(Nr 35 - 2000) I Mexico viser forsking at bruken av pesticid har svekka dei intellektuelle evnene hos førskolebarn dramatisk. Antropologen Guilette frå Arizona Universitet har studert 50 ungar og familiane deira i Yaqui-dalen i regionen Sonora.

Bøndene nede i dalen er tvinga til å bruke pesticid gjennom- snittleg 45 gonger pr avling, og dei tar ut ei eller to avlingar i året. Pesticida inneheld i mange tilfelle lindan og endrin, som er forbodne i USA og dei fleste rike land.

Fødd med store giftkonsentrasjonar

Ungane i låglandet er fødd med store konsentrasjonar av pesticid i blodet, og dei blir ytterlegare eksponert for dette gjennom brystmjølka. Familiane i fjellregionen lever meir tradisjonelt, og brukar ikkje pesticid og moderne dyrkingsmetodar. Dei kjem stort sett berre i kontakt med pesticid når helsestyresmaktene sprøytar mot malariamygg. Ved å samanlikne låglands-og høglandsungar, som, kjem frå ein genetisk einsarta befolkning, blei Guilette i stand til å måle utviklingsforskjellar hos ungane frå begge grupper.

Sjokkerande

Femti ungar frå kvar region fekk motoriske og forstandsrelaterte oppgåver. Guilette hadde på førehand ein mistanke om at det var skilnader på gruppene; men resultata var likevel sjokkerande. Låglandsungane viste mindre gåpåhumør, dårlegare koordinasjon mellom hand og auge, og langt svakare korttidsminne. Det mest slåande eksemplet var dei teikningane ungane laga. Høglandsungane teikna slik læreboka seier at barn skal teikne. Ungane frå det pesticidbefengte området i låglandet laga stort sett ukonsentrert babbel. Guilette seier at undersøkinga gir solid grunnlag for å slå fast at barn som veks opp i område med stor pesticid-bruk, får redusert læreevne og fysiske ferdigheiter. "Den destruktive effekten av pesticid-bruk må gjelde for mange land og for millionar av menneske", seier ho. "Eg trur at desse verknadene meir og mindre går att i alle land med intensivt og pesticid-avhengig jordbruk; det gjeld også rike land", seier ho.

(Barbara Salgado, New Internationalist, omsett av Hartvig Sætra)

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

barn

barndom


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering