Illustrasjonsbilde med faktura fra Oslo Energi ved strømmåler. 																				Foto: Erik Johansen, SCANPIX
Illustrasjonsbilde med faktura fra Oslo Energi ved strømmåler. Foto: Erik Johansen, SCANPIX

Innan 2019 ska alle husstandar ha montert AMS, automatisk straummålar. Det har vore mykje blest om han, farane og fordelane.
Fortenesta er at ein kan unngå å «investere i nettkapasitet til de aller høyestes strømtoppene», som SINTEF Energis-Hanne Sæle uttalar. At folk ska få lågare straumrekning, og det er jo innbydande til eit betre liv i penganes samfunn.


Bakgrunn
Det er eit EU-direktiv som gjer at vi må installere dei, sidan det er ein del av norsk rett ihht EU-direktivet. At den oftast er omtala som smart, tyder på at han er intelligent, lur og noko som hjelper oss. Forbrukerinspektørane har «sjekket» om det er blitt dyrare med ny målar. Dei har fått hjelp av «Faktisk», som bekreftar at det ikkje direkte vart dyrare. Det er sant, men målaren er vektskåla, og gjer det dyrare, men andre faktorar kan vi ikkje spå om, som effektligning. At folk vaskar klede på natta vil føre til fleire brannar, dødsfall, auke i forsikringspremiar, og så vidare.


Meirkostnaden
Vi skal betale han alle i hop, ifølgje EnergiNorges nettside om nye målarar, vil det svare til 300-400 kroner per år, og det kan vare i 11-12 år, da pris per målar er i snitt per hushaldning 3500. Nokre selskap opererer med lågare investeringskostnad per målar, som 2500, andre opp mot 6500 følgje undersøkingar Norges Vassdrags- og energidirektorat har gjort.
Vidare er grunngjevinga lågare utbyggingsbehov, på grunn av lågare effekttoppar, noko som ikkje kan gis for mykje merksemd. Noregs minst sentrale kommunar hadde i åra 1998-2006 ei befolkningsnedgang på 3,5 prosent, mindre sentrale ei auke på 0,5, noko sentrale ei auke på 3,9 og dei mest sentrale kommunane ei auke på 8,6 prosent. Det viser at vi har, og vil ha utbyggingsbehov for å dekkje både noko sentrale, og mest sentrale kommunar. I 2006 hadde desse to kommunegruppane 79,4 prosent av innbyggarane, og dermed utbyggingsbehov. Dei andre må ein rekne som sannsynleg at dei fortsatt får befolkningsnedgang, og difor og manglande utbyggingsbehov. Påstanden om at vi vil sleppe dyre utbyggingar er difor feil.


Stråling
Ingen ynskjer stråling, men i dagens samfunn er dette eit aukande problem, og omfanget av problema er ikkje heilt kjende. Dette er i vårt samfunn noko som ikkje vil kome før den dagen at for mange rammast av noko. Det er som det seiast på folkemunne «nokon må døy før det skjer noko», noko klokskap er det i det.
Den problematiske strålinga frå sjølve målaren er ikkje signalet ein gong i timen, som ligg på fjerparten av kva ein mobiltelefon strålar, som vi plasserar ved hjernen. Strålinga som er oppgitt i watt er oppvarming. Radiostråling har en rekke biologiske og tekniske skademekanismar som ikkje vert omtalt i det heile. Vi siterar Einar Flydal, Ny Tid mars 2018:
«Måling av skadevirkninger. I min forrige artikkel i Ny Tid (oktober 2017) ble en rekke biologiske og tekniske skademekanismer ved radiobølget stråling nevnt. Mekanismene er kjent i faglitteraturen, men overses av trådløsnæringen. Næringen har utviklet seg i ly av romslige grenseverdier basert på at slik stråling bare kan skade ved oppvarming. Derfor er det oppvarmingspotensialet man setter grenser for. Og man knytter fortsatt målemetoden til oppvarmingsevnen – som et gjennomsnitt over flate og tid – til tross for at flere tusen forskningsrapporter dokumenterer mer subtile virkemåter som ikke kan fanges opp slik, og at trådløst gir plager og skader helt uten målbar oppvarming. Ikke minst er det de brå, sterke og korte lavfrekvente pulsene i moderne digital kommunikasjon som knyttes til et bredt spekter biologiske skadevirkninger4. AMS-målere av merket Aidon sender slike pulser hvert 0,6 sekund døgnet rundt, selv om de bare skal overføre ørlite forbruksdata en sjelden gang i blant.»


Målaren vil og bi bruka til «mottakar og sendar» for naboar, så du risikerer om du bor i eit tettbygd strøk, å få alle si stråling innom på besøk.
Bemanningsbyrå-liknande tilstander
Installasjonen av dei nye målarane er ofte utførd av innleigde montørar, via selskap som er oppretta nettopp for montering av automatiske straummålarar. Få nettselskap gjer dette sjølve. Byttet ska ta kring 30 minutt følgje fleire nettselskaps nettstader, men går ofte fortare. Montørane får fleire stader i landet betalt per målarbytte, og effektivitet (les: konkurransen) ligg her i tal på målarar montert, jo betre går det økonomisk for den einskilde. Bra for montørane, men fare for fleire branntilløp den seinare tid.
Ei anbefaling er å ikkje vaske klede om natta, det er brannfarleg, og når du har fått den nye målaren, syt for å vere merksam på varme i målaren, det er ei forsikring for eiga delom det er ein hurtigmontør.


Datalagring
Datatilsynet har utarbeidd ein rettleiar om AMS. Her står det at målesystemet kan gi detaljerte opplysningar om kva einskilde personar gjer i heimen, at straumforbruket vert registrert på timebasis, og blir sendt nettselskapet. Fyste del av setninga, gjer meg uroleg. Vidare står det at ved å analysere detaljerte data om straumforbruket kan det i framtida vere mogleg å anta, eller forutsei når personane i heimen er på ferie eller arbeid, når dei søv og er vakne, om dei tittar på fjernsyn eller brukar elektriske verktøy og utstyr, kor ofte dei vaskar klede eller om dei nyttar spesielt medisinsk utstyr. Tilsynet skriv og at bruksmønstret kan vere nyttig å vite i straumspareaugesmed, men og at det kan bli nytta til marknadsføring og reklame.
«Politiet, skattemyndighetene, forsikringsselskaper, utleiere, arbeidsgivere og andre tredjeparter kan også være interessert i informasjon om det personlige bruksmønstret», i følge Datatilsynet
Nedst i rettleiaren står det om at det er aktørar som ynskjer hyppigare avlesing, kanskje kvartersvis, eller til og med augeblikksavlesing. Datatilsynets tilråding er at dei ikkje kan sjå det som naudsynt med at avlesingsdata ska nyttast til anna enn fakturering. Den utvida bruken av data, er anbefalt av EDPS (The European Data Protection Supervisor), at nettselskapa må innhente samtykke til, før dei brukar den.

 

Les meir i papirutgåva eller eAvisa av Friheten

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

STRØMMAFIAEN

STRØMMAFIAEN

(Nr 23 - 2011) Det finnes ikke lenger grenser for spekulative påskudd de ulike strømprodusenter får seg til å servere for å øke profitten på salg av ...















Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering