Ervin Musaev på skjerm
Ervin Musaev på skjerm

Torsdag 28. mars vart det haldi eit interessant møte på Litteraturhuset i Oslo med innspel  kring formuleringa  Kven har rett til Krim? Tilskipar var ”Folkediplomati Norge”, som den dynamiske 42-årige ingeniøren frå Bergen, Hendrik Weber, har tatt initiativet til. Jamvel om den tyske bestefaren slåst mot russarane under verdskrigen, vart Weber kring 2014 skeptisk til den gjengse omtalen av Russland, Donbass og Krim i norske media, og han har gjennom fleire reiilt anna og positivt inntrykk.  


Lækjaren Astor Reigstad gjennomgikk først krimtataranes historie frå herrefolk til fordrivne og tilbakevende på Krim. I den otomanske perioden dreiv  tatarane ”slavesanking”  blant russarar og andre folk på halvøya. Den britiske politikaren Boris Johnson skal t.d. ætta frå ein tsjerkessar/russar som vart førd som slave til Istanbul.  Under de n tyske okkupasjonen søkte tyskarane samarbeid  med tatarane og svært mange vart samarbeidsfolk. Det førde til at innpå 200 000 vart tvangsflytta – stort sett til Kasakhastan - like etter krigen. Mange av desse har etter  kvart vendt tilbake. 


Tatararane har no fulle rettar når det gjeld utøving av sin muslimske religion, og språket deira er eit av dei offiselle attåt russisk og ukrainsk, Det skal bu ca. 30 000 personar  på Krim som brukar ukriansk, mot  280 000 tatarar  og 1,5 millionar russarar.  


Meininga var at ein krimtatar skulle ha vori til stades på møtet, men av di norske styremakter nektar folk frå Krim innreise, fekk ein nøya seg med ein skjermsamtale på nett med Ervin Musaev frå  eit studio i TV Millet  der han arbeider. Stasjonen sender på tatarsk. Han gjorde først greie for mediastoda på Krim og svara deretter på dei mange spørsmåla frå salem. Desse vart framifrå omsette av ein profesjonell tolk. Sjeldan har ein opplevd at samtale via tolk kan gå så greitt og problemfritt.. På Krim omfattar media over 150 ulike ovringar med god plass for tataranes språk, ikkje minst munnleg (i radio og fjernsyn). Den russiske staten har investert mykje i infrastruktur; brua oer Kertsjsundet står ferdig når det gjeld biltrafikk, før jol kjem toga. 


Jusprofessor Petter Ørebech frå universitetet i Tromsø gjennomgjekk så det folkerettslege grunnlaget for  inkorporeringa av Krim i Russland, og kunne visa til avgjerder i internasjonal domstol som hadde velsigna lausrivinga av Kosovo frå Serbia jamvel om det der aldri hadde vorti haldi noka folkeavrøysting. Han herma Willoch som på Høgres landsmøte hadde sagt at vestlege demokrati set høgare moralske (og juridiske) krav til andre enn til seg sjølve. Konklusjonen vart nærast at folkeretten er svært tilpassingsdugande og at det er makta som råder i internasjonale tilhøve.  Det er spørsmål om kor mange ein får med seg på kvart parti.  (Fleirtalet av land i verda har anerkjent Kosovo, men berre eit fåtal Abkhasia og Sør-Ossetia. Vår merknad). Ørbech meinte at når ”internasjonal rett” hadde godteki full lausriving for Kosovo utan folkeavrøysting, måtte eit mindre steg som ikkje gjekk på sjølvstende men på tilslutnad til Russland, vera meir opplagt. (Han kunne ha nemnt at mellom 1783 og 1954 hadde Krim vori russisk, frå 1954 til 1991 framleis i gavnet. Det var berre mellom 1991 og 2014 det dreidde seg om ei reell utskiljing frå Russland). Den norske regjeringa har erklært at folkeavrøystinga på Krim var ”folkerettsstridig”. Korleis kan ei folkeavrøysting vera folkerettsstridig når ein godkjenner folket som den  øvste makta i eit demokrati? . All makt skal i prinsippet koma frå folket, var hovudtesen til Ørebech. . 
Lækjaren Mons Lie gjorde greie for korleis norske sanksjonar råkar folk på Krim. Dei får ikkje innreise i Noreg, kan jamvel ikkje gjesta slektningar. Kan ikkje driva handel med Noreg eller på noko vis ha bank- eller  anna forretningssamband.  Nordmenn skal i prinsippet berre reisa til Krim via Ukraina – i praksis er dette komplett umogleg. Men hittil har dei i minsto ikkje vorti straffa for å reisa via Moskva. 


Ideen bak Folkediplomati er å skapa kontakt mellom folk som stormaktsspel skil frå kvarandre med synlege og usynlege murar, og samskipnaden har til no konsentrert seg om norsk samarbeid med folk på Krim og delvis også i Lugansk- og Donetsk-republikken. Det har vori fleire reiser til Krim i regi av organisasjonen, og møtet den 28. mars var eit viktig steg når det gjeld å skapa auka forståing for tilhøva på Krim og dei  vilkåra folk der lever under. Mange hadde møtt fram, men som vanleg sat vel ungdomen heime/på kafé eller trikk og  tasta nervøst på mobildingsen sin. 

 


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2019 - Republisering