Kåre K og den heterofile praksis
-
Kåre Kristiansenn raser.
KRF vil tillate
homofil praksis.
Men kva slags praksis
vil KK sjølv tillate?
La oss gå til manns minne:
Dei kristne Falangistane
massakrerte 4000,
(Srebrenica to gonger),
i Tel al Zaatar, Beirut,
august 1976,
Dei hadde tanks med kvite kors
levert av Israel.
Dei drap berre gutar og menn.
Det var ein heterofil massakre.
Tre år etterpå var
partiformann Kristiansen
ein velkommen gjest
hos Falangistpartiet.
Ingen andre kristne parti
i Europa
ville ha med dei å gjere.
Nye tre år, og Falangistane
heldt eit nytt blodbad
i Sabra og Shatila,
med løyve frå Sharon.
Det var stilt frå Kåre K
om slik praksis.
Han godtek torturen,
bulldosarane, gummikulene.
Og batongane – penisforlengarar
som bryt armane
på palestinske gutebarn.
Under bomberegnet i Kunduz
og Israels granat-terror,
bryr KK seg kun om
praktisk bruk av
andre sine kjønnsorgan.
Enn om KK tenkte på
praktisk bruk av hjartet?
Lappeskomaker'n -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus