(Nettutgaven - Januar - 2011) Mange meir eller mindre kjende historiske personar, har hol i livssoga si, ikkje minst gjeld det omstende kring måten dei døydde på. Serleg vandt er det å slå fast alle detaljar i det ein ofte kallar svikarar si soge, ikkje minst av di dei ofte har døydd på brutalt vis og under uklare omstende. Her vil ein trekkja fram ein del slike lagnader omsveipt av tåke som den dag i dag ikkje er letta.

Av Olav H. Aarrestad


Agabekov

Georges Agabekov (Георгий Сергеевич Агабеков 1896-1937?) vart fødd i Asjkhabad (i dag hovudstad i Turkmenistan) i ein armensk familie, faren skal ha vori smed. Han skal ha gått på gymnaset. Frå 1914-16 gjorde han teneste i den russiske hær og tok del i kampar under verdskrigen. På slutten av året 1916 vart han send til underoffisersskulen i Tasjkent. Frå mars 1917 leidde han eit lag/ein tropp og vart sidan tolk ved staben til 46. (Reserve?-)regiment på den rumenske fronten. Kvifor og korleis han gjekk over til den raude hær – truleg etter at sovjetmakta hadde slutta fred med Tyskland – har ein ikkje opplysningar om. Under borgarkrigen skal han ha vori sjef for ein bataljon som tok seg av indre tryggleik i Jekaterinburg der han gjekk over til å arbeida for Tsjekaen, tryggingsorganet. Frå 1922 var han operativ medarbeidar på Turkestanfronten, sidan sjef for GPU (tidlegare Tsjekaen) si avd. retta mot spionasje og smugling i Tasjkent og med i partikomitéen.

Jakov Peters

Sjefen hans i Tasjkent var Jakov (Jékabs) Peters, ein latviar med svært brokut fortid: Peters vart fødd i 1886 i Aizputeregionen i Latvia, den gongen russisk. I 1909 dukka han opp i London. Sjølv skal han ha gjevi to versjonar om bakgrunn: 1. Som son av fattig leiglending måtte han i alt i tidleg alder (8 år gamal) ut og gjeta andres husdyr. 2. På s. 135 i boka til den amerikanske journalisten Bessie Beatty, The red heart of Russia (1918), heiter det at han oppgav å vera son av ein ”grå baron”, dvs. storbonde, med mange undergjevne. Andre vil ha det til at han var av jødisk hopehav og såleis utan bonderøter.

I 1904 skal han ha vorti medlem av det lettiske sosialdemokratiske partiet. Tysk Wikipedia fortel vidare: 1907 wurde Peters wegen angeblicher Beteiligung am versuchten Mord an einem Fabrikdirektor in Libau (Lepaja)verhaftet, wurde jedoch 1908 vom Militärgericht in Riga freigesprochen. Danach emigrierte Peters nach England wo er sich in London niederließ und sich der Londoner Gruppe der Lettischen Sozialdemokratischen Arbeiterpartei und der Britsh Soscialist Party anschloss.

Houndsditchmorda

Ein kan stilla visse spørsmål når det gjeld om Peters så tidleg vart medviten kommunist. Opplysningane stammar i hovudsak frå den korte sjølvbiografien som han laga i 1928 for å verta eller då han vart medlem av laget for gamalbolsjevikar (Bсесоюзное общество старых большевиков). Det er like truleg at Peters heller heldt seg til eit anarkistisk og i stor mon kriminelt miljø i Londontida, det vert rekna som sannsynt at han var innblanda i dei såkalla Houndsditchmorda. Om dei fortel norsk wikipedia (bm.): Det hele begynte da en liten gjeng latviske anarkister ledet av Peter Piaktow (også kjent som Peter the Painter) i desember 1910 la en plan om å rane en juvelerbutikk på Houndsditch ved å grave seg gjennom veggen fra nabohuset. Den 16.12. hørte noen hamringen og varslet City of London Police. Noen ubevæpnede konstabler kom til stedet, og en av dem ble skutt ned og drept med én gang. I gatekampen som da brøt ut, ble to konstabler til drept. De fleste av gjengmedlemmene stakk av, men deres tidligere leder George Gardstein hadde blitt dødelig såret av et skudd fra en av anarkistene. Etter en intens leteaksjon ble flere av dem funnet, men lederen og noen til var fortsatt på frifot.

Om leiaren skriv elles engelsk wikipedia at Peter the Painter, også kjend som Peter Piaktow, aldri vart teken, og det kan stillast spørsmål om han nokon gong har eksistert.

I boka: Houndsditch Murders, ( Macmillian, 1973) av Donald Rumbelow, tidl. kurator ved kriminalmuseet i London, vert dei viktigaste bandemedlemene lista opp: . Jacob Fogel (eller Jan Sprohe), William Sokolow (eller Joseph), Fritz Svaars, Mouremtzoff (eller George Gardstein), Nina Vassilleva (Gardsteins elskarinne), Luba Milstein (Svaars' elskarinne), Jacob Peters, Max Smoller (eller Joseph Levi), og Peter Piaktow.

Norsk wikipedia skriv vidare:

Den 2.1.. 1911 fortalte en tyster politiet at to eller tre medlemmer av gjengen skjulte seg i Sidney Street 100. Han mente at Peter the Painter muligens var blant dem.. Politiet fryktet at de ettersøkte skulle flykte, og at de ville yte voldsom motstand ved forsøk på å arrestere dem. Den 3.1. sperret 200 konstabler av området, og ved daggry var beleiringen et faktum.

De beleirede var i et kraftig mindretall, men hadde bedre våpen og mye ammunisjon. Tower of London ble kontaktet for å få forsterkninger fra garnisonen der, og innenriksminister Churchill kom til stedet for å bevitne det hele selv. Han kalte inn  Scots Guards i full stridsmundur. Etter seks timer brøt det ut brann i huset. Da brannvesenet kom, nektet Churchill dem adgang til bygningen. Politiet stod klare med våpen rettet mot hoveddøren, klare til å ta imot de ettersøkte mennene når de ble nødt til å flykte fra flammene. Døren åpnet seg aldri, og etter at brannen var slukket, fant man levningene av to gjengmedlemmer, Fritz Svaars og William Sokolow. Peter the Painter ble ikke funnet.... Fem personer ble senere stilt for retten, anklaget for å være medlemmer av gjengen. Alle ble frikjent. En av dem var  Yakov Peters.

Endå meir ergerleg for Winston Churchill må det ha vori om det var slik det vert hevda, at etter rettsaka kom Peters ut hand i hand med Chruchills kusine, den ”moderne” overklassekvinna Clare F. Sheridan (1885-1970). Som bilethoggarinne og sovjetbegeistra vart ho invitert til Sovjetunionen i 1920 der ho laga skulptur av Lenin og Dzersjinskij og kan gjorde meir i samvere med Trotskij og Kamenev enn berre å laga byste av dei.

Peters og Casement

Via Clare Sheridan vart Peters kjend med Maisie Freeman, dotter til en bankmann, og gifte seg med henne, ei dotter vart fødd i 1914.

Når det gjeld grunnane til at Peters forlet Storbritannia i 1917, finst det minst to versjonar: 1. At han vart kasta ut av landet. 2. Ei romantisk forteljing som Peters sjølv kom med og som vart førd i penna av Louise Bryant (1885-1936), ein amerikansk journalist med sterke sosialist/anarkistsympatiar som i andre ekteskap gifte seg med John Reed (1887-1920, forfattar av Ti dagar som rysta verda ) og fylgde han til Russland i august 1917. I ein artikkel med tittelen Jacob Peters, Fedore S. Dzerzhinsky and the Extraordinary Commission (Tsjekaen) skriv ho at returen var ei fylgje av avrettinga av den irske nasjonalisten Roger Casement i London 3.8. 1916.

Inntil då levde Peters som ein velhavande londonbu nokså upåvirka av hendingar i Russland. Han hadde ei godt betalt stilling i eit eksportfirma, ei engelsk kone og eit barn han elska. Så på veg til jobben (3.8. 1916) kjem han midt oppi ei gruppe harmfulle og fortvila irar på veg til Tower of London der Casement skulle hengjast.

Då det vart gjort kjent at avrettinga var gjennomførd, var Peters vorten som omskapt. Noko ein kallar medvit, nasjonal byrgskap eller revolusjonær ære vakna i han, og med det kom ei djup lengt etter mor Russland. Han kjende seg skamfull. Det var som Sir Roger Casement retta ein finger mot han og sa: Sjå korleis eg er i stand til å døy du som ein gong kalla deg ein revolusjonær. ...Peters vende ikkje tilbake til arbeidet, heile dagen gjekk om han ikring i dokkane i London, såg på dei store skipa og tenkte på Russland. Alle draumane frå ungdomstida kom tilbake. Han gjekk heim og fortalde kona at han drog til Petrograd.

Igjen må ein gjera ein avstikkar ikkje minst av di ein mogleg norsk svikar kjem med i biletet:

Sir Roger David Casement ( irsk Ruairí Mac Easmainn; 1864-1916)var av yrke britisk diplomat og hadde vorti kjend for verksemd retta mot mistilhøve i Afrika (Congo) og Peru. Frå krigsutbrotet i 1914 tinga han med tyskarane om våpen til irske opprørarar, og vart dømd og avretta som landssvikar .

Ein nordmann med i biletet

I oktober 1914 hadde Casement reist til Tyskland via Noreg. I Kristiania hende det eit intermezzo med felagen hans, 21 år gamle (Eivind) Adler Christensen, ein ung sjømann Casement hadde møtt i New York. Adler Christensen vart anten 1. teken til den britiske legasjonen då båten kom til Kristiania hamn eller 2. sjølv melde han seg der. Etter den siste versjonen (melding frå amb. til UD i London) skulle Christensen ha sagt at han og Casement hadde eit ”unaturleg tilhøve” og at han såleis hadde stor makt over han.. Det einaste spor ein finn av Eivind Adler Christensen seinare i livet, er på passasjerlista til skipet Seydlitz (Nord. Lloyd Bremen) 7.4. 1928. Han er oppført som ugift, 35 år, med kahytt nr. 1, åfangstad (bestemmelsessted): Halifax, nasjonalitet: USA.

I "Passenger Ships of the World" av Eugene W Smith star det: Seydlitz (1903) North German Lloyd Built by F. Schichau, Danzig, Germany. Tonnage: 7,942. Dimensions: 442' x55'. Twin-screw, 14 1/2 knots. Triple expansion engines. Two masts and one funnel. Passengers: 100 first, 100 second, 1,700 third. Services: (a) Germany-Australia-Far East (b) Bremen-New York (c) Bremen-Cuba. Scrapped in Germany, 1933. Sister ships: Gneisenau, Scharnhorst and Zieten.

Ei melding i New York Times (28.3. 1915) viser til Hamburger Fremdenblatt frå 19.2. av same år. Der var det trykt ein faksimile av ei fråsegn frå den britiske legasjonen i Kristiania som lova 5 000 pund dersom Adler Christiansen hjelpte til med å fakka Casement, han vart dessutan lova innreise i USA om han etterpå skulle ynskja det. Hamburger Fremdenblatt skulle ha vori i kontakt med Adler Christensen, Casements tenar, som kunne sanna at han ikkje hadde sviki.

Republikanske irar er overtydde om at fråsegna frå den britiske amb. i Kristiania er røynleg, men originalen er aldri vorten funnen. Kopien kan ha vori fabrikkert av Casement.

(I november i år kjem forfattaren Mario Vargas Llosa med ein ny roman, El sueňo del celta, som dreier seg om Casement.)

Peters som ihuga bolsjevik

Tilbake til Peters: Han skal ikkje ha forlati/vori ekspedert ut av Storbritannia før i 1917, så den vakre soga han fortalde om Casement, var nok ikkje heile sanninga om kvifor han drog. I febr./mars 1917 skal han ha reist til Petrograd via Murmansk og så til Riga der han skal ha slutta seg til sosialdemokratane(bolsjevikane) og vorti medlem av sentralkomiteen. Det vert sagt at han dreiv politisk verksemd blant troppane på nordfronten, men samstundes var han bonderepresentant for Livlandguvernementet i Den demokratiske forsamlinga kalla inn av Kenrenskij (leiar for den borgarlege regjeringa frå 8.8. 1917). Den tyske frammarsjen og altså ikkje først og fremst lengt til mor Russland, gjer at han dreg til Petrograd der han snart dukkar opp som medlem av den militær-revolusjonære komiteen, medlemene der var praktikarane når det galdt gjennomføringa av revolusjonen. Han vart med i den (Allrussiske) omframme kommisjonen (Всероссийская чрезвычайная комиссия (по борьбе с контрреволюцией и саботажем) - trygginsorganisasjonen (В) ЧК (V)Tsj(e)Ka) – Tsjekaen - ) frå skipinga ved eit Lenindekret av 20.12. 1917. Peters seinare lagnad var knytt til denne organisasjonen og til avsløring av agentar (Lockhart mfl). Han fekk ord på seg for å vera hard og brutal, men Louise Bryant gjer han mjuk og ømhjarta:

Det var Peters sjølv som oppriven av spørsmålet om det var rett eller gali å gjeninnføra dødsstraff, sa til meg i januar 1918 : -Om vi må ta liv, så må det byrja i våre eigne rekkjer. Andletet var kvitt og barskt, han såg ut til å vera på nippet til å bryta saman. – Vil det verkeleg koma så langt? spurde eg. Han førde handa over augo som ein mann som ikkje hadde sovi på mange netter og peika på ein bunke papir han hadde framføre seg. –Om De visste kva prov eg har her, ville De skjøna kor viktig det er om revolusjonen skal halda fram, at kommunistane gjer reint i eigne rekkjer.

Siste gong Bryant møtte Peters var i Tasjkent der han hadde meir makt enn ein guvernør. Ho møtte også den nye fru Peters, ei lærarinne. Han vart oppfatta nærast some ein konservativ blant dei venstrerevolusjonære av di han nekta å stengja dei muslimske basarane. -Desse folka er ikkje klare for kommunismen enno, meinte han.

Bryant hevda at sjefsstillingane i Tsjekaen stort sett vart tildelt latviarar og polakkar med upletta revolusjonært rulleblad. Fotfolket var russarar. Det var ikkje heilt klart kvifor russarar ikkje fekk sjefstillingar, men ho trudde det kunne henga saman med at dei skulle vera lettare offer for muting og lettare å påverka. Hennar påstand om upletta vandel, kan ein stilla spørsmål ved; som en tidlegare har peika på, kan ein mann som Peters sjølv ha fabrikkert ein slik revolusjonær vandelsattest.

Utlendingar og femmes fatales

Omgang med utlendingar var ikkje uvanleg i i Sovjet-Unionen på mange plan i tjueåra, også innanfor dei løynlege tenestene. Det var òg kontaktar til den i namnet antisovjetiske ROVS – den russiske intermilitære union – med filialar i alle land der det fanst kviterussiske immigrantar. Lokhart åtvara mot samskipnaden, han visste at mange vart verva til agentar for Sovjet-Unionen og at Tsjekaens utanlandske ”residentar” hadde eit utbygd kontaktnett blant kviterussarar. Men mykje kan tyda på at infiltrasjonen gjekk båe vegar. Lokharts elskarinne, Maria Zakrevskaja, hadde ei ikkje utypisk bakgrunn. Det vert hevda at ho tidleg vart verva av Peters, men Peters kan òg ha komi inn i biletet seinare og då i ei mindre flatterande rolle. Maria Zakrevskaja, kalla den raude Mata Hari, fødd i 1892, var av russisk godseigarslekt. Då ho var 19, vart ho send til London av familien for å verta betre i engelsk. 19 år gamal gifte ho seg med den russiske diplomaten, grev Benckendorff som då gjorde teneste i Storbritannia. Ikkje lenge etter vart ho kjend med bl.a. Robert Hamilton Bruce Lockhart, ein britisk agent. Kring 1916 vende ekteparet tilbake til Petrograd. Revolusjonen gjorde at Beckendorff og borna tok tilflukt i Estland. Maria vart att i Petrograd for å passa si sjuke mor, vert det sagt. I 1919 vart Beckendorff drepen på godset sitt, grannane tok seg av borna. Maria må ha innleidd eit tilhøve til Lokhart som heldt til i Petrograd og dreiv underminering av sovjetstyret. Ho skal ha vorti arrestert i samband med eller uavhengig av opprullinga av Lockhart-saka.. Det vert hevda at ho vart sleppt fri i byte mot seksuelle tenester gjevne til Peters. Maria fekk eit arbeid i eit sovjetisk forlag og vart kjend med Gorkij. Sidan heldt dei to saman på fleire måtar, og då Gorkij oppheldt seg i Italia (Sorrento), budde ho saman med han. Etter Gorkijs død i 1936 arbeidde ho ei tid i kommisjonen for Gorkij-arkivet i Moskva. Det vert sagt at Stalin var så nøgd med arbeidet hennar at han kom med blomar då ho drog tilbake til London der ho igjen hadde kontakt med Lockhart. Reint anekdotisk kan ein nemna at leiaren for liberaldemokratane i Storbritannia, Nick Clegg, er ein ætling av ei syster til Maria..

Agabekovs svik

Det var ikkje svært lenge Peters og Agabekov var saman i Tasjkent. Ein gong i 1922 vende Peters attende til Moskva der han arbeidde i Rabkrin, eit slags regjeringsinspektorat, og som leiar for den nyskipa avdelinga for asiatiske og nære austen-saker i GPU. I 1924 kom Agabekov igjen til å samarbeida med Peters. Frå april 1924 arbeidde han ved utanlandsavd. til GPU i Moskva. Så vart han send som lokal ”representant”/resident for GPU i Kabul under dekke av stillinga som leiar for presseavd.ved den sovjetiske misjonen der. Frå slutten av 1926 var han i Iran, frå april 1928 igjen i sentralapparatet i Moskva som sjef for avdelinga for Midausten og det Nære aust (må ha tatt over for Peters?). Frå oktober 1929 var han GPU-resident i Konstantinopel (tok over etter svikaren Blumkin) der GPU var serleg interessert i utviklinga i Palestina. I 1930 hoppa han av til ”Vesten” med visum frå den franske ambassaden som må ha hatt godt samarbeid med britisk etterrøking, for sidan arbeidde han i stor mon for denne, men også for belgisk, fransk, nederlandsk, bulgarsk og rumensk etterrøking på same tid som han gav ut antisovjetiske, ”avslørande” bøker. Ein må rekna med at Agabekov hadde sans for gods og gull og visste å ta seg godt betalt for at han hadde fått augo opp for kommunismens skuggesider. Når det gjeld Agabekovs død, veit ein inkje visst. Ein versjon vil ha det til at han vart dømd til døden in absentia av ein sovjetisk rett og at avrettinga vart planlagd i Paris der han budde. Ein viktig mann skal ha vori ein tyrkar som samarbeidde med NKDV dels for å hemna drapet på Enver Pasja.

Enver Pasjas død førte til Agabekovs?

Enver Pasja (İsmail Enver, 1881- 1922), var ein osmansk hærførar og leidar av Ungtyrkarane. I 1919 vart han dømd til døden i Tyrkia på grunn av si protyske rolle under krigen. Han tok tilflukt til Tyskland der han skal ha møtt Karl Radek, sovjetisk representant, og dei skal ha vorti samde om at Enver Pasja skulle vera med og organisera motstanden mot dei britiske interventane i sovjetisk Sentralasia. Etter eit opphald i Moskva vart han send for å slå ned ein muslimsk oppreist, men i staden slutta han seg til opprørarane. Mange rekna med at Agabekov. hadde hatt ein finger med i spelet når det galdt Enver Pasjas død som framleis er omhylla av tåke.

Planen når det galdt å få has på Agabekov, skulle gå ut på å freista han med å tena store pengar på smugling. Under krigen mot Franco vart det drivi omfattande kontrabande til Frankrike av smykke og verdegjenstande som meir eller mindre lysskye lement hadde fått tak i på meir eller mindre legalt vist. Ein stad i Pyreneane like ved den fransk-spanske grensa skal han så ha vorti avretta ein gong i 1937.

Fleire brotne kar

Det var stendig svik og ugreie når det galdt Tsjekaen, NKDV og dei austlege områda. Ein annan storsvikar var Genrikh Samilovitsj Ljusjkov, fødd i 1900 i Odessa som son av ein jødisk skreddar. I 1920 slutta han seg til Tsjekaen (GPU) i Odessa, dreiv seinare industrispionasje i Tyskland mv. I 1937 vart han send til general Blüchers hovudkvarter som sjef for NKDV i det fjerne austen, han var då deputert til det øvste sovjet og medlem av sentralkomiteen. 13 juni 1938 hoppa han av og gjekk over grensa til japanarane med fleire løynlege dokument om sovjetstyrkane i området. Desse dokumenta var svært nyttige for japanarane. Han hadde også innsides kunnskap om bakgrunnen for dei omfattande utreinskingane i Den Raude Hær, som han og Blücher hadde vori med på. Sjølv vart Blücher arrestert fire månader etter at Ljusjkov hadde hoppa av.

I august heldt Ljusjkov ein pressekonferanse på eit hotell i Tokyo og gav ut fleire artiklar og let seg intervjua om utreinskingane samstundes med at han arbeidde som rådgjevar for japansk etterrøking og spionasje. Han la fram ein detaljert plan om å myrda Stalin i Sotsji i januar 1939. Japanarane godtok planen og freista smugla seks russiske emigrantar over den tyrkisk-sovjetiske grensa, men gruppa hadde vorti infiltrert av sovjetiske agentar, og ho vart uskadleggjord. Ljusjkov var så knytta til den japanske Kwantungarmeen i Mandsjuko (Mandsjuria) til han forsvann i august 1945. Lagnaden hans er uviss, men ei kjelde vil ha det til at han vart skoten av ein japansk tryggingsoffiser som frykta han ville falla i hendene på sovjetrussarane og kan henda svika ein gong til. Liket skal ha vorti kremert i løynd.

Det var ikkje å venta at vår tvilsame ven Peters oppi alt dette skulle gå heilt fri for mistanke. Det vert hevda at han vart skoten i 1938, men Peters andre kone, Antonina Zakharovna Petersa (død 1986) skal ha fått utlevert dokument som fortel at han døydde ein gong i 1942.

Peters vart rehabilitert av den minst like tvilsame Khrustsjov, som nok for skam skuld ikkje kunne rehabilitera Agabekov og Genrikh Ljuskov i same slengen.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering