Illustrasjonsfoto																																				Foto: Markku Ulander / Lehtikuva / NTB scanpix
Illustrasjonsfoto Foto: Markku Ulander / Lehtikuva / NTB scanpix

(9 - 2017) Det er fleire likskapar mellom Krim og Kosovo. Markante ulikskapar er det også.


Olje Bjerke


Historikk
Krim
På 12- hundre talet erobra mongolane under Dsjengis-khan Krim. Tartarar, stort sett frå aust i Mongolia, slo seg til der. Seinare låg Krim under Tyrkia i fleire hundre år. Frå 1736 prøvde Russland å erobre området. Dei lykkast med det under Katarina den store i 1783. Krim vart offisielt ein del av Russland i 1784. På den tida var 80 prosent av innbyggarane tartarar. Nå er dei nede på 12 prosent. Fleire deportasjonar – og spesielt den til Stalin i 1944 – forklarer den store nedgangen. Grunnen til deportasjonen var at tartarane i hovudsak støtta tyskarane under andre verdskrig.


På Krim er det i dag om lag to millionar innbyggarar. 59 prosent er etniske russarar, 24 prosent ukrainarar, 12 prosent tartarar og 5 prosent andre. 77 prosent oppgir at dei har russisk som morsmål.
I 1954 overførte Khrusjtsjov Krim frå russisk til ukrainsk administrasjon. Dette betydde lite så lenge Sovjetsamveldet eksisterte. Det vart annleis da Jeltsin oppløyste Sovjetsamveldet i 1991. Russland heldt fast ved den store marinebasen sin i Sevastopol ved sørvest kysten av Krim. Ifølgje avtale kan Russland ha 25.000 personell der. Den ferskaste avtala vart signert i 2010 av Janukovitsj, presidenten i Ukraina, og daverande president i Russland, Medvedev. Den gjeld fram til 2042.


Kosovo
Serbarane kom til Balkan på 600-talet. Frå slutten av 13 hundretalet og fyrste halvdel av 14 hundretalet tok osmanarane (tyrkarane) over styringa av Balkan. Det var inga fast grense mellom Serbia og Kosovo før etter 2. verdskrig. Å snakke om ei grense her, var for serbarane like unaturleg som om vi nordmenn skulle snakke om ei grense mellom Oppland og Norge. Den dominerande rolla til serbarane i Kosovo viser seg mellom anna i ei tyrkisk folketeljing i 1455. I fylket Braukovica (Litt mindre enn Kosovo i dag) budde det da 13.000 serbiske familiar og berre 46 albanske. Alle dei gamle kyrkjene og klostera i Kosovo vitnar også om den dominerande rolla til serbarane.


Under den fyrste Balkankrigen i 1912 vann ein allianse av Serbia, Montenegro, Bulgaria og Hellas over tyrkarane. Ein okkupasjon som hadde vara i fleire hundre år, tok dermed slutt. I 1912 var 30-40 prosent av innbyggarane i Kosovo serbarar.
Under andre verdskrig var serbarane absolutt hovudfienden for okkupantane, Tyskland og Italia. Kosovoalbanarane derimot var i hovudsak på okkupantanes side. Det førte til at mange kosovoserbarar vart drepne og enda fleire flykta. Den nyleg etablerte kommunistiske regjeringa i Jugoslavia vedtok den 6. mars 1945 at dei serbarane som flykta frå Kosovo under krigen, ikkje skulle få lov å vende heim. I 1990 utgjorde serbarane berre rundt 10 prosent av innbyggarane i Kosovo.
På Krim fekk dei som kjempa imot nazismen fordelar. I Kosovo var det motsett.


I 1991 erklærte kosovoalbanarane Kosovo som ein sjølvstendig stat og danna ei provisorisk regjering. Året etter vart Ibrahim Rugova valt til president med eit overveldande fleirtal. Dette skjedde sjølv om Kosovo framleis var underlagt Serbia. Nokre få ville ha større fart over frigjeringsprosessen. Derfor stifta dei KLA (Kosovo Liberation Army) i 1993. Dei aller fleste som stod bak stiftinga var kosovoalbanarar som budde i USA eller i Vest-Europa. KLA for brutalt fram. Det var dei klar over i FN i motsetning til storparten av norske massemedia. Den 31. mars 1998 vedtok Tryggingsrådet resolusjon nr. 1160 der det mellom anna står:
Vi ber om at den kosovoalbanske leiarskapen fordømmer alle terroristaksjonar.


KLA fekk våpen både frå USA og Tyskland. Den moderate Rugova fekk lite eller inga støtte frå andre land.
Sveitsiske Carla del Ponte var sjefsaktor ved «Det internasjonale kriminelle tribunalet for det tidlegare Jugoslavia» frå september 1999 til desember 2007. Ho stod fram som ein sterk motstandar av serbarane. Det kjem klart fram i den sjølvbiografiske boka «Madame Prosecutor» som kom ut i 2008.
I boka si nemner Carla del Ponte fleire grufulle torturhandlingar som KLA stod bak. Ho skriv også at den massive etniske reinsinga av kosovoalbanarar starta under dekke av NATO-bombinga.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

krim

kosovo


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering