Venezuelas forsvarsminister Vladimir Padrino snakker under en pressekonferanse i Caracas, Venezuala 1. august																		REUTERS/Marco Bello
Venezuelas forsvarsminister Vladimir Padrino snakker under en pressekonferanse i Caracas, Venezuala 1. august REUTERS/Marco Bello

(16 - 2017) Det er ein del moment i den pågåande uroa i Venezuela som hovudstraumsmedia i det heile ikkje har interessert seg for.
Olav H. Aarrestad
Som så ofte elles er bakgrunnen først og fremst økonomisk. Fallande oljepris har ført til sviktande inntekter for staten slik at det sosiale programmet som Chavez-styret i si tid sette i gang utan tanke på at det kunne gå mot hardare tider, har vorti vanskeleg å vidareføra. Likevel har Maduro-regjeringa haldi fram med t.d. bygging av rimelege bustader til låg leige. Trass i varemangel og galopperande inflasjon har mange fattige venezuelanarar fått det betre. Det er såleis liten tvil om at styret har støtte i det ein kan kalla underklassa. Filmreportasjar frå referendumet som var haldi den 30. juli, syner tydeleg at i mindre velståande område i landet var valdeltakinga stor, ofte med lange køar. Heile det amerikanske kontinentet – også USA – er prega av store klasseskilnader, ikkje minst gjeld det Argentina og Venezuela der så vel overklassa som høgare mellomklasse alltid har hatt stor innverknad. Peronismen gjorde noko av dei same feila som Chavez: Milde gåver vart delte ut av peronistane til folk flest under dei gode tidene før og under siste krig, medan lægre prisar på eksportprodukt førde til økonomisk krise – og for Argentina sin del til militærdiktatur. No strider borgarskapens demokratisk valde styre (Macri) med stor misnøye i populære lag, og mange reknar med at peronistane vil koma tilbake til makta ved neste krossveg – utan at dei fundamentale problema vert løyste av den grunn. (I Brasil freistar borgarskapens president Temer å halda på makta si ved hjelp av ordensmakta mot eit heller apatisk, men sterkt misnøgd folk. I Rios gater patruljerer no dessutan store militærstyrkar.)
I Venezuela ter stoda seg litt annleis enn i Argentina. I botn ligg marxistiske idear (Peron nærma seg vel heller fascistisk ideologi). I motsetnad til Argentina er ikkje Venezuela noko jordbruksland. Store oljeinntekter har gjort at landet frå langt tilbake – frå lenge før Chavez – ikkje har brødfødt seg sjølv; ei mengd landbruksprodukt mv. har blitt og blir importerte og så betalte med oljeinn tekter (92% av eksportinntektene). Det er ikkje gjort over natta å syta for fullnøyande innanlandsk produksjon av kjøt, mjølk osb. Ikkje minst av di venzuelanarar helst ser ut til å vilja bu i bysamfunn og stiller seg framande til å arbeida med jorda.
Chavez var klår over at den grunnlova han stod for, ikkje gjekk langt nok når det gjeld å omforma samfunne t i sosialistisk retning, men rammevilkåra den gongen gjorde at han ikkje fann å kunna gå lenger. I den halvveges revolusjonære stoda som landet no er oppe i, har regjeringa valt å ta eit stort steg i sosialistisk retning med utforming av ei ny grunnlov og tilsidesetting av parlamentet. Dette er eit revolusjonært steg, som mange vil karakterisa som ein ”fuite en avant” (freistnad på å løpa frå problema), men det kan også dreia seg om starten for eit sosialistisk Venezuela.
I motsetnad til peronistane i Argentina ser det ut som chavistane i Venezuela har ordensmakta og dei militære på si side. Hærsjefen tykkjest vera ein overtydd sosialist/marxist. I tillegg er proletariatet i stor mon chavistar. I referendumet var deltakinga vel 43% - det gjev styret ein folkeleg basis, men sjølvsagt må Opposisjonen og vestlege hovudstraumsmedia trekkja dette i tvil. På den andre sida tvilar dei ikkje eitt sekund på at røystetalet ved den uoffisielle avrøystinga som Opposisjonen fekk halda i stort sett uforstyrra former, var sju millionar – og det jamvel om det berre var Opposisjonen sjølv som telte dei røystene. Så fredeleg fekk ikkje den offisielle avrøystinga om ei grunnlovgjevande forsamling gå føre seg. Media melder om opptil 15 drepne og gløymer stort sett å syna kor valdeleg Opposisjonen då synte seg. På den andre sida; at eit land kan halda to slike avrøystingar – når det gjeld referendumet med tusenvis av opne røystelokale over heile landet - i stort sett ordna former, syner at kaoset i landet er langt frå så stort som mange vil ha det til. Svartmalinga av Venezuela når stendig nye høgder, men dagleglivet er truleg langt meir normalt enn mange vil ha det til. Og igjen har folket synt på kva for side det står. Under den 48 timars ”generalstreiken” som Opposisjonen (MUD) proklamerte før referendumet, var det så å seia ikkje deltaking frå transport- og produksjonssektoren. Metroen i Caracas gjekk som normalt og oljeproduksjonen vart ikkje råka. Berre privateigde stormagasin og ein del småbutikkar var stengde – sume av dei i otte for vald og hærverk.
Venezuela i dag er ikkje nokon sosialistisk stat, privat sektor er stor, inntektsskilnadene like store som i dei fleste andre latinamerikanske land, og den største avisa i landet, El Nacional, held dagstøtt fram med giftig anti-Maduro-propaganda.
Det ein kan vona, er at den seinaste utviklinga har gjevi regjeringa eit momentum som gjer Opposisjonen heller rådlaus. Stendige gatedemonstrasjonar kan folk flest verta leie av om dei ikkje alt er det, og kan henda vil dei meina at regjeringa bør få høve til å utvikla sitt program for omforming av samfunnet i fredeleger former.
Sambandsstatane andar nok til elden slik som dei i si tid gjorde i Chile under Allende og i Ukraina (der politiet litt for snøgt gav tapt for pøbelen) , men hovudskulda for ei eventuell omstyrting i Venezuela vil ein ikkje kunna leggja på USA-imperialismen. Det går føre seg ein indre maktkamp i landet der klasse står mot klasse – og dei som går sigrande ut, er dei som spelar korta sine best. Til no har Maduro synt seg som ein slettest ikkje dårleg taktikar jamvel om hovudstraumsmedia stendig harselerer med at han ”berre” har vori bussjåfør, som om det skulle gjera ein til ein dårleg statsmann.
USA har ikkje klatra heilt ned frå gjerdet og har hittil ikkje freista å kjøva Venezuela økonomisk ved å slutta å importera venezuelansk olje eller nekta eksport av amerikansk lettolje til landet. Anten er dei to landa for avhengige av einannan i det stykket eller så kan USA-leiinga meina at økonomisk boikott av Venzuela kan vera eit tviegga sverd. Det kan skapa patriotiske og antiimperialistiske kjensler hjå fleire enn dei som alt har det i Venezuela.
Det er dristig å skriva om eit land der det stendig hender noko – ofte uventa – mykje kan vera endra når denne artikkelen kjem på prent, men det kan også gå i den retninga Maduro legg opp til; mindre vald og gatebråk, fleire sosiale reformer og ei meir fredeleg utvikling – men i revolusjonær, sosialistisk retning. USA har svidd seg så mange gonger tidlegare ved å intervenera militært i Latin-Amerika, at eit militært åtak på Venezuela kan ein vonleg sjå bort ifrå. Men Venezuela går framleis vanskelege tider til møtes – det er i alle høve sikkert.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Humanitær intervensjon

Fra en demonstrasjon i Caracas, Venezuela, 19. september 2017 med USAs president Donald Trump på en plakat 										AP Photo/Ariana Cubillos

USA forbereder »humanitær intervensjon« i Venezuela. Militærmanøver parallelt med presidentvalget. US-amerikanske kampfly over Syria: Folk i...


Attentatet mot Maduro

Illustrasjonsfoto: President Nicolas Maduro under en tale i Miraflorespalasset i Caracas i august. 															Miraflores Palace/Handout

Attentatforsøket på presidenten i Venezuela, Nicolas Maduro i Caracas, følger planen


Terje Enger, SV medlem
Lørdag 4. august forsøkte noen å myrde...














Stikkord

venezuela


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering