• Hjem
  • Arkiv
  • Kronikk: Kva er gali med «Venstresida»?
Dei kallar det vindmølle- «park»
Dei kallar det vindmølle- «park»

DEL 2


Naturen og mennesket
I førre artikkelen peika ein på korleis Venstresida har fortrengt marxismen og no konsentrerer seg om klima, miljø og feminisme i tillegg til inntektsfordeling og offentleg drift av sjukehus, skular, institusjonar for eldre og barnehagar, men elles godtek marknadskreftene og ikkje bryr seg om vareproduksjon, dvs korleis verde vert skapte. Ein freista òg å stikka hol på klimaballongen, og vil her ta for seg ymse påstandar om det som går under nemninga miljø. .


Ein skriv med vilje naturen og mennesket i den rekkefylgja. I det ligg ei vedkjenning av at naturen er det primære, mennesket sekundært – eller rettare også eit produkt av naturen. 
Den kroppen vi er utstyrde med, er eit reint naturprodukt. Så langt har mennesket ikkje hatt den ringaste innverknad på utforminga av han eller på dei normale funksjonane som går føre seg under huda. Eit friskt menneske har ikkje den minste medvitne kontakt med t.d. levra si. Naturen går sin gang i menneskekroppen som elles i verda. Hjernen er også eit reint naturprodukt, men der finn ein den overordna funksjonen medvitet. Det er takk vera dette og to nyttige hender at mennesket har teki seg til rettes i resten av naturen. Skilnaden på bier og menneske når det gjeld bygging av bustad, hevda Marx med rette er at biene berre repeterer si form for bygging styrt av instinkt, mannen reflekter over det han har bygt, tenkjer over det og får nye idear til husbygging. Slik har han kunna endra bustad frå ei grotte til å bu i 16 etasje i ei høgblokk laga av materiale henta frå naturen, men omforma. 
Ein kan sjå på dette som eit samspel mellom menneske og natur, andre har brukt omgrepet kamp mot naturen, Venstresida ser ut til å landa på ”øydelegging av naturen” eller det ho helst kallar ”miljøet”.Omgrepet ureining av miljøet/naturen vert difor sentralt..


Øydelegging av naturen og ureining
Naturen/jordkula er i stendig endring over kortare, men som regel over lang tid. Land hevar seg over havflata, fjell vert brotne ned, naturkatasrofar – kvifor ikkje heller seia krafitge naturfenomen? – er også med på desse endringane – og plante- og dyrelivet kan endra seg i takt med dette og andre faktorar også uavhengige av menneske. Dinosaurar og andre dyre- og planteartar har kvorvi, nye har utvikla seg utan menneskeleg innverknad. Dei enorme havområda på 1,38 milliarder kubikkilometer eller 1,4 milliarder milliarder tonn ville kunne sluka heile meneskeslekta -, 7 milliardar individ - utan at det ville gje verknad på havnivået.-


Havvatn inneheld mellom 3,1 % og 3,8 % saltar, som blir tilførde gjennom forvitring av fjell og vulkansk aktivitet. Når det gjeld grunnstoff , dominerer oksygen med ca. 86%, hydrogen med 11, dinest kjem klor med 2%, natrium med 1, magnesium, svovel, kalsium, kalium , brom, karbon osb. Rekkja er endelaus. Det finst til dømes meir kvikksylv oppløyst i hava enn det som nokon gong har vorti og vil verta utnytta på land. Havvatn inneheld dessutan store mengder mikroorganismar og plankton flytande i ørsmå partiklar. Hava er frå naturen si side sterkt ”ureina”. Om menneske slepp ut 100 000 tonn av eit stoff, vil det vera mindre enn ein milliarddel av mengda av t.d. det brom som finst der ”naturleg”. Miljøaktivistane innfører eit skarpt skilje mellom menneske og natur, i den rekkefylgja, og knyter ordet ureining berre til menneskeleg aktivitet. Naturleg oppkomst av øydemarksområde er difor ikkje øydelegging av naturen, berre ei side ved han. I og for seg er korkje jordskakingar eller eller store vulkanutbrot skadelege for jordkula, men uhepne verknader er store for nære omgjevnader og ikkje minst for menneske. På den andre sida hevdar miljøaktivistar at så å seia all det mennesket gjer med naturen, er skadeleg jamvel om det aldri kan måla seg i omfang med det naturen sjølv steller til. Og om mennesket sluttar å kjempa mot/arbeida med/øydeleggja naturen, er han snøgt tilbake. Ein finn fleire døme på forlatne byar der naturen har teki fullstendig overhand (i jungel i Guatemala og Kambodsja t.d,). Om Oslo vart forlati, ville snøgt gras og blomar stikka opp i sprekkjer i asfalten. Eit vilkår for menneskelege samfunn er at naturen heiule tida vert halden i nakkesknnet.

Les mer i Friheten.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2019 - Republisering