Brazil's President Jair Bolsonaro REUTERS/Adriano Machado - RC1876A15990/File Photo
Brazil's President Jair Bolsonaro REUTERS/Adriano Machado - RC1876A15990/File Photo

28. oktober blei den andre runden av det brasilianske generalvalet gjennomført. Den nyfascistiske Jair Bolsonaro vann valet med 55% av dei gyldige stemmane, etter ein intens kampanje mot den sosialdemokratiske motkandidaten Fernando Haddad. Den nordlege pressa har gjerne kopla Bolsonaro til den høgrepopulistiske bølgja i Europa og USA, og somme har gitt han kallenamnet «Brasils Trump». På valdagen rapporterte NRK at «høyrepopulisten Jair Bolsonaro (65) blir Brasils neste president»1. Dette er ein historielaus projisering av den politiske situasjonen i Europa og USA til det som no skjer i Brasil, som blei styrt av eit militærdiktatur mellom 1964 og 1985. Dette militærdiktaturet har Bolsonaro erklært støtte til gjentatte gongar. Det vi er vitne til i Brasil er ikkje nokon «høgrepopulistisk bølgje», men ein gjenoppliving av fascismen.

Den offisielle historia i den nordlege pressa er at Bolsonaro vann som ein reaksjon på vald og korrupsjon. Det brasilianske samfunnet er riktignok prega av begge delar, men denne forklaringa har store hull. I statistikken for brasilianske byar finst det ingen korrelasjon mellom vald og støtte til Bolsonaro, tvert om er tendensen at motkandidaten Haddad vann i dei byane med flest mord per innbyggjar2. At Bolsonaro er kandidaten «mot vald» er ei forfalsking. Ein rapport frå Amnesty International slår fast at politiet hadde skylda for 25% av alle drap i Rio de Janeiro i 20173. Frekvensen for politidrap i USA er 0.3 blant 100.000 personar, mot 2.4 blant 100.000 i Brasil (2017) 4. Til tross for dette har den påtroppande presidenten uttalt at han vil gi politiet blankofullmakt til å drepe kriminelle (noko som sannsynlegvis vil inkludere opposisjonelle, mellom anna aktivistar frå Arbeidarpartiet og Dei Jordlause)5. «Tough on crime» gjeld ikkje når det er politiet som er kriminelle! At sigeren er var reaksjon på korrupsjon er enda ein påstand som svever mellom løgn og halv-sanning, med mindre «korrupsjon» er synonymt med «venstresida». I forkant av valet blei presidentkandidat Luiz Lula da Silva fengsla utan lov og dom for «ubestemte korrupsjonshandlingar»6 og nekta å stille, til tross for (eller fordi) at han var den klart leiande kandidaten i meiningsmålingar. Samtidig er fleire av dei valde regjeringsmedlemmane til Bolsonaro sikta for korrupsjon. «Anti-korrupsjonskampanjen» til Bolsonaro er i beste fall selektiv.

Det nyliberale og autoritære programmet til Bolsonaro maner fram spøkelset til Pinochet. Det vi kan forvente dei neste åra er mellom anna ei storstilt privatisering av statsselskap, nye utvinningsløyve for utanlandske oljeselskap, avskaffing av Arbeidsdepartementet, frislepp for politivald, ein brutal pensjonsreform, oppmyking av miljøreguleringar, frislepp for avskoging av Amazonas og avskaffing av vernet på urfolksområde. Det kan knapt kome som ei overrasking at dei borgarlege partia i Noreg ikkje har uttalt seg kritisk til den nye presidenten. For den norske imperialismen er eit program som dette å rekne som ei gåvepakke. I Equinor sin utanriksstrategi er det planlagt at selskapet skal investere 15 milliardar i Brasil fram mot 20307. Også gjennom Oljefondet investerer den norske staten tungt i Brasil – gjennom fondet eiger den norske staten over 49,2 milliardar i aksjar i landet. Det nyliberale programmet til Bolsonaro er med andre ord ein tragedie for det brasilianske folket, men ein fest for norsk imperialisme og det brasilianske borgarskapet.

Sigeren til Bolsonaro er ein del av ein reaksjonær motoffensiven mot dei progressive rørslene i Brasil og resten av Latin-Amerika. Politikken og retorikken til Bolsonaro appellerer til dei mest sjåvinistiske straumdraga i den brasilianske arbeidarklassen og småborgarskapet. Det er derimot ikkje arbeidarklassen som utgjer den viktigaste støttegruppa for Bolsonaro, ei heller er det arbeidsfolk i Brasil som kjem til å tene på det høgreradikale programmet hans. Demografiske undersøkingar av stemmefordelinga viser at Bolsonaro vann eit fleirtal av veljarane i 97% av dei rikaste byane i Brasil, mens motkandidaten Haddad vann i 98% av dei fattigaste8. Den demokratiske legitimiteten til valet er tvilsam i beste fall. I forkant av valet erklærte brasiliansk Høgasterett at 3,3 millionar veljarar ikkje fekk stemme, av di dei ikkje hadde gjennomgått biometrisk registrering9. Dette ramma i hovudsak veljarar i Nordaust, kor Arbeidarpartiet står sterkt. I innspurten til valet blei det også køyrd ein Whatsapp-kampanje som retta falske nyheiter om PT-kandidaten mot millionar av veljarar10. Fleire store brasilianske selskap finansierte denne ulovlege kampanjen med millionar av US-dollar. Dette viser at kapitalen ikkje nøler med å setje legalitet og demokrati til side når det gjeld å kjempe mot venstresida og progressive.

Det nyliberale fascistregimet til Bolsonaro kjem til å bli ein mangesidig tragedie. Ein tragedie for LHBTQ-folk, kvinner, afrokubanarar, urfolk og alle progressive i Brasil, ein tragedie for klimaet, og ein tragedie for venstreorienterte statar i Latin-Amerika som står i fare for regimeskifte i regi av alliansen USA, Colombia og Brasil. Det er på høg tid at alle progressive og demokratiske krefter stiller seg i solidaritet med det brasilianske folket. Ele Não!

Vi kjem til å leggje ut informasjon om eventuelle demonstrasjonar og andre initiativ på Facebook-sida vår raudtidblogg.wordpress.com

 

1 https://www.nrk.no/urix/bolsonaro-ny-president-i-brasil-1.14268778

2 https://www.brasilwire.com/why-bolsonaro-won-beyond-the-cliches/

3 https://anistia.org.br/noticias/25-dos-assassinatos-rio-de-janeiro-em-2017-foram-cometidos-pela-policia/

4 https://g1.globo.com/monitor-da-violencia/noticia/cresce-numero-de-pessoas-mortas-pela-policia-no-brasil-assassinatos-de-policiais-caem.ghtml

5 https://www.washingtonpost.com/graphics/national/police-shootings-2017/??noredirect=on

6 https://www.bbc.co.uk/programmes/p063dcss

7 https://e24.no/energi/equinor/equinor-satser-tungt-i-brasil-skal-investere-15-milliarder/24426645

8 https://www.estadao.com.br/infograficos/politica,bolsonaro-vence-em-97-das-cidades-mais-ricas-e-haddad-em-98-das-pobres,935854

9 https://www.bbc.com/portuguese/brasil-45635409

10 https://www1.folha.uol.com.br/internacional/en/brazil/2018/10/businessmen-fund-whatsapp-campaign-against-pt.shtml

https://www.telesurenglish.net/news/Brazils-Bolsonaro-to-Scrap-Ministry-of-Labor-20181107-0034.html

https://newsocialist.org.uk/brazils-elections-fascism-and-public-education-system/

https://jacobinmag.com/2018/10/jair-bolsonaro-quotes-brazil-election?fbclid=IwAR0GLGDu5JucXgXrPvKW1AamsDuYNSY6p5B4NRuikVmeyy5UWmVRTLw1Iwc

RSS-mating for kommentarer Kommentarer

Ny kommeentar

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 2018 - Republisering

Nettløsning ANS NyFritid Media