Himmelsk kuppelhue
-
Vi rakk så vidt å feire
dei kristeleges nei.
Da vi vakna att
var det til ubibelske tømmermenn
og nytt samrøre med Mammon.
Det gjer ikkje så mykje
for min del.
Eg har vore utpå
ein gong før dette,
og veit at dagen derpå
gir skeive hælar
og skamslåtte nuddar.
Det er verre for han der oppe.
Trass i at han laga vin i Kana,
er han urøynd med det sterke,
for himmelen er full av
losjemedlemmer vestfrå.
Han skulle ha bede
ei innstendig bøn til Kjell Magne,
men forsov seg etter festen.
Det einaste våpenet han har att
er å sende lågtrykk
inn over Vestlandet.
Berre sjå ut!
Lappeskomaker'n -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus