Evalet vaskemaskiner, kvinne. reklameopptak. E Rude - Oslo Museum: image no. OB.R10144 (Byhistorisk samling), via oslobilder.no.
Evalet vaskemaskiner, kvinne. reklameopptak. E Rude - Oslo Museum: image no. OB.R10144 (Byhistorisk samling), via oslobilder.no.

■ Mange får kulturkollisjonar mellom "norske nordmenn" og folk frå andre verdsdelar til å høyrast eksotiske og mest rare ut.

Mari-Anne Hoff
I gamle dagar, då Storesyster vaks opp i ein småbrukarfamilie på landsbygda, var mykje annleis enn no.
I huset bodde jamvel både Faster, som rett nok var, nettopp! Far si faster, eller farsøster og Bestemor som var mor til Far.
Medan Storesyster aldri kom i krangel med Mor eller Far om kva som var kristeleg nok til å halda på med på ein ganske alminneleg sundag, var det noko heilt anna med Faster og Bestemor. Etter deira meining var det mykje som var forbode på helligdagen, og dei gløymde aldri å seia frå om nokon av oss var på kant med reglane.

Alt slags arbeid var forbode på helligdagen må vite. No var det slik at alle skjøna at dyra i fjøset måtte få mat og vatn jamvel om det var sundag, ja, dei 7-8 kyrne måtte melkast også.
I nauda vart det til og med tolerert å køyra inn turrhøy om toreskyane hong nedpå hesjene og vi såg regnelingane komme nordigjennom fjorden. Rett nok trur eg dei to gamle kosta på seg eit par ekstra djupe sukk medan det gikk føre seg, men det vart
ikkje sagt noko.

Det aller verste som kunne henda på kviledagen var å nytta noko så kvardagsleg som saks!


”Alle slags formar for handarbeid var strengt forbode, saum, strikking og alt som var, men sjølve saksa fikk eg inntrykk av var eit reidskap hinmannen sjøl hadde kome med for å freiste oss på helligdagen.”

Vi ungane leika oss med mangt, ei tid var det spanande å klippa i papir, figurar, dukar og litt av kvart. Huff og huff for elende!

Storesyster var fjorten år den sommaren ho hadde bestilt eit lite broderisett frå bladet "Det nye". Det var endå to bittesmå brikkar og ein liten løpar i hardangersaum på sennepsgult ty. Det var godver på sundagen, og Storesyster sat blid og fornøgd og sauma på ein krakk ute i hagen, då Bestemor dukka fram frå ingenting og reiv utor seg: Du har det vel så travelt du, at du treng arbeida på sundagen og! Storsyster svara ikkje, men melde seg ut av statskirka då ho vart gamal nok.

Seinare same sundagen skulle Faster rigge til kaffebrød til ettermiddagskaffen, og som den kjente lefsebakar ho var, ga ho seg til å bløyte og smøre lefser. Til sist i prosessen, når lefsene var ferdig smurte og bretta, skulle dei klippas i tre spissar, før ein klipte bort den ujamne kanten rundt. Alt vart det brukt saks til. Storesyster kom inn i kjøkenet i rette augneblink, sette seg godt til rette attmed bordet, og når klippinga skulle ta til, spurte ho om det ikkkje var fare for at det kunne kome stor ulykker over hovudet på den formastelege skapning som misbrukte helligdagen til å driva på med saks?
Faster sleppte saksa og sprang rett opp på loftet sitt. Kva som hendte meir med lefsene er det ingen som hugsar no. Storsyster syntes ho hadde fått passande hemn for ei stund.

Bestemor hadde og meiningar om kva slags framtidsvoner jenter skulle ha. Sjøl fekk ho inga utdaning, og fekk læra på den vonde måten, sida ho vart enke allereide som tredveåring med tre småungar dår Bestefar drukna medan han drog flyndregarn.
Storsyster fekk ikkje noko rettleiing frå ho, men då Eldste kusine søkte seg inn på gymnaset var Bestemor overgitt. Noko så bortkasta,
Kusine skulle jo gifte seg! Ikkje det at Kusine hadde kjærast ein gong på den tida, men slik var det, og slik skulle det vere!

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Nyord til bedrag

Nyord til bedrag

(5 - 17) En gang - i mitt gryende voksenliv - var verden enklere. Ikke nødvendigvis bedre, men absolutt mer oversiktlig i sin småskala.


Det var den...














Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering