever i landet.» Sjølvsagt vil dei som har flykta frå landet komme med dei mest ekstreme og dramatiske forteljingane for å få opphald i Sør-Korea eller i USA. Det passar godt i den fordøming av landet frå vestleg hald. Dersom alle desse tas som full ut truverdige ville staten Nord-Korea har kollapsa for fleire tiår sidan. Ikkje berre dei som har flykta har noe å fortelja om landet. Bluitgen og Traavik har fleir enn anna hatt samtaler med folk som bur i landet og fekk heilt andre meldingar om livet der.


I same artikkel kan ein lesa: «Nord-Korea har en planøkonomi, og staten kontrollerer nesten all aktivitet. Landets økonomi er en av verdens mest sentralstyrte og isolerte. Så og si hele vareutvalet i landet kommer fra den statlig eide industrien, og jordbruket er organisert i store fellesbruk (kollektiv). Jordbruket står for en fjerdedel av økonomien, men avlingane er ikkje tilstrekkeleg til å fø befolkninga. Landet er avhengig av å få mat og nødhjelp frå utlandet». Dei meiner at systemet er så lukka at vi nesten ikkje veit noko, men vi mykje om elendigheita for folk. Avsnittet er skrevet med negativt fokus på planøkonomi og matimport. Samstundes importerer vi i Noreg store mengder mat, riktig nok frå fleire internasjonale vener, så vi vil nok holde lengre ut i ei krise enn Korea.


Dette er ei kort sak om tre ulike bøker om same land, med ulik tilnærming og forståing. Det som går igjen, og for dei som ynskjer å forstå, er å sette seg inn i historia og grunnlaget for det som skjer. Vi må sjå og høyra med skepsis på vestlege media som berre er opptekne av atomvåpen og demoniseringa av landet. Det er dette som deler Korea i dag.
Ynskjer ein forståing, fred og forsoning, les historia, kjøp Bluitgen og Traavik sine bøker.


Kjelder: Wikipedia, VG, Dagbladet, dei tre omtala bøkene, NK-foreininga i Danmark samt deira blad, FN-sambandet

 

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering