Samferdselsminister i 1993, Kjell Opseth (til høyre) åpnet med fryd NetCom. Hva har de private bidratt med på telefronten? 	NTB arkivfoto: Jon Eeg / SCANPIX
Samferdselsminister i 1993, Kjell Opseth (til høyre) åpnet med fryd NetCom. Hva har de private bidratt med på telefronten? NTB arkivfoto: Jon Eeg / SCANPIX

Så kunne vi lese om Ørjar frå Fjaler, som må betale rekningane i skogen. Saka er at Televerkets kopparnett, no Telenor, held på å pensjonerast. Vi høyrde mykje om dette i 2014, da det vart fjerna frå lova at Telenor hadde pliktlevering via fastnettet på telefon.
Kopparnettet er mange stader gamalt, men framleis ein viktig del av den digitale og offentlege infrastrukturen. Media avliva nettet i 2014, med at det vart fasa ut i 2017, men dei drog det litt langt. Det var den ulønsame delen som blei fasa ut, dvs skulle det vere behov for å bytte stolpar på ei line der det er to tingarar, gjer det det ulønsamt for Telenor. Ein kan ikkje seie at det er noko anna enn greitt, når vi veit at Telenor er 49 % privat eigd, og ikkje har krav til å levere noko på fastnettet lengre. Andre leverandørar har heller ikkje krav til slikt. Det er heilt greitt at det vert eit teknologiskifte, men måten det skjer på, og kven som står bak er spørsmålet.


Sosial utbygging
Det ligg noko nostalgisk i det, ein gong eigde vi Telenor, alle saman. Vi drog lasset, betalte det som var naudsynt for at alle skulle ha eit tilbod, noko vi fekk. Så kom privatiseringa, opning for konkurranse og sal av eigarskapet utover 80-talet. Telenor måtte no opne sin infrastruktur, vårt felles betalte og oppbygde kommunikasjonsnett, som samstundes gjekk frå å vere analogt til digitalt.
Når nettet no treng reparasjonar, kuttar Telenor dei som er for få for at det skal løne seg. Uteeininga i Telenor er Relacom store delar av landet. Telenor er som det nye NSB, dei har tilsette i få delar av selskapet. Dei eig nettet, men reparera ikkje. Det er ingenting som tilseier at det skal verte rimelegare at det er skilt ut, eller som kundebehandlinga som er på tur over i byrå.


Konkurranse
Folk har stor tro på at om berre fleire kan tilby det same, er det det same som prisreduksjon. Vi er programmerte til å tru at, vi får ein prisreduksjon som følgje av at dei da må stå mot kvarandre, og at dei da prøvar å holde utgiftene nede. Hadde dette vore tilfellet, og at avkastninga på å drive eit selskap som for eksempel Next Gen Tel eller Teliasonera, hadde vore rundt bankrenta, hadde dei ikkje eksistert. I demokrativakuumet, manglar vi informasjon om kva som skjer på styreromma, kvifor nokon etablerer seg og ikkje, kven som står bak, og korleis dei får maksimert sine prosentar på vår daglege kommunikasjon.


Problemadressering
Vi ser at adressering av klagar og problem, ofte hamnar feil. Det er ei tru på at vi er eit fellesskap, som vi ein gong var på veg mot, men som vi ikkje vart, og går lengre og lengre vekk frå. Det er ikkje Telenor som er problemet! Det er systemsamfunnet vi lever i, vi har sjølve vald dette – i Stortingsvala etter 80-talet. Vi trudde det skulle bli gratis å ringje, berre mange nok skulle leggje kabel til huset vårt, men hei! Kostar ikkje kvar einskild kabel ein del? Kven skal betale den? Det er ikkje konkurransen som betalar den. Ofte støttar saten, vi i fellesskap, etablering av konkurrentar. Det skal jo løne seg! Ikkje berre er vi med å betalar for privateigd infrastruktur til kvardagen, men betalar med glede over skattesetelen for at dei skal tene litt ekstra. Dette kan vi sjå også i fiberutbygging i dag omkring i landet, at det er ulike private selskap som investerer i infrastruktur. Dei får gjerne støtte frå Nasjonal Kommunikasjonsmyndigheit for å etablere seg der det er dårlege marknadsmessige førehald, og kommunar spyttar inn midlar velvillige, og ikkje minst private i høge tilknytingsavgifter. Andelen, som vert kalla «bidraget» frå utbyggjaren er ofte høgt. Her hadde det nok vore behov for revisjon for å sjå, ja er den så høg, treng dei så store bidrag frå andre, som skal betale for å bruke det?
Menneskje artikkelforfattaren har vore i kontakt med, har ei oppleving innom dette. Dei har vore deltakarar på «gratis datakurs», som vart held av ei frivillig foreining, med konsulentar frå ein tredjepart. Tredjeparten tok seg ikkje betalt direkte, men anbefalte velvillig programvare for damer på 80+ med omkring 3000 i salspåslag. Det var siste skrik av skriveprogram, nytta for eldre til å ha siste skrik, eller generelt, at ei oppgradering til det er liten, og dei hadde da eit påslag som er fleire gonger gjennomsnittleg salspris for det aktuelle produktet. Vidare kom det påstandar omkring dette med fiberutbygging, da fiberutbyggjaren var representert. Dei trong ein andel som skulle tilknytte seg fiberlina, for at ho skulle realiserast. Det vart sagt på ein elegant måte, som kan nedkokast til at det er dårleg gjort om du ikkje bestillar, betalar tilknyting, og ei årsavgift, fordi da kan det hende at andre ikkje får, og det vert jo litt di skuld.


Samfunnsnivå
Det skjer det same over heile samfunnet i ulik grad, vi kjem til å få post færre dagar i veka, fordi det skal løne seg for den einskilde transportør. Eg kan vel ikkje ha tre ulike som leverer til mi postkasse kvar dag? Postmengda vert ofte brukt som årsak, men om vi skal ha fleire som skal levere, aukar kostnaden uforholdsmessig mykje, for Postens profitt går til statskassa, og regulerast der. Dei må ikkje tene så mykje, men da vert jo frimerka dyrare, og folk sendar mindre. Dei personlege breva er historie, og vi får kjappe meldingar. Livet skal vere kjapt, og vi tilretteleggjar i alle fall ikkje for noko anna.
Som direktør i Telenor Sigve Brekke sa i Dagsnytt 18 den 19. juli, så vert det ikkje rimelegare mobiltelefoni med eit tredje landsdekkande nett. Nokon må jo betale for det!

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering