(Nr 7 - 2006) Mellom “presidentvalkontrollørane” i Ukraina hausten 2004 var CIA-organisasjonen Freedom’s House. Følgjande var å sjå på russisk TV, samstundes som Ukraina fekk melding om å betale russisk gass etter den “marknaden” USA og EU hyllar Ukraina for å ha.

Av Kjell-Arnt Labukt

CIA-organisasjonen Freedom’s House hadde sett opp ei rankingliste over “demokratiet” i ulike 
delar av den tidlegare Sovjetunionen. “Demokrati” her sjølvsagd også definert som “Fritt
næringsliv,” eller “marknadsøkonomi.” Det rette ordet er kapitalisme! Ukraina kom godt ut på
denne rankinglista. Det gjorde også Aserbajdsjan, Georgia og Moldova. Russland var det verre med.

Det at Gazprom stogga gasskranane for eit døger, råka ikkje berre Ukraina. Sjølvsagd var det like
mykje ei klår melding til NATO- og EU-Europa. Europa og USA gjer klokt i å halde seg borte frå
det som er russisk interessesfære. Panikkreaksjonen til CDU/CSU var lett å føreseie: Bygg
kjernekraftverk! Dessverre! Då må det store statlege investeringar til, og uranet er “utbrend”
på 30-40 år. Avfallet er dermed ikkje “utbrend”.

Så fantasiane på NRK radio: “Russland treng EU som marknad for russisk gass.” Russland har
mykje “marknad” i USA, Japan, Kina og India, for gass og olje. Men EU treng så avgjord Russland
her. Ein liten NTB- notis i Klassekampen like over nyttår: Kinas president Hu Jintao og Russlands
president Putin utveksla nyttårshelsingar og stadfesta for kvarandre at samarbeidet mellom Kina
og Russland skal utviklas vidare, no også på den kulturelle sektoren. Kinesarane gjorde kow tow
for Kreml etter utsleppet av kjemikaliar som råka Amur no før jul 2005. Og dei betaler nok for den
russiske oppryddinga også. I CIAs Hemmelige Kriger 1981 - 1987 skriv Bob Woodward at
kinesarane har for vane å snu 180 grader når det trengst.

Elles blir Forsvarets forskingsinstitutt innkalla til Dagsnytt 18 NRK når det hender noko “viktig” i
den tidlegare Sovjetunionen. Så var tilfelle i Dagsnytt 18 i NRK 4. januar 2005. Det galdt
sjølvsagd “krangelen om gassprisen mellom Russland og Ukraina,” ein NRK-variant frå radio
same dag. Talsmannen frå Forsvarets forskingsinstitutt synte her til “mangelen på planlegging
i det postsovjetiske samfunn”. Men er det ikkje nett denne “mangelen på planlegging” som er
“demokratiet” i dei postsovjetiske samfunn, Hans Wilhelm Steinfeld og NRK? “Makthavarane
sine interesser” i NRK inkluderer også Forsvarsdepartementet.

NHO heldt hallelujamøte i Oslo like over nyttår. Er dei blitt nypinsevener, dei også? Så langt er der
bora over 60 tørre oljebrønnar i norsk sektor i Barentshavet. Då er tungetale naudsynt, for å få
opp stemninga. “Goliat” høyrest “stort” ut. Kor lang tid kan det dekkje etterspurnaden
i Vest-Europa, når Nordsjøen er tom, om ikkje så lenge? Carl Bildt er ikkje berre knytt til RAND.
Der finst mange tenkjetankar av same slaget. Han tok del i Hallelujasamlinga til NHO. Og NRK
bad han kome til Dagsnytt 18, 4. januar 2006. Då for å propagandere for norsk EU medlemskap,
i lag med Hans Wilhelm Steinfeld.

“Fru Brundtland” er aktuell som ny generalsekretær i FN. “Insider” Kåre Willoch visste så inderleg
vel at Bilderberg-Gro kappast med Høgre i å føre høgrepolitikk under Høgrebølgja. “Fru
Brundtland” fordi ektemannen Arne Brundtland er “god” høgremann. Utanriksminister Jonas Gahr
Støre nektar å godta EUs liste over “terrororganisasjonar.” Dette er nytt til Ap å vere, og gledeleg er
det.

FN har 800 millionar dollar til budsjettpengar første halvår 2006. USA godtok denne summen,
dermed automatikk i EU og NATO. “Tenk på eit tal...” 800 millionar dollar er ikkje rare summen
for ein verdsorganisasjon som blei grunnlagd for å “tryggje fred og framgang” i heile verda.
På Se og Hør-sidene i Klassekampen dreiv forlaga marketing før jul. Men faktisk mindre enn
tidlegare år. Skjønnlitteraturen er og blir eskapisme og illusjonisme. Visstnok er i bokstaveleg
tyding, drit og “bæsj” av dei store skjønnlitterære nyvinningane.

Siste nummer av magasinet Kapital i år 2005 hadde dette oppslaget på framsida: Får vi økonomisk
kræsj i 2006? Ikkje utenkjeleg, Trygve Hegnar! Kræsj rimar på bæsj! Og då norske Attac for
første gong var med i internasjonale demonstrasjonar i Göteborg, var Trygve Hegnar NRK sin
“ekspertkommentator.” Han hadde då ei påfallande interesse for “rumper,” i ein Knut Olsen-
“debatt” med den nyvalde kvinnelege Attacleiaren, på NRK TV.

Trude Marstein etterlyser meir “amoral” i skjønnlitteraturen, i Klassekampen. Om ho dermed vil gje
eit bilete av røyndomen, eller feire seg sjølv i eskapistisk, navlekikkande, skjønlitterær “nytenking”,
anar ikkje eg. NRK nyttar alle høve til å feire seg sjølv. Nyttig for rating, vil eg tru.

Då Bente Engesland slutta som “utanrikskommentator” i NRK, blei det feira i Dagsnytt 18 at ho
skulle ta til med “kvinnesak” i “KK” (Kvinner og Klær). Framsida av KK i slutten av desember
2005: Dei beste råda frå tolv ekspertar. “Samme mann, bedre sex.” Er SMS-“one night stand” ikkje
trendy lenger? Same framsida i KK: Anne-Kat. Hærland vil ha “prinsen på den kvite hesten.”
Vel, då får du først slutte å køyre i fylla, slik at du ser “fargen” på trafikklysa. Og også kan skilje ein
“kvit” hest frå ein “kvit” elefant. Meir av “Kvinnesak” i same KK: Test deg sjølv. Kva “testen” her
går ut på, stod ikkje på framsida. Men vi får tru testen her er “innovativ”. Endå meir “Kvinnesak” i
same KK: Er du ei frustrert frue? Kva “symptom” “frustrerte fruer” lir av, anar ikkje eg. Tullete
kvinnfolk har eg derimot opplevd. Så “Nyttårs-spesialen i KK: Flotte festantrekk.

Døme på “kvinnesak” i “NRK-regi“? Dersom norske forlag vil ha kontakt med røyndomen, kan dei
skaffe seg denne kontakten gjennom forlaget VERSO, i London, til dømes. Aschehoug forlag, som
har gjeve ut falsumet til eit amerikansk “Epletre” med det tyske namnet Anne Appelbaum, kan
vende seg til forlaget Jonatan Cape, London. Der kan dei skaffe seg løyve til å gje ut Caroline
Elkins: Britain’s Gulag. The Brutal End of Empire in Kenya - på norsk! Medan britane driv og
romantiserer eller fornektar si koloniale fortid, har amerikanarane Caroline Elkins og Mike
Davis levert alt anna enn “gloriøse variantar.”

Eg tillet meg å be Aschehoug om å omsetje siste boka til Andrew J. Bacevich: The New American
Militarism. How Americans Are Seduced by War. Eller forlaget kan omsetje ei bok av Anatol
Lieven. Og der finst mange fleire amerikanarar som bør omsetjast. Aschehoug og andre kan også
vende seg til Berrett-Koehler Publisher, Inc, San Francisco, USA.

Ikkje i samsvar med Patriot Act og Profitt, Aschehoug? Dette derimot er profitabelt og
ukontroversielt: Supersex, Hot sex, Superflørt, Superdate, Kvinnens helse, Helbred deg selv,
Diabetes, Kvinneplager, Middelhavsmat, Aschehougs store kokebok, Sushi, Kylling, Det beste jeg
vet (terningkast 6), Festarrangøren, Lyst på livet! Alt dette og meir er med i “Marknadskatalogen”
frå Aschehoug i år. “Sausa inn” i Sushi og Kylling er bøker av Trond Berg Eriksen, Unni Lindell,
Jan Kjærstad, Jane Austen og Salman Rushdie.

Harry Potter-forlaget Damm rir framleis på Mystikkbølgja til Anthony Beevor. Derimot er det
sparsamt med bokmeldingar i Klassekampen, om denne britiske Harry Potter-figuren, Anthony
Beevor, i år. Men Harry Potter held fram med å erobre verda, i lag med variantar av Narnia.
Derimot har Guri Hjeltnes gjeve Harry Potter- figuren Anthony Beevor terningkast 6 for ei
Damm-bok. Bokmeldinga til Guri Hjeltnes stod i VG. Forfattar av denne boka er “Anonymus.”
Boktittel: A Woman in Berlin. Forlag i Storbritannia heller ukjend: Virago. Dette forlaget har aldri
funnest i dei katalogane eg får frå britiske forlag, der bøker i faget historie er omtala. Virago kan
derfor vere eit skjønnlitterært forlag. Det er elles merkjeleg at dette forlaget ikkje er betre kjend. Det
latinske ordet virago tyder nemleg “storkjefta kvinnfolk,” på engelsk. Og slike kvinnfolk plar ikkje
vere “anonymus”.

Du har historie som fag, så vidt eg veit, Guri Hjeltnes. Sidan eg korkje har lese boka her, eller
meldinga di, veit eg ikkje om du legg skjønnlitterære eller faghistoriske vurderingar til grunn for
terningkast 6.

Eg tillet meg å stille deg nokre spørsmål, Guri Hjeltnes, ut frå meldinga av denne boka i The
Guardian Weekly, 15.-21. juli 2005. Meldinga her er skriven av Linda Grant. Sidan det bak dette
“Anonymus” er ei kvinne, tilseier elles latinsk grammatikk at ho skal heite “Anonyma”. Anthony
Beevor har skrive ei innleiing til “Anonymus:” A Woman in Berlin. Eg går ut frå at denne
innleiinga er med i den norske omsettinga. Som “prov” på at Anonymus skriv autentisk og
sannferdig nyttar Beevor følgjande i introduksjonen: Sanninga ligg i “mengda av nøye observerte
detaljar.”

Lat oss seie at du dagleg blei valdteken i Berlin, våren 1945, Guri Hjeltnes. Held du det for
“overtydande truverdig” at du eller ei anna kvinne førde ei detaljert “dagbok” over slike valdtekter,
medan dei gjekk føre? Eller stutt tid etter? Anthony Beevor fekk tildelt Fritt Ord prisen for eit par år
sidan, for “bruk av kjelder”. Din kommentar til “kjeldebruken” her, Guri Hjeltnes? Då i eigenskap
av historikar.

I første avsnittet av meldinga skriv Linda Grant dette, omsett: “ I byrjinga av krigshandlingane i
Jugoslavia kom der påstandar i britiske media om at serbisk militsia dreiv massevaldtekter av
kroatiske og bosniske kvinner. Desse meldingane blei avskrivne som propaganda i “broadsheets,”
men blei slegne stort opp i tabloidane. Tabloidane spådde “overskot” på “valdtektsbarn” for britiske
barnlause ektepar.”

Som du veit, Guri Hjeltnes, er britiske tabloidar dominert av Murdoch-konsernet. Du veit også kvar
i det politiske landskapet Murdoch-konsernet høyrer heime. Sist sommar synte ein amerikansk
variant av Murdoch Satan Saddam i halvnaken tilstand på framsida. No blei det slett ikkje noko
“overskot av valdtektsbarn,” korkje i Storbritannia, eller elles.

Men Murdoch og kompani fekk hamra inn dette inntrykket: “Serbarane dreiv massevaldtekt av
bosniske og kroatiske kvinner.” At dette dermed var ei ordinær medialøgn, fordi “valdtektsbarna”
aldri fanst, blei uvesentleg.

I Noreg i 1999 fekk vi same lisensfinansierte NRK-variant: Under NATO bombinga av Kosovo
dreiv serbarane så til dei grader med valdtekt av albanske kvinner at pave Sanctus Expressus
Virginus greip inn. “Albanske kvinner som blei gravide etter alle valdtektene serbarane utførde,
måtte ikkje ta abort.” Plent slik var NRK-varianten. Og denne lisensfinansierte varianten var fast
innslag på “Den serbiske barbarismen,” klokka 1900 på NRK TV.

Tabloiden VG har truleg interesse av alle variantar “kjønnsliv.” Vidare i meldinga til Linda Grant:
“Anonyma” sine nitide rapportar av den valdtekta ho og andre kvinner var utsette for, blei publiserte
på tysk i 1954 og engelsk i 1955. Valdtektsmenn: “Asiatic Riff-Raff,” ei velkjend britisk
nemning for soldatar frå Den raude arme. I Tyskland, skriv Linda Grant, blei boka til “Anonyma”
møtt med “disgust”, “avsky”, og trykkinga blei stogga. I 1954 hadde Lord Russel of Liverpool
manuskriptet til boka The Scourge of The Swastika ferdig. Året etter, 1955, blei denne boka omsett
til norsk på Gyldendal norsk forlag. Tittel: Under Hakekorset Svøpe.

Vaskesetelen på den norske utgåva har med dette: Fordi Lord Russell nekta å bøye seg for trugsmål
og press om ikkje å gje ut boka, blei han avsett frå stillinga si som assisterande generaladvokat.
Like før boka kom ut fekk Lord Russell melding “frå høgaste hald” om at boka hans kunne skade
samarbeidet med Tyskland, og at ei slik bokutgjeving ikkje var i samsvar med hans pliktar som
embetsmann i den britiske regjeringa si teneste. Kven var “øvste hald” i den britiske regjeringa i
1954, Guri Hjeltnes? Anten måtte Lord Russell late vere å gje ut boka, eller han ville bli avsett “in
disgrace,” - “i unåde” - om han trassa påbodet. Han gjorde det siste. Vidare har vaskesetelen med at
i 1955 skulle Europa gløyme at Nazi-Tyskland hadde gjort seg skuldig i overgrep under Andre
verdskrig. Kvifor, Guri Hjeltnes?

I same år, 1955, inngjekk Vest-Tyskland i ein militærallianse. Kva for ein, Guri Hjeltnes? Kva
hende med dei i Vest-Tyskland som organiserte motstanden mot denne militæralliansen, Guri
Hjeltnes?

Sommaren 1955 reiste Bundeskanzler Adenauer til Kreml i eit oppdrag som du som historikar
kjenner. Kva var det første Adenauer sa då han møtte Khrustsjov og Bulganin i Kreml. Guri
Hjeltnes? Khrutsjsov blei rimeleg arg. Kvifor, Guri Hjeltnes? Ser du ein samanheng her mellom
boka til “Anonyma,” boka til Lord Russell og det politiske “landskapet” i Europa, USA, Asia,
Midt-Austen og Afrika i 1955, Guri Hjeltnes? Attende til Linda Grants melding i The Guardian
Weekly. Ikkje uventa er “Anonyma” “lys og blond”. Korleis var “die barbarischen Untermenschen
aus Asien” - “die Russen” - framstilla i den “vitskaplege” “Rasekatalogen” Himmler hadde
utforma, Guri Hjeltnes?

Vidare opplever “Anonyma” at “the Soviets” ikkje har “ein utdanna offisersstand med tysk” “codes
of conduct.” Derimot er dei “russiske” offiserane like “bondske” som dei “russiske” soldatane.

Døme på kor lågtståande og usiviliserte dei bondske “russarane” er: Dei kvinnene som bur i andre
etasje eller høgare i ei bygning, slepp valdtekt. “Russarane” forstår nemleg ikkje kva ei trapp er!
Slik står det å lese i meldinga til Linda Grant. Sovjetiske infanteri- og artillerisoldatar som var vane
med å springe opp og ned på tanks, lastebilar eller motorisert artilleri, forstod altså ikkje kva ei
“trapp” var? Heller ikkje forstod dei dette etter å ha forsert tusental av forsvarsverka til Wehrmacht
i dei 50 kilometer aust for Berlin sentrum som var forskansa med slike forsvarsverk?

I fleire av dei tyske dokumentarane som blei synte på vårparten 2005 var det med at dei “bondske
russiske” soldatane undersøkte alt av bygningar under framrykking på Austfronten og i Berlin. Men
dei var altså berre i første etasje av bygningane? Dette og meir kvalifiserer altså for terningkast 6,
Guri Hjeltnes?

Den britiske mystikaren Anthony Beevor har elles påstått at desse “slawische Untermenschen”
valdtok 2 millionar tyske kvinner. Det utan å forstå kva ei trapp var? Dessverre nemner ikkje
Linda Grant konkrete døme på “æreskodeksen” til Nazi-offiserar i praksis. Kunne du vere så
snill å gjere det, Guri Hjeltnes? Som du sikkert veit, var denne nazityske “æreskodeksen” mest
utbreidd mellom Waffen SS offiserar! Jamfør til dømes Alan Clark: Operation Barbarossa.
Eller Harrison Salisbury: Den Ukjente Krigen. Her finn du tekst og foto som syner “Germanic
codes of conduct” - i praksis. Det var altså denne høgtståande tyske moralen andsynes fienden,
som vanta hos “bondske russiske soldatar og offiserar?”

Der er altså ei jødisk kvinne i sentrum av Berlin, gift med ein ikkje-jødisk sakførar. Korleis vil du
forklåre dette ut frå Nürnberg-lovane, Guri Hjeltnes? Du godtek altså at ein “arisk” sakførar i Berlin
kunne vere gift med ei jødisk kvinne heilt fram til våren 1945. Har denne jødiske kvinna namn og
bustadadresse? Er det same tilfelle med den “ariske” sakføraren ho er gift med?

Denne “ariske” sakføraren blir drepen av “slawische Untermenschen,” slik Himmler hadde
framstilla dei, i “Rasekatalogen” sin. Deretter blir den jødiske kvinna valdteken av tre stykkje
av dette slaget, som kastar seg oppå henne, i ein haug. Sidan nemnde Anthony Beevor går fullt ut
god for boka til “Anonyma”, må personalia for dette “arisk”-jødiske ekteparet kunne registrerast i
arkiv.

Mystikaren Anthony Beevor fekk då Fritt Ord pengar for å halde forelesing i Noreg “om bruk av
kjelder”. Han figurerte nemleg i Klassekampen nettopp som mystikar. Etter Håkon Kolmannskog
og Jon Hustad hadde gjeve Beevor storslegen omtale for boka Berlin: The Downfall. Eg vil tru
også denne boka fekk terningkast 6 i norske tabloidar. Den raude armé erobra Berlin gjennom å
valdta tyske kvinner. Ikkje på militær måte.

“Anonyma” gav ut boka i Tyskland i 1954, der boka snøgt forsvann. Derimot står det ikkje i
meldinga til Linda Grant at boka blei stogga på nokon måte i Storbritannia. Linda Grant seier seg
lei for at boka til “Anonyma” ikkje blei trykt medan “Anonyma” levde. Kva skulle forhindre
oppattrykking av ei bok som alt kom ut i 1954, Guri Hjeltnes? “Anonyma” tillet ikkje at “boka”
blei trykt i hennar levetid, står det i meldinga til Linda Grant. Kvifor blir så boka trykt to år etter
“Anonyma” er død, Guri Hjeltnes? “Anonyma” har ikkje makulert manuskriptet. Ho kan heller
ikkje ha forbode nokon å få manuskriptet oppattrykt. Står der noko i Introduksjonen til Anthony
Beevor som klårgjer dette? Boka gjev sjølvsagd forteneste til forlaget “Storkjefta kjerring,”
- Virago, som det “korrekte” namnet er her. Men “Anonyma” har tydelegvis ønska at boka
skulle trykkjast på nytt.

Er det noko som er profitabel gefundenes Fressen for britiske Murdoch-tabloidar, så er det
“detaljerte, nøye observerte detaljar” av valdtekter. I hermeteikn her: Anthony Beevor sitt kjelde-
grunnlag for at “Anonyma” er “fullt ut å lite på.” Kunne du tenkje deg ei detaljert spørje-
undersøking mellom valdtektsoffer, medan dei framleis er på Legevakta, Guri Hjeltnes?
Dermed kunne du gjere “kjeldeeksperten” Anthony Beevor høgst aktuell. “Sanninga” her ville du
få gjennom “the mass of closely observed detail,” hos valdtektsofra, for å seie det med Anthony
Beevor. Denne “lyse, blonde” “Anonyma” noterte nemleg detaljert ned korleis valdtektene
av henne blei utførde, gong etter gong.

Dette må du tipse krisesentra og Tove Smaadahl om, Guri Hjeltnes! Kven har medverka til
trykkinga? Korleis kom den opphavlege utgåva i hendene på dei som stod for oppattrykkinga?
Har du undersøkt dette med forlaget, Guri Hjeltnes? Sidan “meister i bruk av kjelder”, Anthony
Beevor, fullt ut går god for boka, skulle dette vere enkle spørsmål for deg og han å svare på.

På kva tidspunkt flytta “Anonyma” til Storbritannia, og kvifor? Sidan ingen kan vere statsborgar i
eit land utan personalia, har “Anonyma” eit namn og ei arkivfesta livshistorie. Denne livshistoria
skulle vere lett å kartleggje. Har du eit svar her, Guri Hjeltnes?

Det er då fleire år sidan tyske kvinner fortalde at dei hadde blitt valdtekne av sovjetsoldatar. Ingen
vil nekte for at så hende. Og dei stod fram med namn i media, under intervjua. Ved 60-
årsmarkeringa av slutten på Andre verdskrig no i 2005 var talrike intervju på tyske dokumentarar
med kvinner som sa dei var blitt valdtekne av sovjetsoldatar. Intervjua her var gjorde alt i 1995,
eller endå tidlegare. Også seinare enn 1995. Desse kvinnene blei intervjua medan dei var på TV-skjermen, der namna deira også stod å lese.

Kvifor skulle nokon framleis trenge å vere “Anonyma” i år 2005, Guri Hjeltnes? Linda Grant
presterer så avslutningsvis å jamre over at “Anonyma” ikkje fekk vite at så mange andre, også
“victims of her country”- her: tyske kvinner, kunne lese om overgrepa “Anonyma” hadde vore
utsett for. Slik at dei kunne trøyste kvarandre.

Vel, det har dei då hatt rikeleg høve til i Etterkrigstida i Tyskland. Ut frå dei tyske dokumentarane
eg nemner her, har “victims of her country” hatt rikeleg høve til nett det. Då alt for fem år sidan, ti
år sidan! Eller på eit anna tidspunkt. Og då både med namn og bilete, på tysk TV!

Og i beste britiske David Irving -variant hos “Anonyma:” Det som finst av overgrep mot jødar i
denne boka, blir utført av tre usiviliserte “russarar.” Valdtekt av det som måtte vere den einaste
attlevande jødiske kvinna i Berlin i mai 1945!

I meldinga skriven av Linda Grant i The Guardian Weekly er der med eit foto. Dette fotoet syner
ein variant av “Asiatic Riff-Raff,” ein “russisk” soldat, med armen rundt ei tysk kvinne. Dei to har
ryggen vend mot fotografen, medan tre amerikanske soldatar står og ser på. “Roll me over, Yankee
Soldier... lay me down and do it again.” Ja, ikkje berre hadde The Yankee Soldier flust med
sigarettar, også dollar å “betale med”. Han tilhøyrde også den mest overlegne “rasen” i
verda. Den anglosaksiske.

Wir bekennen uns an einen gesunden Skeptizismus. Dette vil du finne i tyske historieverk,
Guri Hjeltnes. Eg er ikkje imponert av prestasjonen din, i så måte. Like så lite som av Linda Grant.
Britane går no snøgt tomme for “eigen” gass og olje i britisk sektor i Nordsjøen. Så tyr dei til
mystikk i Harry Potter-Land, Wonderland, DreamLand, Narnialand og hos The Lord of The Rings.
Der vinn “det gode” over “det vonde.” Ved hjelp av data-animasjon og raffinert estetikkmakeri.

Attreisinga av The British Empire høyrer nemleg heime i mystikkens verd. Og der har britane
tradisjon å byggje på. Eller variantar av plump eller raffinert løgn, slik tilfellet er med Anthony
Beevor eller “den store historikaren” til Hans Fredrik Dahl, David Irving.

Derimot vil eg sterkt tilrå deg og andre å lese den trilogien Richrd J. Evans no gjev ut om Nazi-
Tyskland og Andre verdskrig. Heldigvis har ikkje alle britar slutta seg til Oxfordrørsla,
der dei driv med spiritisme og annan okkultisme.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering