”Kva brast så høgt?”
-
(Svaret var: ”Noreg av di hand, konge”)
”Vi er komne til brestepunktet”, vedgår Jagland.
”Klimaet spring løpsk, pestbåla brenn,
femåringar har stress,
og TV er full av sex og vald.
Verda er sjuk.”
Nye tankar og ord frå det hald.
Andre har sagt det før,
og her ved skomakarbenken
har vi slege slike nuddar
i mange år.
Men kva sa media og DNA?
”Bondske nasjonalister,
nostalgiske nullvekstprofeter,
forsteinede museumsfolk”.
Og sjølvaste landsmora klipte med fingrane:
”Økonomisk vekst gir bærekraft,
økonomisk vekst gir bærekraft”,
utan å anse på kva veg det bar.
Thorbjørn har visstnok oppfatta det,
nå omsider.
Velkomen etter, Thorbjørn!
Men skaff deg kyndig los ut av uføret!
Lappeskomaker´n, til teneste. -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus