Fiskeriministeren er ein ordensmann
-
Ludvigsen er kompis, han,
og dyrkar sine brør.
Han elskar sine ordensband
så sant han berre tør.
Dei Siste Dagars Heilage
har skremt den armemann.
Som Peter i Getsemane
han nektar alle band.
Dei Frie Murarane har
gitt Svein så mang ein kveik.
Nå dekker fyren sine far,
- og skal vi tru han sveik?
Den ekte broren håvar sild
og feskar torsk og sei.
Det gjer at Svein er ikkje gild
å svare ja og nei.
Herr Ludvigsen ser seg og sitt
som mål for alt på jord.
Ein slik mann blir vi ikkje kvitt
om skakinga er stor,
før vi tar fatt og bløggar han
og råskjer han for skøy,
og henger han som ordensband
på hjell i Sommarøy.
Lappeskomaker'n -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus