• Hjem
  • Kultur
  • Ernst Toller og ”Hopla, vi lever”

Den tyske diktaren Ernst Toller (1893-1939) vart fødd i Samotschin i Posen, den gongen Prøyssen, no Polen som yngste son i ein jødisk familie.

 

Av Olav H. Aarrestad

Faren var handelsmann. På realgymnasiet fekk han interesse for teater og såg for seg ei framtid som skodespelar sikkert mot farens vilje. I 1914 fekk han plass på Universitet for utlendingar i Grenoble, men vende tilbake til Tyskland då krigen braut ut for å melda seg som friviljug.

 

Han kjempa ved Verdun og vart forfremma til underoffiser, men i mai 1916 fekk han eit psykisk samanbrot. Etter å ha komi seg nokonlunde på beina, vart han friteken frå teneste i hæren og byrja studera jus og filosofi i München i 1917, men glei snøgt over i litteraturstudiar og hadde omgang med fleire seinare kjende forfattarar (bl.a. Thomas Mann, Rainer Maria Rilke). Under ei litterær-filosofisk tilstelling trefte han (sosiologen) Max Weber.

 

Krigsrøynslene gjorde at han no erklærte seg som passifist, og politisk gjekk han stendig meir mot venstre. Hans slutta seg til oppreisten i München i 1918 som førde fram til den kortvarige Rådsrepublikken etter sovjemønster, snøgt knust av den sosialdemokratiske sentralregjeringa med frikorps og regulære troppestyrkar Dei fleste leiarane vart avretta, men Toller slapp unna med fem års fengsel, truleg av di Max Weber gjekk god for han. I fengslet skriv han ei rad verk, og i 1927 gjer han stor lukke med ein slags historisk revy, Hoppla wir leben, på Piscator-Bühne i Berlin, eit nyopna avantgardteater. Nazistanes maktovertaking fører til at han emigrerer til Sambandsstatane i 1933. Der får han det økonomisk vanskeleg jamvel om han får møta fleire framståande personar (bl.a. Roosevelt) i sin kamp for Den spanske republikken. I 1934 gav han ut sjølvbiografien ”Eg var ein tyskar”, tittelen fortel sitt.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering