Flytte på jorda?
-
Amerikanske forskarar
har ein plan
dersom drivhus-effekten
blir for plagsam:
Flytte jordbanen lenger frå sola,
ved avfyring av rakettar,
slik ein gjer med satellittane,
alt for at fem prosent
av jordas befolkning
skal få bruke bil og fly som før.
Men heile jorda er for tung.
Og Kyoto ligg der det ligg.
Dei fattige vil følgje med
som nissen på lasset.
Nei, la oss slå to fluger
i ein smekk:
Bruk rakettane i skjoldet
til å lausrive USA
i ein ny bane
der dei ikkje treng
å bry seg om andre!
Er alt USA komen dit
seier du?
Lappeskomaker´n -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus