Alexander Kielland i 1903
Alexander Kielland i 1903

Attåt ein annan rogalending, Arne Garborg, er vel Alexander Kielland den største stilisten i norsk litteratur. Novellene hans, sjølv kalla han dei typisk nok novelleter, er velskrinve og poengterte –. Haabet er lysegrønt, Balstemning og Slaget ved Waterlo er perler i novellekunsten . Men også som romanforfattar fortener Kiellenad ein plass blant dei fremste.

Olav H. Aarrestad
Her vil ein ta for seg Arbeidsfolk frå1881. .
Kielland var samfunnsrefsar og det låg mykje kritikk av samfunnet i debutromanen Garman og Worse. Men sjølv var han ikkje heilt nøgd: Neste Gang skal jeg prøve at slaa drøiere til! skreiv han til ein onkel. Eit halvt år etter Nye novelleter kom Arbeidsfolk ut. Tittelen må ein oppfatta ironisk. Gagnlause departementsfolk har inga forståing for at verkelege arbeidarar krev røysterett:

-
I Værelset indaf Mortensens sad Kopist Ørbech… Han kom just farende ind med en Avis i Haanden: -Har De læst det, Mortensen? Nu gaar det over alle Grændser! – Læs mig den Artikel om Arbeidernes Stemmeret. At sligt skal kunde skrives, trykkes, udbredes offentlig! Ah, de burde hænges alle sammen!
Mortensen saa ligegyldigt i Bladet: - Det læste jeg i morges. Noget sludder, far!
-Sludder, Mortensen! Værre end det; opviglende, løgnagtigt, samfundsfarligt. Aa, når jeg tænker mig om, udbrød Ørbech med et bittert Smil –at her gaar de og lefler for Rakket, fraterniserer med Arbeiderne, holder taler om det gjæve Arbeidsfolket! Som om disse Daglønnere havde taget Patent paa Arbeidet, og som om vi andre ikke var andet end - end –
- Dagdrivere, supperede Mortensen.
-
Og det er nett dagdrivarar Kielland meiner dei fleste departmentsfolk er. Det som står i hovudet deira, er å koma seg ut av kontoret i arbeidstida og på kafé med ei pakke papir under armen for å gjeva inntrykk av at dei er hardt arbeidande.
Venstre hadde elles allmenn røysterett for menn og kvinner på programmet nokså tidleg. I 1884 vart røysteretten utvida til alle som betalte skatt av ei viss inntekt, og i 1898 vart allmenn røysterett for menn vedteken. Kvinnene fylgde ikkje lenge etter, i 1913 , men før den tid hadde alt Høgrekvinna Anna Rogstad kunna møta på Stortinget (frå 1911).
For Kielland var det sosial ulikskap som stod i fokus, ikkje kjønnskamp..
Under skrivinga av Arbeidsfolk har han nok vori inspirert av Strindbergs Röda Rummet (1879) der den store svensken også gjer kraftig åtak på embetsverket.
Opp mot døgeniktane i departementet set Kielland Jærbonden Njædel Vatnemo som aldri får si rettvise sak fram.
I Arbeidsfolk blir den av og til ikkje heilt realistiske realismen poetisk løfta fleire gonger, og serskilt i kapittel 12 der Noreg blir skildra i sin karrige venleik og som ein stad dit trekkfuglane alltid vender tilbake:
Sneen laa langt ned i Dalene og alenhøi i de tætte Skove. Men Søndenvinden var kommen med Regn, og så gikk det i en Ruf – ikke gradvis og frædeligt, men med Bulder og Brag og Sneskred og fossende Elve, som landet ligned en Jætte, der vasker sig, medens det iskolde Vand skyller nedover de senesterke Lemmer. Og lætte Slør av lysegrønt lagde sig over de unge Birketrær i Lierne , inde i de stille Bugter i Fjordene… Og Solen skinned saa varmt og fornøiet, og Vinden kom bærende med endu mer Varme søndefra, og tilslut Gjøgen som Overceremonimester…. Gamle Norge var endelig færdigt. Og der laa det høit og skinnende fagert i det blaa Hav.

Berre så synd at dette landet der trekkfuglane stortrivst, var så vanstyrt at mange menneske ikkje fann plass og arbeid der lenger og emigrerte utan å venda tilbake.
Også i innleiingskapittelet viser Kielland si evne til skildring av naturfenomen. Der gjeld det ein kvelande augustvarme som ingen ende vil ta, og folk i Kristiania sveittar og forbannar sola:
I Karl Johans Gade var det bedst om Formiddagen. Man kunde naa uskadt helt op til Stortingsbygningen. Men over Eidsvolldsplassen og op imod Slottet havde Solen samlet sine bedste Kræfter. De unge Trær hang med Bladene, der var lodne av graat Støv, Rispoplerne stod bent op og skjelede efter sine Skygger. Og Menneskene smuttede fra Busk til Busk som Fugle, medens Fuglene sat stille inderst ved Stammerne og plirede i Solen eller tog Støvbad i fortørkede Blomsterbed. Med opslaaede Parplyer, Hatten i Haanden og Lommertrøkledet hengende som en vaad Klud kavede nogle ulykkelige Herrer op Slottsbakken. Ved Universitetsuhret stod en vissen Gruppe av Aarets Studenter og svedede Latin ..

”Den globale oppvarminga” eller rettare lange, heite tørkeperiodar var tydeleg nok ikkje noko ukjent fenomen på Kiellands tid heller
Boka vart ansa på, dei radikale jubla og dei konservative var sure. Av mange vart Kielland skulda for ikkje å vera objektiv, ikkje ha kjennskap til det indre livet i departementa. Alt han hadde sett av byråkratane, var dei på kafé og gate med papirmappe under armen. Sjølv tok Kielland til motmæle mot objektivitetskravet. Ein måtte ha rett til å vera einsidig og ropa brann når folk var dorske og sov tungt. Dei trong ein vekkjar. Og ”Det Kanelvann med søtt og surt som man kaller objektiv, upartisk Skildring, er Tøv og Barnemad.”
Mange som har arbeidt ei tid i departement i nyare tid kan dessutan skriva under på ein del av skildringane. Framleis er det å gjera inntrykk av å arbeida og augnetenari kjende trekk. Ein finn ikkje nett meininga med livet ved å arbeida i eit departement, og ein kan undra på om der ikkje er for mange byråkratar når ein stor del av arbeidet går ut på å leiga inn dyre konsulentar til dette og hint, ofte til arbeid som byråkratane eigenleg burde vera kvalifiserte for sjølve – elles har ein jo ikkje bruk for dei. Og mange er dei, truleg altfor mange og tifalls gonger fleire enn på Kiellands tid.


RSS-mating for kommentarer Kommentarer

Ny kommeentar

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 2018 - Republisering

Nettløsning ANS NyFritid Media